Tredje Framferda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
For Fridtjof Nansen sin ekspedisjon med same namn sjå Nansens Fram-ekspedisjon
«Fram» i drivis.
Foto: Steve Nicklas
Roald Amundsen

Tredje Framferda var ein norsk Antarktisekspedisjon leia av Roald Amundsen, og den første ekspedisjonen som nådde den geografiske sørpolpunktet. I åra 1910 til 1913 reiste Amundsen med «Fram» til Hvalbukta der han førde hundar og utstyr i land og sette opp vinterkvarter. «Fram» hadde tidlegare vorte nytta to gonger i Arktis. Frå basen Framheim ved Hvalbukta drog han med hundesledar mot Sørpolen, som han nådde den 14. desember 1911, 34 dagar før rivalen Robert Falcon Scott frå den britiske Terra Nova-ekspedisjonen, i det som har vorte kalla «kappløpet om Sørpolen».

Amundsen hadde opphavleg tenkt å bli den første til nå Nordpolen frå Alaska, men under førebuingane til denne ekspedisjonen kom det meldingar om at Frederick Cook og Robert Peary alt hadde nådd den nordlege polen, og Amundsen endra planane sine i all løyndom. Først etter at ekspedisjonen segla ut frå Noreg vart besetninga og omverda underretta om dei nye planane.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare ekspedisjonar[endre | endre wikiteksten]

James Clark Ross.
Måleri av John R. Wildman

Rosshavet var tradisjonelt arbeidsområdet til britiske antarktisekspedisjonar. Dette starta med James Clark Ross, som mellom 1839 til 1843 gjorde tre ferder til Antarktis med skipa HMS «Erebus» og HMS «Terror». Han drog lenger sør enn nokon annan hadde gjort før han. Ei rekkje geografiske oppdagingar vart gjort og mange objekt vart namngjeve, og fleire stader er oppkalla etter han (Rosshavet, Ross Island og Rossbarrieren[A]. Tidleg på 1900-talet byrja britane igjen å reise til Antarktis, for første gong sidan Ross, med Discovery-ekspedisjonen (1901–04), Nimrod-ekspedisjonen og Terra Nova-ekspedisjonen – alle med hovudkvarter ved McMurdo Sound.

Allereie i 1894/95 var det norsk aktivitet i dette området. Ein kvalfangstekspedisjon finansiert av Svend Foyn drog til Rosshavet for å kartleggje kvalførekomstane, og ei gruppe på åtte menn gjekk i land på Kapp Adare i Victoria Land. Eit medlem av denne gruppa, nordmannen Carsten Egeberg Borchgrevink, reiste for eiga rekning til den sjette internasjonale geografikongressen i London. Her tilbaud han seg å leie ein ekspedisjon som skulle vere den første til å overvintre på det antarktiske kontinentet. Han overtydde deltakarane på kongressen – blant anna med moseprøvar han hadde med seg frå Antarktis som beviste at der var liv under det antarktiske isdekket – og vekte interessa for ei ny vitskapleg utforsking av Antarktis.

Våren 1898 sa George Newnes seg villig til å finansiere ekspedisjonen mot å få førsteretten til historia. Denne ekspedisjonen, kalla Southern Cross-ekspedisjonen, vart den første til å overvintra i Antarktis og den første til å oppsøkja Rossbarrieren sidan James Clark Ross i 1839–43. Borchgrevink viste at barrieren ikkje berre var ei hindring, men òg ein måte å kunne kome seg sørover på. Han demonstrerte òg nytten av hundar og ski i Antarktis.[1] Ekspedisjonen var alt utstyrt etter den «nye norske skulen for polarforsking».[2]

Denne «nye skulen» vart danna av Fridtjof Nansen då han sommaren 1888 kryssa Grønland frå aust til vest. Med det opna han ikkje berre den norske polarforskinga og vart ein person mange nordmenn identifiserte seg med, men han opna òg nye vegar innan polarteknikk. I staden for å bruke dei då tradisjonelle sledane valde Nansen å bruke lettare sledar som gjekk på ski. Han nytta vitskaplege metodar for å utvikle eigne klede, telt og kokeutstyr, og kva mat som var høvde seg å ha med på ein slik ekspedisjon. Utstyret måtte ha låg vekt, slik at det vart lettare for mannskapet å ta seg fram i felten. I tillegg vart det lagt stor vekt på å nytte hundar.[3] Bruken av ski vart noko av kjernen i polarforsking. Nordmenn meistra skigåing betre enn mange av dei andre sidan ski hadde vore eit transportmiddel og ein del av kulturen i dei skandinaviske nasjonane i fleire tusen år.

Ekspedisjonen til Nansen gjorde eit så stort inntrykk på den unge Amundsen[4] at han i 1903 drog avstad på sin eigen ekspedisjon. Som førstemann tok han seg gjennom heile Nordvestpassasjen med skipet «Gjøa». Erfaringa Amundsen fekk som andrestyrmann på «Belgica» under Belgica-ekspedisjonen og kunnskapen han lærde av inuittane, danna eit viktig grunnlag for planlegginga av Fram-ekspedisjonen. Under ekspedisjonen med «Gjøa» hausta Amundsen for første gongen røynsle med hundar og hundesledar, og han studerte teknikkane til inuittane innan bygging av igloar og framstilling av klede.[5]

Fram-ekspedisjonen[endre | endre wikiteksten]

Fridtjof Nansen

Tilbake i Noreg byrja Amundsen å planleggje ein ekspedisjon i det arktiske bassenget, der han ville la seg drive over polhavet slik føregjengaren hans hadde gjort, og prøvde å nå Nordpolen som framleis var uoppdaga. Huntford mistenkte at sistnemnde var hovudmålet hans,[6] medan den vitskaplege utforskinga av det arktiske bassenget vart skove fram for å oppnå større økonomisk støtte. Amundsen vendte seg til Fridtjof Nansen for å be om å få låne «Fram». Dette skipet var i utgangspunktet statleg eigedom, men sidan Nansen tilhøyrde den øvste eliten innan polarforsking i Noreg og sjølv gjekk med tankar om ein eigen ekspedisjon, såg Amundsen det naudsynt å be førebiletet sitt om å låne han skipet, noko han òg gjorde.[7] Den 10. november 1908 gjorde han planen sin kjent for offentlegheita, og alt dagen etter mottok han 20 000 kronar frå kongeparet. Etter at Stortinget garanterte ei delvis tilbakebetaling av gjelda etter Gjøa-ekspedisjonen, drog Amundsen til USA for å halde ein foredragsturné for å skaffe ytterlegare finansiering. Tidleg i 1909 hadde Amundsen klart å skaffe ein fjerdedel av dei naudsynte midlane, men det tok si tid før han fekk fleire donasjonar. Den 9. februar 1909 løyvde Stortinget han 75 000 kroner, og tillet han å bruke «Fram» til sine føremål.[8]

