Tregrense

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tregrensa)
Det er føreslått at denne sida blir fletta med Skoggrense. (Sjå eventuelt (diskusjon))
Alpin tregrense i bakgrunnen. I områda nærmast ser ein overgangen frå tre til ingen tre. Veksten er hemma og einsidig på grunn av kulde og vind.

Tregrensa er grensa for områda der tre har høve for å vekse. Bortanfor denne grensa kan ikkje trea vekse på grunn av dårlege veksttilhøve (vanlegvis kulde, for lågt lufttrykk eller mangel på fukt).

Ved tregrensa er trea ofte forkrøpla og dei siste trea veks som låge, tette buskar. Om grensa er skapt av vinden vert dette kalla krummholtz eller krummholtzformasjon frå det tyske ordet for «vridd skog».

Tregrensa ser som mange andre naturlege grenser (innsjøgrenser t.d.) skarp og tydeleg ut frå avstand, men når ein kjem nærmare kan ein som regel sjå at det er ein gradvis overgang. Trea veks kortare og kortare mot det ugjestmilde klimaet, før dei til slutt berre sluttar å vekse.

Forskjellige typar tregrenser[endre | endre wikiteksten]

Det finst fleire typar tregrenser definert i økologi og geologi:

  • Alpin tregrense Den høgaste høgda som tre kan vekse i. Høgare oppe er det som regel for kaldt, eller snøen ligg på bakken for lenge i løpet av året, til at tre kan vekse. Denne grensa finn ein vanlegvis i fjell og klimaet over tregrensa vert kalla alpint klima. I fjellområde på den nordlege halvkula er tregrensa som regel lågare på nordsida av fjella enn på sørsida på grunn av nordsida ligg i skuggen og snøen smeltar seinare. Derfor har trea på nordsida kortare vekstsesong. I område med store, lukka søkk i terrenget der kaldlufta ikkje kan strøyme ut, kan ein òg få ei nedre tregrense på grunn av dei låge temperaturane i søkket.
  • Ørkentregrense Den tørraste staden eit tre kan vekse. Tørre ørkenområde får ikkje nok nedbør til at tre kan vekse. Desse vert stundom kalla «nedre» tregrense og oppstår i høgder under 1500 m i ørkenområda. Ørkentrelinja i fjellområde er som regel noko lågare på polsida enn på ekvatorsida av fjella fordi skuggen på polsida gjer at overflata vert kjøligare enn på ekvatorsida, slik at fukta i bakken ikkje fordampar like raskt.
  • Ørken-alpin tregrense I enkelte fjellområde kan område over kondensasjonsgrensa, sørvendte fjellsider på den nordlege halvkula og nordvendte fjellsider på den sørlege halvkula eller på lesida av fjell i regnskugge med meir sollys ha avgrensa trevekst. Dette tørkar ut jordsmonntet og som følgje av dette vert miljøet for tørt til at tre kan vekse. Under slike tilhøve er som regel tregrensa lågare på ekvatorsida av fjella enn på polsida på grunn av meir sollys og tørrare tilhøve.
  • Eksponert tregrense. På kysten og på isolerte fjell er tregrensa ofte mykje lågare enn på tilsvarande breiddegrader lenger inne i landet og i meir komplekse fjellsystem. Dette kjem av at kraftig vind reduserer treveksten. I tillegg kan vinden føre til mangel på godt jordsmonn, som langs urer eller eksponerte steinformasjonar som hindrar trea i å få godt rotfeste.
  • Arktisk tregrense Den nordlege grensa som tre kan vekse på den nordlege halvula. Lenger nord er temperaturane for låge til at tre kan vekse. Ekstrem kulde kan medføre at den indre sevja i trea frys, slik at trea døyr. I tillegg kan permafrost i bakken hindre trea i å få rotfeste djupt nok til at dei kan halde seg oppreist.
  • Antarktisk tregrense. Den sørlege grensa som tre kan vekse på den sørlege halvkula. Lenger sør er det for kaldt til at tre kan vekse. Denne grensa er berre teoretisk sidan det ikkje er tre i det heile teke i Antarktis eller dei subantarktiske øyane. Lenger nord er det ingen landmassar som er så langt sør at dei kjem innanfor denne tregrensa.
  • Andre tregrenser. Andre miljø som er for ekstreme for at tre kan vekse. Dette kan vere skapt av geotermisk blottlegging i samband med varmekjelder eller nær vulkanar, høgt syreinnhald nær myrområde, høgt saltinnhald nær playaer eller saltsjøar, eller jord som er for metta av grunnvatn, slik at oksygenet, som trerøtene treng for å vekse, forsvinn frå jordsmonnet. I sumpområde finst det derimot treartar som sumpsypress eller mangrovetre som er tilpassa det vassriket jordsmonnet.

