Trees

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Trees var eit engelsk folkrockband som eksisterte mellom 1969 og 1972. Sjølv om gruppa selde dårleg i si tid, har ryktet deira vokse med åra. Som med andre samtidige folkrockartistar, var Trees påverka av Fairport Convention, men med eit tyngre og meir psykedelisk lydbilete. Songane til bandet var delt mellom versjonar av tradisjonelle songar og originale songar.

Trees gav ut to studioalbum, begge i 1970, The Garden of Jane Delawney og On The Shore. Sistnemnde hadde plateomslag laga av Hipgnosis.

Det originale bandet vart oppløyst etter det andre albumet vart innspelt. Ein ny inkarnasjon av Trees vart danna og spelte fram til 1973. Denne gruppa omfatta Celia Humphris, Barry Clarke, David Costa, Barry Lyons (tidlegare Mr Fox), Alun Eden (òg tidlegare Mr Fox) og Chuck Fleming (tidlegare JSD Band). Innspelingar av denne besetninga finst berre som piratkopiar.

Begge studioalbuma finst i dag på CD. I tillegg finst ei dobbel-utgåve av On the Shore frå 2007 med tidlegare ikkje utgjevne songar. Det same skjedde med debutplata i 2008.

Besetning[endre | endre wikiteksten]

  • Bias Boshell - bassgitar, gitar, vokal
  • Celia Humphris - solovokal
  • Barry Clarke - sologitar
  • David Costa - akustisk gitar
  • Unwin Brown - trommer

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]