Tidleg i september 1909 nådde meldinga fram til Amundsen om at både Cook og Peary hevda å ha nådd Nordpolen. Desse påstandane er framleis omstridde, og etter den første meldinga frå Cook, som han mottok 1. september, uttalte Amundsen at denne meldinga ikkje ville påverke planane hans «på nokon måte».[9] Den 7. september mottok Amundsen ei ny melding om at Peary hadde nådd Nordpolen, og han vart då tvinga til å handle.[10] Han vedtok å forskyve den opphavlege planen sin med eit år eller to, og i mellomtida heller freiste å skaffe dei manglande midlande for den komande utforskinga av Nordpolbassenget.[B]

Robert Falcon Scott

13. september fekk Amundsen vita at Robert Falcon Scott planla ein eigen ekspedisjon til Antarktis i august. Dagen etter annonserte Amundsen at starten på ekspedisjonen hans skulle flyttast til 1. juli 1910.

Personell[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Mannskap på tredje «Fram»-ferda.

Amundsen såg på ulike personlege aspekt under valet sitt mannskap til ferda si, mellom anna korleis ein ville gli inn i det sosiale miljøet, kor flinke dei var på arbeidsområda som var relevante for ekspedisjonen, kor nyfikne dei var og kor handlekraftig dei var. I følgje Huntford endra han stadig vurderingane sine før det endelege valet vart gjort.[11] I tillegg til ein så høg fagleg kompetanse som mogleg, lang røynsle innan polarforsking, meistring av skigåing og handtering av hundar, forlangte han at mennene var vant til einsemd og hardt arbeid utandørs.[12]

Sverre Hassel.
Foto: Anders Beer Wilse

Amundsen mottok ei rekkje søknader. Som nestkommanderande valde han først Ole Engelstad, ein kommandørkaptein i den norske marinen. Under testing av ein «mannløftende drage» vart han råka av lynet og omkom,[13] og Thorvald Nilsen vart så valt som nestkommanderande. Olav Bjaaland kom ombord etter at han tilfeldigvis hadde støytt på Amundsen i Lübeck. Amundsen hadde nemnt noko om ein ekspedisjon under ein samtale, og Bjaaland ville gjerne delta på ein ny ekspedisjon. Sidan Bjaaland var ein utmerkt skiløpar og tømrar, tok Amundsen han med.[14]

Eit anna medlem av ekspedisjonen var Helmer Hanssen, som hadde følgt Amundsen under Gjøa-ekspedisjonen. Han vart med som islos og hundeførar. For å ha ein god kokk valde Amundsen Adolf Lindstrøm, som òg hadde vore med under Gjøa-ekspedisjonen. Sommaren 1901 vart han kjend med Oscar Wisting, ein marineoffiser som jobba på «Fram» ved verftet i Horten. Wisting var i utgangspunktet ikkje noko god skiløpar, og hadde heller inga røynsle med hundar, men han var tilpassingsdyktig, villig til å lære og pragmatisk gemytt. Amundsen valde òg menn som kunne underkaste seg han utan problem. Som andre islos tilsette han ishavsskipparen Andreas Beck.

Amundsen nekta å ta med ein lege på ekspedisjonen. Han ville gjerne ha med seg apotekaren Fritz Zapffe, ein ven og agent i Tromsø, men sidan han ikkje kunne delta, sende han overstyrmannen Gjertsen og Wisting på kurs i tannbehandling og kirurgi.

Hausten 1908 mottok Amundsen eit brev frå Nansen om at han burde ta med seg Hjalmar Johansen. Han hadde følgt med Nansen under ekspedisjonen hans mot Nordpolen og var ein dugeleg hundeførar. Johansen hadde vorte alkoholikar etter ekspedisjonen med Nansen, og Amundsen frykta òg at den eldre Johansen, som òg var ein betre skiløpar og veldig ambisiøs, kunne truge autoriteten hans. Sidan Johansen hadde redda livet til Nansen under ekspedisjonen deira, insisterte sistnemnde på at Amundsen måtte ta han med på ekspedisjonen, og Amundsen måtte føye seg.[15]

Førebuingar[endre | endre wikiteksten]

Finansiering og utrusting[endre | endre wikiteksten]

9. februar vedtok stortinget å låne Amundsen «Fram», og å gje 75 000 norske kroner til naudsynte reparasjonar og førebuingar,[8] i tillegg til at det hadde nedbetalt delar av gjelda etter ekspedisjonen med «Gjøa». Mange føretak donerte bort utstyr til ekspedisjonen, inkludert den norske hæren som stilte utstyr til disposisjon.[16] Ytterlegare middel vart gjeve av Kongen og Dronninga (30 000 kroner[17]) og frå privatpersonar, blant anna frå Don Pedro Christophersen. Christophersen, som budde i Argentina, dekte alle kostnader i samband med «Fram» si ferd frå Buenos Aires til isbarrieren og tilbake til San Francisco, via Buenos Aires.[17]

Etter det vart kjend at Cook og Peary hadde nådd Nordpolen vart det vanskeleg å skaffe meir pengar. Òg Stortinget avslo ein søknad om å auke midlane med 25 000 kroner. Amundsen fann seg no i ein situasjon med nær 150 000 kroner i underskot. Han brydde seg derimot ikkje så mykje om eit balansert budsjett, fordi han visste at om han vart den første til å nå Sørpolen, ville alt bli tilgjeve. Han tok derfor opp eit lån, og belasta sitt eige hus med 25 000 kroner.[18]

For å få nok sledehundar reiste Amundsen til København der han kjøpte 100 grønlandshundar av det Kongelege Grønlandske Handelsselskap[D] som skulle leverast i Danmark i juli 1910. Amundsen var overtydd om at dei ville vere langt betre enn ponniane som Scott nytta som hovudtransportmiddel.[19] Selskapet gjekk med på å sende hundane med «Hans Egede» til Kristiansand utan ekstra kostnader for Amundsen.[19]

Ferdighytta dei hadde med, som var 7,8 m lang og 3,9 m brei, vart bygd ved heimstaden til Amundsen i Bundefjord, og seinare demontert og pakka for å bli sett opp i Antarktis. Hytta hadde to rom, der det eine fungerte som eit kjøken og eit fungerte som eit soverom, spisestove og stove. Der fanst òg eit loft, som vart brukt til lagring av rekvisita. Sledane til landgruppa var 3,6 m lange og vog i utgangspunktet 75 kg, før vekta i løpet av vinteren i gjennomsnitt vart redusert til 24 kg. Skia var laget av hickory, som var eit elastisk og sterkt material. Skilengda var 1,8 m.[20]

Mål og plan[endre | endre wikiteksten]

Kart som viser rutene Scott (blå) og Amundsen (grøn) følgde til polpunktet. Scott nådde polpunktet først han 17. januar 1912, 34 dagar etter Amundsen.

