Trajansøyla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Trajansøyla».
Trajansøyla

Trajansøyla i Roma, innvigd 12. mai år 113, står midt på Trajans forum på eit lite område (16 x 23 m) og er omgjeve av offentlege bygg i minst tre høgder. Søyla kan skildrast som eit tekniskt meisterstykke. Ho er laga av sytten sylindrar av blå juni-marmor. Høgda er i alt 100 romerske fot, 29,78 meter, diameteren nær fire meter. Søyla står på eit firkanta podium, 5,37 m høgt. Søyla er hól, ei lita dør i podiet fører inn i ei vestibyle med ei spiralforma trapp med 185 steg og 43 små vindaugsspalter opp til toppen der ein statue av keisar Trajan av Romarriket stod. Statuen vart riven i mellomalderen, og vart sidan bytt ut med ein statue av apostelen Paulus.

Relieff på Trajansøyla

Då keisaren døydde i år 117, vart oska hans lagd i ei gullurne inne i sokkelen. Soga i stein om dakarkrigane vart ei veldig gravstøtte for ein krigarkeisar. Keisaren skreiv eit verk om dakarkrigane, det er no tapt. Men trajansøyla kan òg seiast å vera ein bokrull som då er ein rull i stein, og ikkje i papyrus. Kring søyla snor det seg ei 200 meter lang relieff-frise, som viser dei dakiske felttoga i 155 scener, med kring 2 500 figurar.