Transgresjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Transgresjon er ei geologisk hending der havnivået stig relativt til land og kysten flyttar seg lenger inn på land og fører til flaum. Transgresjon kan anten skje ved at landet søkk eller ved at havbasseng vert fylt med vatn eller krympar.

Under krittida førte havbotnsspreiing til at det vart danna eit relativt grunt Atlanterhavsbasseng på kostnad av Stillehavet. Dette reduserte kapasiteten til verdshava og førte til at havet steig innover land. Dette førte til at sentrale delar av Nord-Amerika vart lagt under vatn og skapte Western Interior Seaway frå Mexicogolfen til Nordishavet.

Det motsette av transgresjon er regresjon, der havnivået søkk relativt til land og tidlegare havdekte område vert tørrlagde. Under istidene i pleistocen vart så mykje vatn lagra i isbreane at havnivået gjekk ned 120 meter slik at mellom anna Beringsundet mellom Alaska og Asia vart tørrlagd.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]