Amundsen freista å få tak i all tilgjengeleg litteratur, og utvikla ein nøyaktig plan i ut i frå sine eigne røynsler med polarferder.

Hovudmålet med ekspedisjonen var å nå Sørpolen. Vitskapen spelte berre ei birolle, men Amundsen planla å utføre så mange målingar som mogleg undervegs, først og fremst meteorologiske.[21] I tillegg skulle «Fram» utføre omfattande oseanografiske målingar i Atlanterhavet, og Amundsen og Bjørn Helland-Hansen planla å bruke dette som ei unnskyldning for å kome i gang ombord på «Fram» i Noreg, i staden for i San Francisco som tidlegare annonsert.[22]

«Fram» skulle i følgje planen til Amundsen forlate Noreg i midten av august, og ha ein mellomstopp i Madeira. Derifrå skulle dei gå rundt Kapp det gode håp og inn i Rosshavet og gjere framstøyt mot Rossbarrieren, som skulle bli nådd rundt 15. januar. I Hvalbukta skulle om lag ti menn bli plukka ut til ei overvintringsgruppe og byggje ein base, medan «Fram» skulle gå tilbake til Buenos Aires og gjere målingar i Atlanterhavet. I oktober skulle ho dra tilbake mot sør, og plukke opp landgruppa igjen.[23]

Denne gruppa skulle òg, så snart hytta var ferdig og forsyningar var førte i land, frakte og lagre drivstoff og mat i depot så langt sør som mogleg. Målet var å føre så mykje proviant ned til 80 °S at dei kunne sjå dette som det eigenlege startpunktet for sledeferda mot Sørpolen.[24] Då desse aktivitetane var ferdige var vinteren kome, og gruppa vart brukt til å arbeide med utstyret for å gjere det klart til våren. Når våren kom, skulle utstyret og grunnlaget vere så klart som mogleg for å kunne nå Sørpolen.[24] Amundsen ynskte å dra ut frå Hvalbukta, dra rett mot sør, og følgje den same meridianen så langt det var mogleg.[8]

Hvalbukta vart valt ut av fleire årsaker. På den eine sidan låg han lengre sør enn nokre andre tidlegare hadde vore med skip og innan rekkjevidd av barrieren, noko som var viktig for sledeferda, sidan ruta kunne bli nær nær 10% kortare[25] og på den andre sida kunne Amundsen her gjere seg kjend med overflatetilhøva på barrieren saman med dei han skulle ta med sørover. I tillegg fanst der, i følgje dei tidlegare rapportane til Ross og Shackleton, store mengder selar og pingvinar i området, slik at matforsyninga alltid ville vere sikra. For dei meteorologiske observasjonane på barrieren var bukta òg eit gunstig område, fordi naturen i området ikkje kunne påverke tilhøva. Til sist var det lett å nå staden med skipet.

Det vart generelt akseptert at barrieren flaut i vatnet, noko som òg vart stadfesta av rapportane til Shackleton om store isblokker. Amundsen konkluderte likevel med at dei måtte kvile på eit slags fundament, som små øyar eller skjer, fordi miljøet i Hvalbukta hadde endra seg lite sidan Ross-ekspedisjon i 1843–44.[26] Amundsen konkluderte riktig, sjølv om resonnementet ikkje var det. Ein veit i dag at barrieren er ein isbrem og dermed flyt i vatnet og er knytt til land via ein isbre.[27] Dei stabile istilhøva i bukta kjem av at ho ligg i vindskuggen av Roosevelt Island.[25] I 2000 forsvann Framheim på eit isflak som losna frå barrieren.[28]

«Fram»[endre | endre wikiteksten]

Plan- og snitt-teikningar for «Fram».
For meir om dette emnet, sjå «Fram».

«Fram» vart bygd i 1892 av Colin Archer som eit fartøy som kunne tole den arktiske pakkisen. Archer var kjend for eit skrogdesign som kombinerte sjødugleik med ein grunn djupgang, og hadde vore ein pioner innan utviklinga av spissgatta fartøy der den vanlege akterspegelen var erstatta av ein spiss akterstamn, noko som gjorde det lettare å manøvrere.[29] Skipet vart rigga som ein tre-masta skonnert med eit samla seglareal på ca. 560 m², og hjelpemotoren på 220 hestekrefter var i stand til gje skipet ein fart på 7 knop (13,1 km/t).[30] «Fram» er 39 meter lang, 11 m brei og har eit volum på 440 brutto- og 807 nettoregistertonn.[31][32] Den tremasta skonnerten hadde fleire gonger vorte brukt av Fridtjof Nansen og Otto Sverdrup under ekspedisjonane deira i Arktis.

Den 9. mars 1909 bad Amundsen skipsverftet i Horten om å reparere skipet og gjere dei naudsynte endringane. Den viktigaste endringa var å erstatte dampmaskinen med ein 180-PS-dieselmotor. Dermed var «Fram» det første polarskipet med dieselmotor, noko som var meir praktisk for manøvrering mellom isflaka. Ein annan fordel var at dei sparte mannskap – det var berre trong for éin mann for å operere fartøyet.[33]

Ekspedisjon[endre | endre wikiteksten]

Viktige datoar
Hending Dato
Avreise frå Noreg 9. august 1910
Når fram til Hvalbukta 14. januar 1911
«Fram» forlét Framheim 15. februar 1911
Slutten av depotferdene 11. april 1911
«Tjuvstart» 8. september 1911
Byrjinga på den sørlege ferda 20. oktober 1911
Nådde Sørpolen 14. desember 1911
«Fram» tilbake ved Framheim 8. januar 1912
NåddeHobart i Australia 7. mars 1912

Frå Noreg til Antarktis[endre | endre wikiteksten]

Etter ferdigstillinga i mai 1910 låg «Fram» oppankra i Christiania for å bli lasta opp i byrjinga av juni, og 3. juni sette dei segl. Det første målet var å få sett opp ferdighytta til Amundsen. Den 7. juni letta «Fram» anker igjen. Før dei sette kursen i retning Antarktis var ho ein tur rundt Dei britiske øyane og ein tur tilbake til Noreg. Det tilsynelatande målet var å utføre oseanografiske undersøkingar, men det skal ha vore motorar og mannskapet på «Fram» som vart testa.[34] Den planlagde ruta vart kraftig redusert grunna dårleg vêr og eit motorhavari. 10. juli forlét dei Bergen og sette kursen mot Kristiansand. Her vart dei siste varene som ski og sledar lasta ombord, saman med 97 grønlandshundar. No vart òg oberstløytnant Gjertsen og Prestrud innvigd i planane om ei ferd sørover. Dei var veldig entusiastiske.[35] 9. august var alle naudsynte førebuingar gjennomført, og «Fram» sette kursen mot Madeira. Dagbok til Johansen indikerer at det oppstod dårleg stemning ombord under ferda fordi mannskapet følte at offiserane skjulte noko for dei, og òg at kameratskapen mellom mennene ikkje var spesielt bra.[36]

