Traverskran

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Traverskran
Foto: Oxam Hartog
Skjenegåande traverskran i Torneå i Finland.

Ei traverskran er ei løfteinnretning som kan gå i tre plan (vertikalt og 2 horisontale plan). Ho består av ei kranbru montert på ein eller fleire laupekatter med eit heismaskineri. Desse kan vere monterte overliggjande eller underhengjande på kranbrua, avhengig av kor stor plass som er tilgjengeleg. Kranbrua er understøtta av hjul som går på skjener langs ei kranbane. Kranbrua kan vere montert overbyggjande på skjener eller underhengjande på bjelkar. Korleis krana er bygd opp avheng av spennvidde, løftekapasitet og løftehøgd. Traverskraner vert mykje nytta både på land og utaskjers.

Kranene finst med forskjellig type styring. Ei hytte som er underhengjande på kranbrua er vanleg når krana vert mykje bruka (til dømes heile dagen) og takhøgda er stor. Då sit føraren i hytta og styrer krana derifrå. Hytta følgjer rørslene til krana, noko som gjev god oversikt til det som skal løftast. Eit anna vanleg type er tablåstyrte traverskraner. Krana blir då styrt ved hjelp av eit tablå som heng ned frå kranbrua. Den tredje mest vanlege styringa er radiostyring, òg kjent som fjernstyring eller trådlaus styring. Dette føregår ved hjelp av ein trådlaus kontroll som let kranføraren halda større avstand til krana ved farleg løfting som til dømes i smelteverk.

Ved køyring av traverskran skal føraren alltid ha dokumentert opplæring som kan utferdast av arbeidsgjevar. Om det er fare for liv og helse skal opplæringa vera sertifisert. Sertifisering kan ikkje utførast av arbeidsgjevar, men berre av eit offentleg godkjent sertifiseringsorgan. Det finst forskjellige typar traverskraner, tilpassa bruksområdet. Søylesvingkran fell ikkje under traverskran, men same opplæringsreglar gjeld.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Traverskran