Tranefuglar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tranefuglar
Gråkrontrane Balearica regulorum Foto: Becky Matsubara
Gråkrontrane
Balearica regulorum
Foto: Becky Matsubara
Utbreiing
Utbreiinga av tranefuglar
Utbreiinga av tranefuglar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Infrarekkje: Kjevemunnar Gnathostomata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Tranefuglar Gruiformes
Bonaparte, 1854

Tranefuglar (Gruiformes) er ein biologisk orden med over 150 fugleartar samla i fem familiar. Artane er morfologisk mangfaldige med geografisk spreiing.

Tradisjonelt har Gruiformes samla ei rekkje vadefuglar og terrestriske familiar som ikkje synast å passe inn i andre ordenar. I ein kjerne kjem 14-15 artar av store traner, over 130 artar mindre rikser, samt familiar med ein til tre artar som symjeriksene, og trompetfuglane. Ei rekkje andre fuglar har vore plassert her mest av omsyn til ein plass å ha dei, dette har ført med seg at den utvida ordenen Gruiformes har mangla karakteristisk apomorfi. Nyare studiar indikerte at desse sære medlemmene ikkje var knytt til traner og andre kjerneartar i ordenen. Derfor har mesittar og trappar vorte løfta til sine eigne respektive biologiske ordenar, springvaktlar er sett inn i Charadriiformes, vade-, måse- og alkefuglar. [1] [2]

Familiar[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (20. desember 2010). «The Clements checklist of birds of the world: Version 6.5» (Excel spreadsheet). Cornell Lab of Ornithology. Henta 4. januar 2011. 
  2. Gill, F and D Donsker (Eds) (2010). «IOC World Bird Names (version 2.7) (Charadriiformes)». Arkivert frå originalen 15. oktober 2013. Henta 2. januar 2011.