Skipet kom fram til Madeira 6. september og dei etterfylte forsyningane som ferskvatn. Bror til Amundsen, Leon, kom ombord for å ta med seg dei siste meldingane til omverda, mellom anna meldingar til Nansen og den norske kongen, Haakon VII., og eit telegram til Scott som Leon avleverte i Christiania 3. oktober. Scott tok imot meldinga då han gjekk ombord i «Terra Nova» i Melbourne 12. oktober[E] I byrjinga av oktober gjekk Leon ut i offentlegheita med planen til Amundsen. 9. september var alt klard for reise, og mannskapet vart samla på dekk medan Amundsen informerte om planen og bad om støtte frå kvar enkelt – han fekk einstemmig støtte.[37][38] Same kveld la dei kursen mot sør og stemninga betra seg ombord.[39]

Neste stopp på ferda skulle vere ein norsk kvalfangststasjon på Kerguelen, men på grunn av dårleg vêr mot slutten av november, var «Fram» ute av stand til å nærme seg øyane. Elles var ferda hendingslaus, og mannskapet studerte alle bøker frå tidlegare antarktiske ekspedisjonar, som dei kunne finne i det godt utstyrde biblioteket. 1. desember kunngjorde Amundsen landgangsmannskapet – Prestrud, Johansen, Hanssen, Hassel, Wisting, Bjaaland, Stubberud og Lindstrøm. 1. januar kom dei første isfjella i sikte, og dagen etter nådde dei drivisbeltet som strekkjer seg til Antarktis, og «Fram» kunne enkelt, og i løpet av tre og ein halv dag, krysse beltet takka vere røynsler frå tidlegare ekspedisjonar.[40] 11. januar kom Rossbarrieren innan synsvidde, og tre dagar etter nådde dei Hvalbukta.

Tilkome og depot[endre | endre wikiteksten]

Etter tilkome den 14. januar 1911, vart «Fram» fortøydd til isfoten[F] av barrieren, og saman med Nilsen, Prestrud og Stubberud rekognoserte Amundsen tilhøva og finne ein eigna leirstad. Då dei fann ein eigna stad, sette to av mennene opp ferdighytta medan dei andre medlemmane av landgruppa frå 15. januar førte hundar, utstyr og forsyningar i land med sledar. Hundane hadde fått 20 kvalpar under turen frå Noreg, og dei hadde no i alt 116 hundar. 27. januar stod hytta ferdig, og saman med den omkringliggande leiren vart han døypt «Framheim». Varene vart lagra i eit depot 600 meter unna, og inneheldt sel- og pingvinkjøt som dei hadde fått under jakt. 4. februar segla «Terra Nova» forbi under tilbakeferda si frå McMurdo-sundet, etter at ho ikkje hadde kunna nå målet sitt, King Edward VII Land. Britane hadde med seg meldingar om Scott, mellom anna om dei motoriserte køyretøya hans. Meldinga gjorde Amundsen uroleg og var ikkje usikker på sjansane deira om å kome først fram heilt til han stod på polpunktet.

Den 10. februar 1911 drog Amundsen, Prestrud, Johansen og Hanssen avgarde med tre sledar. Av mennene sprang som vanleg éin mann føre den første sleden for å halde hundane på rett kurs. Føraren av den første sleden hadde kompass og kontrollerte retninga til personen som sprang føre. Med atten hundar sette dei kursen sørover for å utforske omgivnadane, teste utstyret og farten, og dels starte transporten av utstyr og forsyningar sørover. Den 14. februar nådde gruppa 80 °S og lagra forsyningane dei hadde med – eit halvt tonn mat – i eit depot. To dagar seinare returnerte dei til Framheim, der «Fram» allereie hadde drege. I løpet av ferda merkte gruppa seg at barrieren var god og farbar, og under dei rådande vêrtilhøva kunne tilhøva einskilde stader samanliknast med vintertilhøva i Noreg. Likevel vart det oppdaga fleire veikskapar i utstyret som nordmennene måtte fikse – dei mest graverande allereie til neste tur, dei mindre viktige i løpet av vinteren.[41]

Den 22. februar drog ei ny gruppe avgarde for å leggje ut nye depot. Denne gongen vart alle mennene i landgruppa med, utanom kokken Lindström, og dei drog avgarde med sju sledar og 42 hundar. 27. februar nådde dei det tidlegare oppretta depotet 80 °S, og 3. mars nådde dei 81 °S der eit nytt depot med eit halvt tonn med hundemat vart lagt. Bjaaland, Hassel og Stubberud snudde her. Ved 82 °S, som dei nådde 8. mars, vart ytterlegare 680 kilo forsyningar lagra, spesielt hundemat. Her snudde gruppa om, sjølv om dei i utgangspunktet ynskte å gå til 83 °S. Sledane var likevel så overlasta og den lange ferda, den komande vinteren og den vanskelege overflata med nysnø og sprekkar sleit ut hundane så mykje at sjølv Amundsen måtte la sleden sin stå att då dei tok til på tilbakeferda den 10. mars. Totalt åtte hundar døydde på denne ferda, og åtte av hundane til Stubberud døydde like etter heimkomsten, hovudsakleg på grunn av kulde ifølgje Amundsen.[42] Blant mennene herska det ufred. Den 22. mars kom gruppa tilbake til Framheim.

Den 31. mars drog ei gruppe på seks menn leia av Johansen[G] avgarde med seks sledar og 36 hundar – dei returnerte 11. april. På denne siste ferda la dei ut om lag 1 200 kilo selkjøtt ved 80 °S, eit depot som no inneheld meir enn to tonn med forsyningar.

Vinter[endre | endre wikiteksten]

Hassel i det underjordiske drivstofflageret ved Framheim.
Foto: Oscar Wisting

Før vinteren kom vart store mengder sel og pingvinar drepne for at ekspedisjonen skulle klare seg godt gjennom vinteren; 60 000 kg kjøtt skulle halde til mennene og 115 hundar.[43] For å røre seg så lite som mogleg ute i det fri vart dei fleste av lagerromma kopla saman via eit nettverk av underjordiske kammer og tunnelar. Tunnelane vart gravne ut med spadar som Bjaaland og Stubberud laga av ei stålplate dei hadde med.[44] I dei underjordiske kammera laga dei mellom anna til ein verkstad, ei badstove og eit observatorium.[45]

I løpet av vinteren passa dei på å reparere og tilpasse utstyret frå depotferdene – både sledar og personleg utstyr. Vekta på sledekassane vart redusert.[46] Ski, slederkassar, støvlar, telt, og nestan alt utstyr var gammaldags.[47] Elles vart tida brukt til kursing, lesing, og spel som dart og whist, samstundes som dei gjorde meteorologiske målingar tre gonger om dagen.[48] Amundsen hadde godt vêr med roleg eller lett bris, medan Scott hadde uvêr som hindra han i å utføre arbeidet sitt.[49] Frå midten av august kunne dei sjå ein ende på alt arbeidet, og frå 23. august vart sledane lasta og gjort klare på startpunktet, kvar av dei 400 kilo tunge.

