Trebišnjica

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trebišnjica
elv
Land  Bosnia-Hercegovina,  Montenegro  Kroatia
Nedslagsfelt 4 926 km²
Renn gjennom Dubrovnik
Lengd 187 km
på overflata: 98 km
Kjelde Frå to småelvar i fjella Lebršnik og Čemerno
Munning Čapljina i Neretva, fleire små vrulje nær Slano i Kroatia, Trebišnjica ved Dubrovnik
Kart
Trebišnjica
42°42′45″N 18°20′51″E / 42.7125°N 18.3475°E / 42.7125; 18.3475
Wikimedia Commons: Trebišnjica

Trebišnjica (serbisk Требишњица) er ei elv i Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Kroatia. Ho renn 98 km på overflata og 187 km totalt både under og over bakken, og ho er ei av dei lengste elvane i verda i sitt slag.

Øvre del[endre | endre wikiteksten]

Elva renn gjennom eit karst-dominert (kalkstein) område, og Trebišnjica er eigentleg eit komplekst system av elvar både over og under bakken. Ho har sitt utspring i Bosnia-Hercegovina frå to småelvar i fjella Lebršnik og Čemerno:

  • ei elv, kalla Mušnica, renn frå den austlege til den vestlege grensa av Gatačko Polje (Gackosletta). Ho renn gjennom innsjøen Klinje og forbi fleire busetnadar før ho forsvinn ned i bakken vest for fjellet Baba.
  • den andre elva, kalla Gračanica, renn frå fjellet Čemerno og inn på Gatačko Polje før ho renn i hop med Mušnica nær Srđevići.

Elva dukkar opp igjen på Fatničko Polje (Fatnicasletta) med namnet Fatnička reka eit kort stykke, før ho går under jorda igjen.

Midtre del[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha gått under jorda i totalt 30 km strøymer fleire småelvar ut frå fjellet nær byen Bileća, og dei samlar seg saman til elva Trebišnjica. Elva renn sørover og er demma opp ved landsbyen Gornje Grnčarevo og den kunstige innsjøen Bilećasjøen. Den vestlege breidda av innsjøen høyrer til Montenegro.

Elva snur så vestover og inn på Trebinjsko polje (Trebinjesletta), og så inn i ein nytt lite reservoar. Elva held så fram sør for fjellet Bjelašnica og ut på Popovo Polje (Prestesletta), den største karstlsletta på Balkan. Her forsvinn ho ned i fleire hol i bakken.

Nedre del[endre | endre wikiteksten]

Vatnet frå Trebišnjica frå Popovo Polje kjem opp til overflata igjen som tre separate elvar:

  • Fleire undergrunnselvar (kalla vrulje; kokande vatn) nær den vesle hamnebyen Slano i Kroatia, nordvest for Dubrovnik.
  • Etter 20 km under bakken kjem Trebšinjica opp igjen som ei lita elv i den svære grotta nær Gruž, i vestlege delar av Dubrovnik. Elva vert her kalla Ombla (Umbla eller Dubrovačka rijeka; Dubrovnikelva). Ho er berre 4,2 km lang, men svært brei og kraftig (middelvassføringa er 24 m³/s). Fleire forstadar i Dubrovnik ligg langs denne delen av elva. Vatn frå elva har vore brukt i vassverk i Dubrovnik sidan 1437.

Det totale nedslagsfeltet til Trebšnjica er 4 926 km², der om lag 600 km² renn ut i Neretva gjennom Čapljina. Nedslagsfeltet til den sentrale og lengste delen av elva dekkjer 2 225 km².

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Mala Prosvetina Enciklopedija, Third edition (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2
  • Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6