Treaty House

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det restaurerte Traktathuset i Waitangi.

Treaty House (Traktathuset) viser på New Zealand til det tidlegare huset til den britiske statlege representanten på New Zealand, James Busby. Waitangitraktaten, dokumentet som grunnla den britiske kolonien New Zealand, vart underteikna på eigedommen til Traktathuset den 6. februar 1840.

Eigedommen hadde tidlegare vore stad for ei viktig hending, underteikninga av Declaration of the Independence of New Zealand i 1835. Huset og eigedommen var på private hender fram til 1932, då dei vart kjøpte av generalguvernøren, Viscount Bledisloe, som gav dei til nasjonen. Dei vart overleverte som eit nasjonalt minnesmerke i 1934, under ein seremoni der tusenvis av menneske var til stades, både Pākehā og Māoriar, til og med Māorikongen. Her fann ogå ei anna større markering stad, i 1940, då hundreårsjubileet for underteikninga av traktaten vart feira.[1] Sidan 1947 har ein her feira den årlege Waitangidagen.

Bygningshistorie[endre | endre wikiteksten]

Traktathuset vart bygd i 1833-34 for Busby og familien hans. Det er ein av dei eldste bygningane som står på New Zealand. Opphavleg bestod bygningen av to hovudrom, pluss ein inngangshall, veranda, og ein frittståande bygning på baksida som inneheldt kjøkken og rom for tenarar. Busby tykte huset var for lite for ein mann i hans posisjon, men for å vera i 1830-åra på New Zealand, var det eit stort hus. Det vart påbygd i 1830- og -40-åra med to fløyar og eit halvtaksskur[2].

Eigedommen var i Busbyfamilien si eige fram til 1882, då han vart seld til ein lokal bonde. I alle fall gjennom nokre av dei følgjande åra vart huset brukt til landbruksføremål, mellom anna til saueklipping. Bygningen forfall, trass i freistnadar på å få han inn under offentleg eige. Dette lukkast i 1932, då Bledisloe kjøpte eigedommen, og huset vart seinare restaurert av den leiande arkitekten W.H. Gummer[3]. Dette var ein av dei første større statlege restaureringar av ein historisk bygning på New Zealand. I førebuinga til 150 års jubileet for traktatsigneringa i 1990 vart huset endra på for å gje ei meir nøyaktig førestilling av korleis det kan ha sett ut i 1840[2].

Te Whare Runanga (Māoriane sitt møtehus).

Huset har vore i kategori I hjå New Zealand Historic Places Trust sidan 1983. Det inneheld eit museum retta mot Waitangitraktaten og det daglege livet i huset midt på 1800-talet. Ein annan stad på eigedomen står eit māori møtehus, whare runanga, dekorert med utskjeringar, og den store krigskanoen, Nga Toki Matawhaorua, begge bygde til jubiléet i 1940[2].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Reed, V.H. (1957), Gift of Waitangi
  2. 2,0 2,1 2,2 Om Traktathuset hjå New Zealand Historic Places Trust - Pouhere Taonga
  3. Lovell-Smith, Melanie (2000) ‘History and Historic Places: Some Thoughts on History and Historic Places in New Zealand during the Late Nineteenth and Twentieth Centuries’, MA thesis, University of Auckland, p.56

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 35°15′57″ S 174°4′54″ E