Ferda mot Sørpolen[endre | endre wikiteksten]

Ein tjuvstart[endre | endre wikiteksten]

Det var viktig for Amundsen å bryte opp snarleg. Han frykta dei motoriserte køyretøya til britane og ynskte å få størst mogleg forsprang. Han planla difor å forlate Framheim den 24. august. Dette viste seg å vere altfor tidleg, sidan den sørlege våren knapt hadde byrja på den tida. I byrjinga av september hadde temperaturen stige såpass mykje at Amundsen valte å starte ferda sørover mot polpunktet.[50] Starten vart utsett på grunn av dårleg vêr, før åtte menn drog ut med sju sledar og nitten hundar den 8. september. Dei hadde med seg forsyningar for nitti dagar. Ein merkte likevel raskt at dei hadde forlate leiren for tidleg – berre tre dagar seinare hadde temperaturen falle med nestan 30 °C til -56 °C, og hundane gjekk påviseleg dårlegare.[51] Amundsen avgjorde at dei berre skulle gå til depotet ved 80 °S, og lagre forsyningane og utstyr dei hadde med før dei returnerte til Framheim. Dei nådde depotet 14. september.

På tilbakeferda døydde fleire av hundane. På morgonen den 16. september, den siste dagen av tilbakeferda, steig temperaturen noko, men ingen visste kor lengje det ville vare. Amundsen gav difor ordre om at den siste etappen skulle gjerast utan pausar. Tilbakeferda vart heilt uorganisert, og avstanden mellom sledane var opp mot åtte og ein halv time då dei kom fram.[52] Amundsen, Wisting og Hanssen kom først fram, to timar seinare kom òg Bjaaland og Stubberud. Hassel, som kom litt seinare, melde at Johansen og Prestrud var utan mat og brensel, og at dei framleis var på barrieren. Hundane til Prestrud var så svake at han vart hengjande lenger og lenger etter dei andre. Johansen var merksam på dette, og han redda truleg livet hans då han kjempa seg tilbake til Framheim med ein svak og utmatta Prestrud.[53]

Då Amundsen og Johansen morgonen etter snakka om forseinkingane klarte ikkje Johansen halde seg lenger, og kom med alvorlege skuldingar mot Amundsen fordi han hadde forlate dei andre ekspedisjonsmedlemmane. Gruppa var «ikkje lenger ein ekspedisjon, men rein panikk»,[54] og han kritiserte ope leiarskapen til Amundsen. Amundsen såg no oppførselen til Johansen som ein fare for ekspedisjonen, og Amundsen såg seg tvinga til å statuere eit døme – han isolerte Johansen og Prestrud frå dei øvrige ekspedisjonsmedlemmane og brukte dobbeltstemma si i ei avstemming om å avvise ein plan om ei ekstra gruppe.[55]

Berre fem menn skulle dra i retning sør. Dei øvrige tre – Stubberud, Johansen og Prestrud – skulle dra mot King Edward VII Land, leia av Prestrud, for å utforske området rundt Hvalbukta. Denne ekspedisjonen vart ikkje berre brukt som ekstra straff for Johansen, men òg som ei sikring – dersom dei ikkje nådde det verkelege målet med ekspedisjonen, ville Amundsen framleis ha oppnådd noko.[56] Amundsen sjølv grunngav den nye planen med at ei mindre gruppe kunne ta seg fram raskare, og at depota ville stige i verdi.[57] Amundsen hadde hellet med seg, og mista ingen ekspedisjonsmedlemmar på ferda. Han drog òg nytte av at han kunne få reie på materielle skadar, og at sjølve polferda ikkje var prega av konflikten med Johansen.

Den sørlege ferda[endre | endre wikiteksten]

Først i midten av oktober 1911 byrja den eigentlege antarktiske våren. Sel og fuglar vart oppdaga og temperaturen heldt seg rund -29 til -30 °C (det antarktiske kystgjennomsnittet ligg på -15 til -10 °C).[58] Den 20. oktober la Roald Amundsen, saman med Bjaaland, Hanssen, Hassel og Wisting, ut på det andre forsøket sitt. Mennene drog avgarde med fire sledar, 52 hundar og forsyningar berre berekna å halde til dei var framme ved det første depotet ved 80° S. Undervegs kom dei inn i eit område med rekkje bresprekkar, men dei kom seg trygt forbi. Depotet nådde dei 23. oktober. Her hadde dei ein todagars pause for å kvile hundane, slik at dei ikkje skulle overanstrengje seg allereie på den første delen av ferda.[59] Den 26. oktober drog gruppa vidare, og herfrå bygde dei dagmerke for å lettare finne vegen attende på tilbakeferda. Desse merka var 180 cm høge og bestod av blokker av snø. Inne i kvart merke vart det lagt ein papirlapp med eit nummer og lokalisering for merket, og retning og avstand til det neste merket mot nord.

Den 31. oktober nådde dei depotet ved 81 °S, og her løyvde gruppa seg éin dags kvile før dei drog vidare og nådde depotet ved 82 °S den 5. november. Før det hadde dei nok ein gong, utan å kome til skade, kryssa eit felt med sprekkar i tett tåke.[60] Den 7. november drog dei avgarde igjen, og føre dei låg no ukjent terreng. Vêret var bra, og dei klarte seg godt.[61] 9. november nådde dei 83 °S, og her la dei opp eit nytt depot for å redusere vekta på sledane og for å sikre seg mat på tilbakeferda. Mennene fortsette så over fleire breiddegrader men dei var framleis på barrieren. Hundar som vart drepne undervegs vart frose ned i depota for tilbakeferda. 11. november fekk Amundsen auge på fjellkjeda, som han kalla «Dronning Helena-kjeda». Det var no ikkje mogeleg å unngå å krysse fjella. Amundsen måtte no raskt finne ein veg over desse fjella, men i første omgangen valde han å følgje meridianen mot sør.[62] Dei nådde 84 °S den 13. november og 85° S den 17. november.

