Transitive verb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Transitive verb vert kalla så for di handlinga desse verba merkjer av, kan gå over på objektet, slik at objektet vert påverka av handlinga.

Transitive verb er til dømes:

  • Eg målar huset
  • Bjørnen åt sauen.
  • Bonden har skote bjørnen.
  • Du kan selje skinnet.

Ein tommelfingerregel for å skilje transitive verb frå intransitive, er å spørje: Går det an å (verbet) nokon? I døma ovanfor er svaret på eit slikt spørsmål alltid ja: Det går an å måle nokon, å ete nokon, å skyte nokon og å selje nokon.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]