Trecento-madrigal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Trecento-Madrigal (eller berre Madrigal) er nemninga på ein verdsleg songstil som vart utvikla i Italia1300-talet. Stilen blømde i tida frå om lag 1350 til 1390. Denne madrigaltypen har lite å gjera med den seinare madrigalen frå 1500-talet.

Desse madrigalane er oftast tostemmige, ein sjeldan gong trestemmige. Understemma er ein langsom melodi som overstemma improviserar rundt. Stundom kan dei to melodiane ha ulik tekst. Denne verdslege forma skal ha utgangspunktet sitt i Conductus-prinsippet som vart utvikla i hundreåret før, under Ars Antiqua-perioden. Understemma kan sjåast som ein variant av Cantus Firmus.

Hovudkjelda til denne songstilen kan finnast i Rossi-kodeksen, som vart til i andre helvta av 1300-talet. Mange av dei italienske trecento-komponistane var øvde i stilen, mellom dei Jacopo da Bologna og Francesco Landini.