Axel Heiberg-breen
Foto: US Navy-pilot Jim Waldron (1956–57)

Den 17. november kom nordmennene fram til enden på barrieren og dermed forlenginga av Dei transantarktiske fjella etter at dei allereie i fleire dagar hadde forflytta seg langs med landet. Her støytte dei på den første store utfordringa på ferda. Dei måtte gjennom fjella for kome til polarplatået. Ingen hadde tidlegare vore på denne staden mellom barrieren og fastlandet, og det såg ut til at hellet tok slutt for Amundsen – ruta han hadde valt såg ikkje lenger lovande ut.[63]

Før dei starta turen oppover dagen etter, oppretta Amundsen ytterlegare eit depot der han lagra ein tredjedel av forsyningane som totalt skulle halde i nitti dagar. Vidare utforska han, saman med Bjaaland, Wisting og Hassel, byrjinga av den planlagde strekninga. Den første dagen på det såkalla «Mount Betty» måtte dei opp kring 600 meter, før turen vidare gjekk over i skråningar og brear. Om kvelden den andre dagen slo mennene leir i ei høgd på 1 390 meter over havet; det vanskelegaste stykket verka no å liggje bak dei. Den 20. november stod dei likevel ovanfor ein ny «stor, mektig, absolutt fjordliknande bre som strekte seg frå aust til vest»,[64] og som stod vinkelrett på gangretninga – Axel Heiberg-breen. Dei kalla denne opp etter konsulen Axel Heiberg, som hadde støtta mange polare ekspedisjonar. Amundsen slo fast at han hadde teke feil då han trudde dette var ein enkel veg opp, for breen steg til nesten 2500 m over 13 km, og var full av bresprekkar. For å spare tid, og for ikkje å demoralisere mennene, valte Amundsen å halde fram oppover breen.[65]

Dei neste dagane vart mange av breane og fjella omkring namngjevne etter Fridtjof Nansen, Don Pedro Christophersen eller medlemmar av den sørlege gruppa. Etter berre fire dagar med strevsam klatring – Amundsen hadde rekna med rundt ti dagar[66] – nådde gruppa polarplatået. Her slo dei leir ved ein stad kalla «slakteplassen», sidan 24 av dei 42 gjenverande hundane vart slakta der. Turen oppover, der ofte eit dusin hundar hadde vorte kopla til sledane, var no over, og hundane var ikkje lenger naudsynte.[67] Dei avliva hundane vart anten gjeve som for til andre hundar eller etne av mennene for å få ferskt kjøt, og på den måten unngå skjørbuk. Frå her drog dei vidare med 18 hundar og tre sledar. Rasjonane vart no auka på grunn av den reduserte mengda hundar som hadde behov for mat dei neste seksti dagane.

Den 25. november drog mennene vidare etter eit opphald på fire dagar på grunn av dårleg vêr, men allereie neste dag braut det ut ein ny snøstorm. Trass i dårleg sikt fortsette dei fram til dei uventa fann ut at terrenget flata ut og nærast gjekk nedover. Då det vart klårt den 29. november såg dei ein stor bre føre seg. Breen gjekk frå sør til nord, og dagen etter byrja gruppa å klatre etter at dei hadde lagt ut eit depot ved foten ved 86° 21' for å lette vekta på sledane. Breen vart kalla «Djevelbreen» fordi han var særs kupert og det var vanskeleg å forflytte seg på overflata. Den 1. desember kom nordmennene fram til ei vanskeleg oppstiging i tåka med ei rekkje sprekkar på toppen av breen, der dei hadde venta eit isplatå. Amundsen skildra som følgjer: «Marsjen vår over denne frosne innsjøen var ikkje hyggeleg. Bakken under føtene våre var sjølvsagt hol, og det klang som om vi gjekk over tomme tynner. Først gjekk ein mann igjennom, så eit par hundar; men dei kom seg alle opp att.»[68] Mennene kalla denne staden «djevelens ballsal». Den 6. desember vart det høgaste punktet på ferda nådd – 3 322 meter over havet – og same dag nådde dei 88 °S. Frå no av gjekk ferda over eit platå. Ved 88 25', like forbi rekorden til Shackleton, vart det oppretta eit siste depot.

Tilbakeferda[endre | endre wikiteksten]

Sastrugi - Snøriller, som ofte møtte Amundsen.
Foto: Bill McAfee frå National Science Foundation

Før dei starta tilbakeferda den 18. desember sette gruppa opp eit telt og planta det norske flagget saman med vimpelen til «Fram». Leiren som vart sett opp ved polpunktet vart kalla Polheim. Inne i teltet la Amundsen eit brev med ein førespurnad til Scott om han kunne bringe eit brev med tilbake til den norske Kongen, i tilfelle noko skulle skje med Amundsen og resten av gruppa på veg tilbake til Europa.[69] I følgje Raymond Priestley vart Scott «degradert frå forskar til postbod» av Amundsen.[70] På veg mot Sørpolen hadde gruppa tilbakelagt ein distanse på 1 400 km, og dermed i snitt klart å gå 25 km kvar dag. Dei let ein av sledane vere att, og dei fire tilhøyrande hundane vart fordelt på dei to andre sledane. Den 24. desember nådde gruppa det første depotet på 88° 25′, og to dagar seinare kryssa dei den 88. breiddegraden.

2. januar kom gruppa fram til Djevelbreen. Her fann dei ein annan veg ned og kom seg ned til foten av breen på berre éin dag utan problem. Dei gjekk ikkje innom depotet ved foten av breen. Amundsen grunngav dette med dårleg vêr, men Huntford hevdar at Amundsen på dette punktet hadde mista orienteringa på grunn av ei feilrekna retning.[71] Då tåka seinare forsvann, og medlemmar av gruppa kjente att depotet, vart to menn sendt tilbake for å hente behaldninga. 5. januar skulle gruppa kome fram til depotet ved «slaktaren», men på grunn av tåka var det berre flaks at dei fann fram – og då fordi Wisting hadde sett igjen ei brekt ski i nærleiken av depotet. Staden var viktig å finne; ikkje berre på grunn av forsyningane, men òg for å kome til nedstigninga av barrieren.[72]

Nordmennene tok same rute ned som under oppstigninga, og følgde deretter Axel Heiberg-breen fram til samløpet med isbremmen. Sjølv om avstanden var lengre kunne dei spare mykje tid. 7. januar kom dei ned til foten av breen, og dermed hadde dei nådd Rossbarrieren etter at gruppa hadde vore 51 dagar på fastlandet. Dei samla nokre geologiske prøver frå Mount Betty, sette att ein tank med 17 liter denaturert alkohol som eit teikn på at folk hadde vore der,[73] og snudde så nordover. Frå no av trengde ikkje mennene spare på kreftane, sidan dei fann seg på den glatte overflata på barrieren, og dei byrja nærast å sprinte. 13. januar nådde gruppa depotet på 83°, som var det siste kritiske punktet sidan dét i motsetnad til alle dei andre nordlege leirane ikkje var markert parallelt med nord-sør-aksen.[74] 17. januar nådde dei depotet på 82°. Den 26. januar vende dei tilbake til Framheim, saman med elleve overlevande hundar. Heimferda vart fullført med 36 km i snitt per dag, og samla hadde dei gått i 99 dagar og tilbakelagt ein avstand på rundt 3 000 km.

