Trefoldighet kyrkje i Arendal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trefoldighet kyrkje
kyrkje
Foto: KEN
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Arendal
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Arendal
Sokn Trefoldighet
Fellesråd Arendal
Type Krosskyrkje
Arkitekt Christian Fürst
Teknikk Mur
Material Teglstein
Innvigd 29. juni 1888
Klokker 3, Bochumer Verein; dessutan klokkespel frå Olsen Nauen, 1973
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol Egon Schmüser, 1888
Døypefont Egon Schmüser, 1888
Altartavle August Eiebakke, 1898
Orgel Mühleisen, 2010
Sitjeplassar 850
Kart
Trefoldighet kyrkje i Arendal
58°27′33″N 8°45′57″E / 58.459215°N 8.765762°E / 58.459215; 8.765762
Wikimedia Commons: Arendal Trefoldighetskirke
Den gamle treeiningskyrkja frå 1836 vart riven då den noverande vart bygd.

Trefoldighet kyrkje (Trefoldighetskirken eller Treeinigskyrkja) er ei krosskyrkje i Arendal kommune i Agder.

Dette er den tredje hovudkyrkja for Arendal — og den tredje som er vigd til treeininga. Kyrkja er eit landemerke på Tyholmen og har eit tårn som rager 87 meter i været. Krossarmane (tverrskipa) er breie, men nokså korte, og kyrkja kan for mange sjå ut som ei langkyrkje utanfrå. Sjølv om Christian Fürst vert kreditert som arkitekt for kyrkja, vart mange av detaljteikningane og det meste av interiøret teikna av Egon Schmüser, som var studiekamerat av Fürst, og som hadde rollen som byggeleiar.

Som sokkel for kyrkja i det bratte terrenget er ein basarhall. Det har gjennom åra vore store problem med frostsprenging på teglsteinen i denne og i kyrkjefasaden. Mykje av fasadesteinen har vorte skifta ut, og i 2005 reiv ein heile basarhallen og bygde ein ny basar etter dei same teikningane.

Inventar[endre | endre wikiteksten]

Etter eit økonomisk krakk i 1886 måtte ein utsette nokre av planana når det gjaldt inventar. Altartavla er difor ti år yngre enn kyrkja. Biletet er måla av August Eiebakke og har tittelen «Jesus velsigner de elleve apostler før sin himmelfart». Preikestolen og døypefonten var laga av snikkar H.P. Larsen etter teikningane til Schmüser. Kyrkja fekk nytt orgel i 2010.

Kyrkjegard[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var det kyrkjegard på Tyholmen, men i dag er hovudkyrkjegarden for Arendal by eit par kilometer unna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Trefoldighet menighet i Arendal 1705-1955. Arendal: P.M. Danielsens trykkeri. 1955. 
  • Eldal, Jens Christian og Havran, Jiri (2002). Kirker i Norge, bind 3: Med historiske forbilder. 1800-tallet. Oslo: ARFO. s. 160-163. ISBN 82-91399-11-5. 
  • Aanensen, Hans Olaf og Lindland, Jan (2007). Kirkebasaren i Arendal: Tilblivelse, forfall og gjenoppbygging. Arendal: Stiftelsen Kløckers hus. ISBN 978-82-303-0939-1. 
  • Nenseter, Bjarne (1992). «Trefoldighetskirken». På kirkevandring i Aust-Agder. Arendal: Kilden forlag. s. 10-11. ISBN 82-7627-003-4. 
  • Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 472. ISBN 82-7527-022-7. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Bilete frå kyrkja[endre | endre wikiteksten]