Trans av Neil Young

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trans
Studioalbum av Neil Young
Språk engelsk
Utgjeve 29. desember 1982
Innspelt 24. september 1981 – 12. mai 1982
Studio Modern Recorders i Redwood City, Commercial Recorders i Honolulu
Sjanger Elektronisk rock, synthpop, new wave, eksperimentell
Lengd 39:48
Selskap Geffen
Produsent Neil Young, Tim Mulligan, David Briggs
Neil Young-kronologi 
Re·ac·tor
(1981)
Trans Everybody's Rockin'
(1983)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 stars[1]
Pitchfork7.8/10[2]
Rolling Stone4/5 stars[3]
The Village VoiceA–[4]

Trans er det 14. albumet til Neil Young og kom ut 29. desember 1982. Det vart delvis spelt inn og gjeven ut under den vidgjetne Geffen-tida hans i 1980-åra. Trans gjorde mange tilhengjarar desorienterte. Somme meinte at albumet var ei satirisk melding som Young prøvde å sende ut om kva retning musikken tok i framtida. Young bruker mykje vocoder på fem av ni songar. Sjølv om albumet vart dårleg motteke, peikar kritikarar på at det er mange sterke melodiar der og at Young med albumet strekkjer seg mot nye musikalske miljø, slik han hadde gjort det med Rust Never Sleeps og seinare mot grunge-miljøet.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I 1982 forlet Young Reprise Records, som hadde vore plateselskapet hans sidan 1968, til fordel for Geffen Records — selskapet som vart grunnlagd og var eigd av David Geffen, som hadde arbeidd med Young som manager for Crosby, Stills, Nash & Young. Kontrakten til Young garanterte han $1 million per album, samt total kreativ kontroll over det han gav ut.[5]

Det første albumet Young gav Geffen var Island in the Sun, eit album han hadde spelt inn hausten 1981. I følgje Young var det «ei tropisk sak, om segling, gamle sivilisasjonar, øyar og vatn.»[6] Geffen avslo Island in the Sun, og ønskte at Young skulle spele inn eit nytt album og ikkje noko han hadde skapt medan han framleis var under kontrakt med Reprise.

På denne tida var Young sterkt oppteken med å ta seg av sonen sin, Ben, som var fødd med cerebral parese og ikkje kunne snakke. Young valde å spele inn songar med vocoder både som eit nikk til dei elektroniske eksperimenta til det tyske bandet Kraftwerk og fordi det forvrengde talen hans — noko som reflekterte forsøka hans på å kommunisere med sonen. Neil Young: «På den tida prøvde han å finne ein måte å snakke på, å kommunisere med folk på. Det er det Trans handlar om, og det er derfor på plata at du veit at eg seier noko, men du kan ikkje forstå kva det er. Det er nøyaktig den same kjensla eg får frå sonen min»[5][6]

Young spelte inn seks nye songar for Trans, inkludert ei nyinnspeling av Young sin Buffalo Springfield-song «Mr. Soul» frå det andre albumet deira, Buffalo Springfield Again. Han fylte albumet med tre songar som var meint for Island in the Sun: «Little Thing Called Love», «Hold on to Your Love» og «Like an Inca».[7] Ein song, «If You Got Love», var trykt på plateomslaget, men var ikkje på albumet etter at Young ombestemte seg i siste sekund.[8]

Utdrag frå fleire songar finst i filmen til Young, Human Highway frå 1982.[9]

Trans og det neste albumet Everybody's Rockin' gjorde at Geffen i 1983 saksøkte Young fordi han med vilje lagde ukommersiell musikk som ikkje representerte det Young tidlegare hadde gjort.[5]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Neil Young.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Little Thing Called Love»3:13
2.«Computer Age»5:24
3.«We R in Control»3:31
4.«Transformer Man»3:23
5.«Computer Cowboy (aka Syscrusher)»4:13
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Hold On to Your Love»3:28
2.«Sample and Hold» (8:03 på CD-utgåver)5:09
3.«Mr. Soul»3:19
4.«Like an Inca» (9:46 på CD-utgåver)8:08

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. William Ruhlmann. «Trans - Neil Young | Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 1. mars 2019. 
  2. Sodomsky, Sam (19. februar 2017). «Neil Young: Trans». Pitchfork. Henta 1. mars 2019. 
  3. Puterbaugh, Parke (3. februar 1983). «Neil Young Trans Album Review». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 31. august 2016. Henta 1. mars 2019. 
  4. Christgau, Robert (1. mars 1983). «Consumer Guide». The Village Voice. Henta 1. mars 2019. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Clancy, Chris. "From the Vault: Neil Young. Arkivert 2014-01-06 ved Wayback Machine." Money, 2. september 2010.
  6. 6,0 6,1 Kent, Nick. "I BUILD SOMETHING UP, I TEAR IT RIGHT DOWN: Neil Young at 50." Mojo, desember 1995
  7. http://human-highway.com/pages/album/IITS.html
  8. Album Review[daud lenkje] Parke Puterbaugh, RollingStone.com, 3. februar 1983, Henta 29. oktober 2010
  9. Human Highway film credits

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]