Austleg ferd[endre | endre wikiteksten]

Den andre gruppa under ekspedisjonen reiste austover mot King Edward VII Land, i følgje Amundsen fordi Terra Nova-ekspedisjonen ikkje hadde vore i stand til å gjennomføre sommaren før, som planlagt.[59] Den eigentlege årsaka var å ha noko å vise til i tilfelle Amundsen ikkje skulle bli den første til å nå Sørpolen, og som straff for Johansen (sjå over). Prestrud, leiaren til gruppa skreiv:

« Instruksjonane mine var:
  1. Å gå til Kong Edward VII's land og der gjere dei undersøkingane som tid og omstende måtte tillate.
  2. Kartleggje og undersøkja Hvalbukta og områda kring.
  3. Så vidt mogleg å halde anlegget ved 'Framheim' i orden, i tilfellet vi skulle få enno ei overvintring.[75]
 »

Gruppa, som bestod av Prestrud, Johansen og Stubberud, skulle returnere til Framheim før det var realistisk at «Fram» kom tilbake, i midten av januar i følgje Prestrud. Han valte å gjere ferda austover før jul 1911, og å gjere arbeidet ved Framheim i første halvdelen av januar. Ferda austover skulle vare seks veker fordi dei berre hadde to sledar og seksten hundar til å transportere utstyr og forsyningar, og dei kunne ikkje gå tilbake til depota.[76] Den 8. november drog dei avgarde, med 80 °S som første mål. Dette var likevel ein omveg, men sidan alle forsyningar, størstedelen av den personlege utrustinga og ulikt utstyr hadde vorte utplassert der i september, var det naudsynt.[H] Dei nådde depotet 12. november, før det lagra utstyret vart teke med, mellom dei ein teodolitt, eit hypsometer, to barometer, to termometer og eit kamera, tilsaman ca 300 kilo per slede.

Den 16. november nådde dei den 158. meridianenen. Inntil då hadde dei ikkje sett landområde, så dei motprova den tidlegare førehandstrua om at King Edward VII land strekte seg så langt mot sør. For likevel å nå land, og fordi ein ikkje hadde tilstrekkeleg med ressursar til å fortsetje leitinga mot aust, sette gruppa her kursen mot nord. I løpet av ferda gjorde dei astronomiske observasjonar, og kvar dag registrerte dei trykk, temperatur, vindstyrke og retning saman med skymengder. Den 23. november nådde dei det opne havet der dei skulle fylle opp forsyningar med selfangst og kjøtt vart delvis innebygt i eit depot.

Slutten på ekspedisjonen[endre | endre wikiteksten]

«Fram», fotografert i januar 1912 i Hvalbukta.

Den 9. januar vende «Fram» tilbake til Hvalbukta, og den 30. januar starta ekspedisjonen den knappe 4500 kilometer lange ferda mot Hobart. Dei tok berre med seg hundane og den viktigaste utrustinga sidan Amundsen trudde at Scott framleis var med i løpet – i røyndomen fann han seg framleis på polarplatået. Det vart rekna som eit aspekt av sigeren å kome først til publikum med meldingar.

Dei følgde ein nordleg kurs før dei nådde Kapp Adare og Ballenyøyane, og deretter ein nordvestleg kurs. Tre dagar etter støtte «Fram» på kanten av eit drivisbelte, som vart passert den 6. februar. Tre dagar seinare hadde ho forlate polare strøk, og den 7. mars nådde ho Hobart. Derifrå sende Amundsen eit koda telegram til broren Leon, og det same gjorde han til dei avisene som ekspedisjonen hadde selt eksklusive rettar til. Den koda teksten lydde: «Polen nådd 14–17. desember. Alt vel.»[77]

«Fram» vart verande 13 dagar i Hobart før ho den 20. mars sette kursen austover. Den 6. mai kryssa dei Kapp Horn for andre gongen, før skipet den 23. mai ankra opp i Buenos Aires. Den 7. juni la alle medlemmane av ekspedisjonen, unntatt Amundsen og Nilsen, kursen mot Noreg. Dei fleste av dei hadde lova å bli med på den andre delen av ekspedisjonen til Amundsen.

Havmålingar[endre | endre wikiteksten]

En observasjon ombord i «Fram».
Foto: Roald Amundsen

Etter at ferda frå Noreg til Antarktis var over gjekk Amundsen ombord i «Fram» i Hvalbukta og kom under Thorvald Nilsen sin kommando. Instruksjonane hans var å segle direkte til Buenos Aires, der dei skulle utføre naudsynte reparasjonar og supplere forsyningar og mannskap. Deretter skulle «Fram» segle i Sør-Atlanteren, mellom Afrika og Sør-Amerika, for å utføre oseanografiske målingar, før ho skulle returnere til Buenos Aires og deretter tilbake til Antarktis for å plukke opp landgruppa.[23] Dersom noko skulle skje med Amundsen vart det planlagt at Nilsen skulle ta plassen hans og utføre dei opphavlege planane for ekspedisjonen og utforskingane av det polare bassenget.[78]

Før «Fram» til slutt forlét Hvalbukta, seglte ho den 15. februar så langt inn i bukta som mogleg og nådde 78° 41 'S, den sørlegaste breiddegraden eit skip kunne nå då.[79] Den 22. februar nådde dei drivisbeltet som dei passerte på éin dag. Den 14. mars vart dei siste isfjella sett, og den 31. passerte dei Kapp Horn. Den 17. april ankra «Fram» opp i Buenos Aires etter 62 dagar. Der viste det seg at pengane som skulle vere tilgjengeleg for Nilsen ikkje var der, av den enkle årsaka at det ikkje var nokon der. Dermed kunne dei ikkje betale for overhalinga av «Fram», noko ho desperat trong. Nordmannen Don Pedro Christophersen, som var busett i Buenos Aires og som i utgangspunktet var villig til å betale for varer og drivstoff, kunngjorde at han kunne betale for opprustinga òg.

Øyane St. Helena og Trindade vart passert mellom 29. juli og 12. august. Den 19. august vart undersøkingane fullført og dei drog tilbake til Buenos Aires, der dei ankra opp 1. september.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Amundsen 1913

Den største suksessen med ekspedisjonen var det å nå Sørpolen, noko som òg var det eksplisitte målet. Vidare vart omfanget av og overflata på Rossbarrieren undersøkt og avgjort, og det vart stadfesta at isbremmen strekte seg mellom Victoria Land og King Edward VII Land.