Typisk vegetasjon[endre | endre wikiteksten]

Område med harde vintrar gjev korte, krokete tre. Her frå Karkonosze i Polen.
Dahurisk lerk veks nær den arktiske tregrensa i Koljmaregionen nordaust i Sibir.

Nokre typiske arktiske og alpine treartar som veks nær tregrensa (merk at bartre dominerer):

Tregrenser i verda[endre | endre wikiteksten]

Alpin tregrense[endre | endre wikiteksten]

Den alpine tregrensa er avhengig av fleire lokale faktorar, som hellinga til fjellsida, regnskugge og avstanden til polområda. I tillegg vil ein i visse tropiske område eller på øyar, i mangel på biogeografisk tilgang til artar som har utvikla seg i subalpine miljø, få tregrenser som er lågare enn det ein kunne forvente ut frå klimaet.

Stad Omtrentleg breiddegrad Omtrentleg høgd på tregrense (m) Merknad
Sverige 68°N 800
Noreg 61°N 1100 Lågare nær kysten
Olympic Mountains WA, USA 47°N 1500 Stort snøfall gravlegg unge tre til seint på sommaren
Dei sveitsiske Alpane 46°N 2100 Høgare på sørsida
Alpane i Piemonte, nordvest i Italia 45°N 2100
Rila 42°N 2300 Fjellfuru er den vanlegaste trearten.
New Hampshire, USA 44°N 1220 Nokre toppar med lågare tregrenser på grnun av brann og mangel på god jord.
Wyoming, USA 43°N 3000
Wasatch Mountains, Utah, USA 40°N 2900 Høgare i Uintas
Rocky Mountain NP, USA 40°N 3500 På varm sørsvestside
3250 På nordsida
Dei japanske Alpane 39°N 2900
Yosemite, USA 38°N 3200 Vestsida av Sierra Nevada
3600 Austsida av Sierra Nevada
Popocatepetl, Mexico 28°N 4000
Himalaya 28°N 4400
Hawaii, USA 20°N 2800 Lite nedbør over passatvinden
Costa Rica 9.5°N 3400
Kilimanjaro, Tanzania 3°S 3000 Døme på ein tropisk stad med mangel på biogeografisk tilgang til artar som er utvikla for å leve i subalpine miljø. Derfor er plantene som høyrer til i området meir utsett for kulden i høgda, slik at tregrensa vert låg.
New Guinea 6°S 3900
Andesfjella, Peru 11°S 3900 Austsida; på vestsida er veksten avgrensa av tørre tilhøve
Andes, Bolivia 18°S 5200 Vest-Cordillera; Den høgaste tregrensa i verda er i fjellsida til vulkanen Sajama (Polylepis tarapacana)
4100 Aust-Cordillera; Tregrensa er lågare på grunn av mindre solstråling og fuktigare klima
Sierra de Córdoba, Argentina 31°S 2000 Nedbøren er låg over passarvinden, i tillegg er området eksponert for vind.
Dei australske Alpane, Australia 36°S 2000 Vestsida
1700 Austsida
Sørøya, New Zealand 43°S 1200 Sterk påverknad frå havet gjev kjølige somrar som hindrar trevekst

