Trancefer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trancefer
Studioalbum av Klaus Schulze
Utgjeve 1. oktober 1981
Innspelt 1981
Sjanger Elektronisk musikk, Berlinskulen, trance
Lengd 37:23 (original)
74:41 (nyutgjeving)
Selskap IC
Produsent Klaus Schulze
Klaus Schulze-kronologi 
Dig It
(1980)
Trancefer Audentity
(1983)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars [1]

Trancefer er det 14. albumet av Klaus Schulze. Det kom ut i 1981 og igjen i 2006 med bonusspor.

Klaus Schulze spelte inn dette albumet i 1981, like før den digitale alderen slo gjennom for fullt. Musikken har ein metallisk tekstur og kalde klangfargar.[1]

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Wolfgang Tiepold spelar cello på albumet og Michael Shrieve perkusjon. Sjølv om det var det andre albumet til Schulze spelt inn med digitale instrument, har har ein god del diskant, er det eit døme på Berlinskulen som vart utvikla i 1970-åra. Det andre sporet, «Silent Running», var inspirert av science fiction-filmen Silent Running med Bruce Dern i ei av rollene.

Trancefer har ein ganske særeigen stil og arrangement. Det skil seg frå det Schulze hadde laga i 1970-åra på den måten at det ikkje er ein komposisjon som nyttar sekvenserar, transponeringar og ei hovudmelodilinje. Trancefer er meir synkopert og hovudfokuset er på dialogen mellom perkusjonane og akkordane Schulze spelar på ein Yamaha CS-80 synthesizer.

Det kom ei førehandsutgjeving av Trancefer, kalla «Trancefer half-speed cut», som bestod av 300 eksemplar med normal fart på 45RPM, og 500 kopar på 33RPM, 'halfspeed'-versjonen. Miksen er forskjellige frå originalalbumet.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Klaus Schulze.

Nr.TittelLengd
1.«A Few Minutes After Trancefer»18:20
2.«Silent Running»18:57
Bonusspor på 2006-utgåva
Nr.TittelLengd
3.«A Few Minutes After Trancefer (Version 33 Halfspeed)»18:17
4.«Silent Running (Version 45)»19:07

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Brenholts, Jim. TranceferAllmusic

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]