Trebević

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 43°49′24″ N 18°26′56″ E
Trebevic
fjell
none  Trebevic sett frå Sarajevo
Trebevic sett frå Sarajevo
Land Flag of Bosnia and Herzegovina.svg Bosnia-Hercegovina
Fjellkjede Dei dinariske Alpane
høgd 1 627 moh
koordinatar 43°49′24″ N 18°26′56″ E
Dinarides relief location map.jpg
Locator Red.svg

Trebević er eit fjell sentralt i Bosnia-Hercegovina, like søraust for Sarajevo ved sida av fjellet Jahorina. Trebević er 1 627 meter høgt, og det nest høgaste av fjella omkring Sarajevo.

I mellomalderen vart Trebević kalla Zlatni Do. Under Vinter-OL 1984 var Trebević, som fleire andre fjell rundt Sarajevo, åstad for fleire øvingar, slik som bobslede. Under kringsetjinga av Sarajevo hadde Trebević ei mørkare rolle sidan høgda var ein ideell stad for setje ut artilleri, og fjellet vart det viktigaste kampområdet.

I dag er ikkje Trebević eit like viktig turistmål som Igman eller Bjelašnica, hovudsakleg på grunn av dei harde kampane som fann stad her tidleg på 1990-talet. Dei fleste landminene er i dag tatt bort, og ein høyrer ikkje lenger om sivile offer for minene. Det ligg fleire hotell, fjellhytter og liknande i området rundt fjellet.