Arktisk tregrense[endre | endre wikiteksten]

Som med den alpine tregrensa er den polare tregrensa påverka av lokale faktorar som hellinga på bakken og om trea står i ly. I tillegg spelar permafrost ei stor rolle på om trea kan få rotfeste i bakken. Når røtene er grunne er trea utsett for å velte i kraftig vind eller erosjon. Tre kan ofte vekse i elvedalar på breiddegrader der dei elles ikkje kunne vekse om dei hadde vokse på ein meir utsett stad på same breiddegrad. Påverknad frå havet, som havstraumar, spelar ei viktig rolel i kor langt frå ekvator trea kan vekse.

Stad Omtrentleg lengdegrad Omtrentleg breiddegrad Merknad
Noreg 24°E 70°N Den nordatlantiske havstraumen gjer at klimaet i dette området er mildare enn i andre kystområde på same breiddegrad. Milde vintrar hindrar permafrost.
Den vestsibirske sletta 75°E 66°N
Det sentralsibirske platået 102°E 72°N Ekstremt kontinentalklima som gjer at sommaren er varm nok til at tre kan vekse ved høge breiddegrader og strekkjer grensa til 72°30'N atved Ary-Mas (102° 27' E) i Novajadalen, ei sideelv til Khatanga.
Russiske fjerne austen (Kamtsjatka og Tsjukotka) 160°E 60°N Oyashiostraumen og kraftig vind påverkar sommartemperaturen og hindrar treveksten. Aleutane er nesten heilt utan tre.
Alaska 152°W 68°N Tre veks nord til sørsida av Brooksfjella. Desse fjella hindrar kaldluft frå nord.
Nordvestterritoria , Canada 132°W 69°N Går nord for polarsirkelen på grunn av det kontinentale klimaet med gode sommartemperaturar.
Nunavut 95°W 61°N Påverka av den særs kalde Hudsonbukta som flyttar tregrensa sørover.
Quebec 72°W 56°N Sterkt påverka av Labradorstraumen som gjev låge temperaturar om sommaren. I delar av Labrador, går tregrensa heilt sør til 53°N.
Grønland 50°W 64°N Det er ingen naturlege tre på Grønland så denne grensa vart fastsett av eksperiment med treplanting. Særs få tre overlevde, men voks seint ved Søndre Strømfjord, 67°N.

Antarktisk tregrense[endre | endre wikiteksten]

Kerguelenøya, Île Saint-Paul, Sør-Georgia og andre subantarktiske øyar er så utsette for vind at ingen har naturleg trevekst, sjølv om mange av øyane får nok nedbør til at dei kunne opprettheldt ein temperert regnskog. Mangelen på tre på desse øyane er derimot ikkje på grunn av den antarktiske tregrensa, men på grunn av eksponering.

Tre veks langs nordsida av Beaglekanalen, 55°S.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • Økoton: ein overgang mellom to tilstøytande økologiske område.
  • Randeffekt: Effekten av to forskjellige miljø på eit økosystem.
  • Massenerhebungeffekten
  • Tundra: eit område der treveksten er avgrensa av låge temperaturar og korte vekstsesongar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Tregrense» frå Wikipedia på engelsk, den 23. april 2008.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
      • Arno, S. F. & Hammerly, R. P. 1984. Timberline. Mountain and Arctic Forest Frontiers. The Mountaineers, Seattle. ISBN 0-89886-085-7
      • Ødum, S. 1979. Actual and potential tree line in the North Atlantic region, especially in Greenland and the Faroes. Holarctic Ecology 2: 222-227.
      • Ødum, S. 1991. Choice of species and origins for arboriculture in Greenland and the Faroe Islands. Dansk Dendrologisk Årsskrift 9: 3-78.
      • Beringer, J., Tapper, N. J., McHugh, I., Lynch, A. H., Serreze, M. C., & Slater, A. 2001. Impact of Arctic treeline on synoptic climate. Geophysical Research Letters 28 (22): 4247-4250.