I eit brev til Kong Håkon skildra Amundsen kort dei geografiske oppdagingane; «Deira majestet, vi har fastslått det sørlege punktet på den store 'Ross-barrieren' som knyt saman Victoria Land og Kong Edward VII Land. Vi har oppdaga ei mektig fjellkjede med toppar opp mot 22 000 fot [...] Vi har fastslått at det store innlandsplatået [...] slakt fell frå 89. breiddegrad.[80] Fjella som nordmennene oppdaga viste seg likevel å vere rundt to tredjedelar av høgda dei hadde rekna seg fram til.

Fotnotar og referansar[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  • A Rossbarrieren fekk dette namnet «fordi vi med like stor sjanse for å lukkast kunne segle ved klippene ved Dover som å prøve å passere gjennom ein slik ismasse.»[81]
  • B Dette skulle faktisk følgje han, idet han nådde det siste store målet innan polarforsking og kom fram til Sørpolen.[82]
  • C Då Amundsen, som hadde planlagt å segle om Kapp Horn, hadde kome fram til Beringssundet, ville det vore absurd å ta hundane med frå Danmark og transportert dei to gonger gjennom tropane.[10]
  • D Det Kongelige Grønlandske Handelsselskap hadde frå 1776 monopol på handel med Grønland, og heldt desse privilegia fram til 1950.
  • E Det finst ulike framstillingar av ordlyden i telegrammet. Cherry-Garrard (s. 82), Crane (s. 423) og Preston (s. 127) oppgjev alle eit enkelt «Am going south» («Eg dreg sørover») som innhald. Lt. Evans seier ifølgje Solomon (s. 64) at det hadde ein meir høfleg tone «Beg leave to inform you Fram proceeding Antarctic Amundsen» («Ber om lov til til å opplyse Dykk om at «Fram» fortset mot Antarktis Amundsen»), som blir understøtta av Fiennes og Huntford.[83]
  • F Ein isfot blir danna om hausten, når sjøvatn sprutar opp mot foten av breen og frys fast til isen.
  • H I september skulle likevel alle medlemmar av landgruppa dra mot Sørpolen.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Huntford (2001), s. 108
  2. Huntford (2001), s. 21
  3. Huntford (2001), s 99
  4. Huntford (2010), s. 16
  5. Huntford (2010), s. 61–63
  6. Huntford (2001), s. 165
  7. Huntford (2001), s. 165 og 168
  8. 8,0 8,1 8,2 Amundsen (2003), s, 125
  9. Huntford (2001), s. 180
  10. 10,0 10,1 Huntford (2001), s. 183
  11. Huntford (2001), s. 220
  12. Huntford (2010), s. 175–76
  13. Til veirs?. Norsk Luftfartsmuseum. Vitja 12. mars 2013.
  14. Huntford (2001), s. 178–79
  15. Huntford (2010), s. 177–79
  16. Amundsen (2003), s. 135–36
  17. 17,0 17,1 Amundsen (2003), Liste over bidragsytere
  18. Huntford (2001), s. 218–19
  19. 19,0 19,1 Amundsen (2003), s. 128–29
  20. Huntford (2010), s. 42
  21. Amundsen (2001), s. 44
  22. Huntford (2001), s. 223
  23. 23,0 23,1 Amundsen (2003), s. 121
  24. 24,0 24,1 Amundsen (2003), s. 123
  25. 25,0 25,1 Huntford (2001), s. 216
  26. Amundsen (2001), s. 347–79
  27. Larsen B Ice Shelf Collapses in Antarctica (engelsk). National Snow and Ice Data Center (NSIDC). Vitja 12. mars 2013.
  28. Nytt satelittbildekart over Antarktis. mil.no. Vitja 12. mars 2013.
  29. Huntford (2001), s. 183–84
  30. Nansen, b. 1 s. 69
  31. Huntford (2001), s. 256;
  32. Amundsen (2001), s. 358
  33. Huntford, s. 256
  34. Huntford (2001), s. 242
  35. Huntford (2001), s. 245
  36. Huntford (2001), s. 246
  37. Amundsen (2003), s. 184
  38. Huntford (2001), s. 251–254
  39. Huntford (2001), s. 254
  40. Huntford (2001), s. 262
  41. Huntford (2001), s. 292–293
  42. Amundsen (2003), s. 290
  43. Amundsen (2003), s. 297
  44. Amundsen (2003), s. 307
  45. Amundsen (2003), s. 309–11
  46. Amundsen (2003), s. 342
  47. Huntford (2001), s. 324
  48. Amundsen (2003), s. 196
  49. Amundsen (2001), s. 347
  50. Amundsen (2001), s. 379
  51. Amundsen (2001), s. 383
  52. Amundsen (2001), s. 388
  53. Huntford (2001), s. 343–345
  54. Johansen, sitert i Huntford (2001), s. 345
  55. Huntford (2001), s. 345–46
  56. Huntford (2001), s. 347
  57. Amundsen (2001), s. 390
  58. Climate Conditions – Weather in the Antarctica (engelsk). Antarctic Connections. Vitja 12. mars 2013.
  59. 59,0 59,1 Amundsen (2001), s. XIV
  60. Huntford (2001), s. 366
  61. Amundsen (2001), s. XV
  62. Huntford (2001), s. 372
  63. Huntford (2001), s. 375
  64. Amundsen, i Huntford (2001), s. 377
  65. Huntford (2001), s. 378
  66. Amundsen (2001), s. 57
  67. Amundsen (2001), s. 57–62
  68. Amundsen (2001), s. XX
  69. Amundsen (2001), s. 133
  70. Priestley, sitert i Huntford (2001), s. 450
  71. Huntford (2001), s. 433
  72. Amundsen (2001), s. 154
  73. Huntford (2001), s. 438
  74. Amundsen (2001), s. 167
  75. Amundsen (2003), s. 557
  76. Amundsen (2001), s. 206–10
  77. Huntford (2001), s. 482
  78. Amundsen (2001), s. 297
  79. Amundsen (2001), s. 295
  80. Huntford (2001), s. 427
  81. Ross, i Huntford (2001), s. 11.
  82. Amundsen (2001), s. 43.
  83. Huntford (2010), s. 219–20
  84. Huntford (2001), s. 300

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Kjelder til artikkelen[endre | endre wikiteksten]

  • Amundsen, Roald (2001) The South Pole – C. Hurst & Co. Publishers. ISBN 1850654697 [Oversatt av A.G. Chater].
  • Huntford, Roland (2000) Scott & Amundsen – Dramatischer Kampf um den Südpol – Heyne. ISBN 3-453-17790-8.
  • Nansen, Fridtjof (1897) Farthest North, Volumes I and II – Archibald Constable & Co.

Øvrig litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tredje Framferda