Transformer av Lou Reed

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Transformer
Studioalbum av Lou Reed
Utgjeve 8. november 1972
Innspelt august 1972 i Morgan Studios i London
Sjanger Glamrock
Kunstrock
Lengd 36:40
Selskap RCA Records
Produsent David Bowie, Mick Ronson
Kritikk
Lou Reed-kronologi
Lou Reed
(1972)
Transformer Berlin
(1973)

Transformer er det andre studioalbumet til den amerikanske rockemusikaren Lou Reed, gjeven ut i november 1972.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I motsetnad til føregjengaren Lou Reed, inneheldt Transformer hovudsakleg nye songar. Fire av dei er derimot frå The Velvet Underground-dagane: «Andy's Chest», «Satellite of Love», «Goodnight Ladies» og «New York Telephone Conversation».

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Transformer vart produsert av David Bowie og Mick Ronson, som begge var særs inspirert av Reed sitt arbeid med Velvet Underground. Bowie hadde omtalt Velvet Underground på plateomslaget til albumet Hunky Dory og ofte spelt både «White Light/White Heat» og «Waiting for the Man» på konsertar og på BBC i 1971–1973. Han spelte til og med inn «White Light/White Heat» for å ha den med på Pin-Ups, men han vart aldri gjort ferdig. Ronson nytta dette opptaket på som akkompagnement på soloalbumet sitt Play Don't Worry i 1974.

Mick Ronson var på denne tida sologitarist i bandet til Bowie, The Spiders from Mars, og spelte ei stor rolle i innspelinga av albumet, som medprodusent og den viktigaste studiomusikaren (med gitar, piano, blokkfløyte og korvokal) og arrangør- Han er særleg kjend for det svulstige strykearrangementet for «Perfect Day». Reed hylla mellom anna bidraga til Ronson i Transformer-episoden av dokumentarserien Classic-album og trekte særleg fram korleis vokalen vart tona ut for å trekke fram strykarane. Sognane på albumet er no av dei mest kjende songane til Reed, som «Walk on the Wild Side», «Perfect Day» og «Satellite of Love», og den kommersielle suksessen til albumet heva han frå kultstatus til ei internasjonal stjerne.

«Andy's Chest» hadde vorte spelt inn i 1969 for The Velvet Underground sitt «tapte fjerde album» (sjå VU og Another View) og demoar av «Satellite of Love» vart produsert for Loaded frå 1970, men ingen av dei vart nytta. For Transformer vart desse songane gjort langsamare. Sjølv om alle songane på albumet er tilskriven Reed, var det lenge rykte om at «Wagon Wheel» i røynda var skriven av David Bowie.[6] Sjølv om det ikkje finst nokre kjende framføringar av «Vicious» av the Velvet Underground, skal songen kome frå tida då Reed var i bandet og tilknytta Andy Warhol. I følgje Reed skal Warhol ha sagt til Reed at han burde skrive ein song om nokon vondskapsfulle (vicious). Då Reed spurte han kva han meinte, skal Warhol ha sagt: «Oh, you know, vicious, like I hit you with a flower.»[7] Songen «Goodnight Ladies» hentar tittelen frå siste linja av den andre delen av T. S. Eliot-diktet The Waste Land: «Good night, ladies, good night, sweet ladies, good night, good night.»

Plateomslaget var eit bilete av Mick Rock.[8]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

I 1997 vart Transformer kåra til det 44. beste albumet gjennom tidene av ei Music of the Millennium-undersøking gjort i Storbritannia av HMV Group, Channel 4, The Guardian og Classic FM. Transformer er òg rangert på 55. plass på lista til NME over dei største albuma gjennom tidene. I 2003 vart albumet rangert på 194. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.[9] Ho er òg på lista til Q ove rdei 100 største albuma nokon sinne.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Lou Reed

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Vicious»   2:58
2. «Andy's Chest»   3:20
3. «Perfect Day»   3:46
4. «Hangin' 'Round»   3:35
5. «Walk on the Wild Side»   4:15
Side to
# Tittel Lengd
6. «Make Up»   3:00
7. «Satellite of Love»   3:42
8. «Wagon Wheel»   3:19
9. «New York Telephone Conversation»   1:33
10. «I'm So Free»   3:09
11. «Goodnight Ladies»   4:31

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

Listeplassering[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1972 Billboard 200 29
1973 Storbritannia 13

Kjelder[endre | endre wikiteksten]