Transnistriakrigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Transnistriakrigen
Transnistria-map.png
Kart over Moldova og Transnistria
Dato 1992
Stad Moldova
Resultat De facto sjølvstende for Transnistria
Partar
Flag of Transnistria.svg Transnistria

Flag of Russia.svg Russiske frivillige
UKraina Ukrainske frivillige
Flag of Russia.svg Den 14. russiske hæren

Moldova Moldova
Tap
823 transnistrianarar[1], 90 kosakkar[2] og eit ukjend tal på andre falne 279 soldatar[3], om lag 400 sivilie

Transnistriakrigen eller Transnistriakonflikten var ein væpna konflikt mellom Transnistria sin republikanargarde, milits og kosakkar, støtta av den 14. russiske hæren, og moldoviske politimenn og troppar i 1992.

Striden starta derimot så tidleg som i november 1990 ved Dubăsari (russisk Дубоссáры, Dubossary), men kampane intensiverte seg frå 1. mars 1992 då det nyleg sjølvstendige Moldova vart tatt opp i SN. Det var fleire mellombelse våpenkviler gjennom sommaren, men det var først 21. juli at det vart permanent våpenkvile mellom dei to områda.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Før Sovjetunionen okkuperte Bessarabia og Nord-Bukovina og oppretta Moldovsk SSR i 1940, var området av Moldova vest for elva Dnestr ein del av Romania (1918-1940). Før Moldovsk SSR vart oppretta var Transistria ein del av Ukrainsk SSR som ein autonom republikk kalla Den moldovske autonome sovjetiske sosialistrepublikken med kalla Tiraspol som hovudstad. Trass i at Trasnistria hadde særs få moldovarar vart det likevel ein del av Moldovsk SSR.

Mot slutten av sovjettida då Mikhail Gorbatsjov endra landet med perestrojka og glasnost fekk mange område som ikkje primært hadde vore russiske før Sovjetunionen auka nasjonalkjensle. I 1989 innførte Moldovsk SSR moldovsk språk som det offisielle språket i republikken, og gjekk tilbake til latinsk alfabet. I 1990 vedtok dei òg å gå tilbake til sitt tradisjonelle flagg og våpen, og endra nasjonalsongen sin til Deşteaptă-te, române!. Seinare same året vart orda «sovjet» og «sosialist» droppa frå namnet og landet vart «Republikken Moldova». Alle desse hendingane, fallet til kommunismen i Romania og ei viss opning av grensene mellom Romania og Moldova førte til at mange i Tranistria trudde at ei samling av Romania og Moldova var nært føreståande, slik at Trasnistria òg vart ein del av Romania.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]