Trehörningen i Sjödalen

Koordinatar: 59°13′45″N 18°1′11″E / 59.22917°N 18.01972°E / 59.22917; 18.01972
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trehörningen
innsjø
Innsjøen Trehörningen i Huddinge kommun.
Land  Sverige
Tilsig Fullerstaån (frå Gömmaren) og Solfagradiket
Utløp Balingsholmsån (til Ågestasjön)
Nedslagsfelt 17,9 km²
Høgd over havet 21,8 moh.
Lengd 1,650 km
Breidd 0,90 km
Areal 0,63 km²
Middeldjupn 1,7–3,6 m
Volum 1,09 millionar m³
Kystlengd1 km
Kart
Trehörningen i Sjödalen
59°13′45″N 18°01′11″E / 59.229166666667°N 18.019722222222°E / 59.229166666667; 18.019722222222
Wikimedia Commons: Trehörningen, Sjödalen
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Trehörningen er ein innsjø i Sjödalen i Huddinge kommun i landskapet Södermanland i Sverige. Innsjøen har truleg namnet sitt etter dei tre buktene. Innsjøen har vore i bruk av menneske ei god stund; i 2001 vart det funne ein stokkebåt ved Gullarängens gard i samband med ei drenering i nærleiken av innsjøen. Båten har opphavleg vore fire meter lang, og 60 cm brei, og er frå 1200-talet.

Mot sør grenser Trehörningen mot Orlångens naturreservat. Innsjøen har klipper som er eigna som utgangspunkt ved bading. All motorbåttrafikk, òg frå elmotorar, er forbode på Trehörningen.

Fram til 1971 rann vatn frå eit reinseanlegg ut i innsjøen. Dette tok slutt i 1971, då avløpsnettet vart kopla til Henriksdals reningsverk i Nacka. Innsjøen vart mudra, og nesten ein meter av sjøbotnen vart grave opp. Reinseanlegget ved Trehörningen vart bygd om for berre å handsame overflatevatn. Etter oppmudringa forsvann fuglar som tidlegare hadde samla seg om det næringsrike vatnet i innsjøen. Reinseanlegget vart stengt i 1990, og rive i 1996. For tida vert tilløpet til Trehörningen reinsa av berre eit gammalt og slite dunkersystem som er basert på sedimentdammar. Kvart år er det risiko for algevekst. Framleis er vatnet i innsjøen næringsrikt, trass i saneringa av avløpssystemet, og Huddinge kommun rekna det som ikkje mogeleg å anlegge badeanlegg ved innsjøen, sidan han ikkje innfrir vassavgjersler frå Naturvårdsverket. Ytterlegare mudring skal ikkje vere aktuelt.

Andre mindre elvar som munnar ut i Trehörningen kjem frå Sjövägen, Sofieberg og Kynäs.

Fuglelivet i innsjøen er rikt, med mellom anna dvergspett og grashoppesongarar. Innsjøen er òg rik på ferskvassvekster og strandvegetasjon. Ved Trehörningen kan ein òg sjå verna springpadder, padder og flaggermus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

59°13′45″N 18°1′11″E / 59.22917°N 18.01972°E / 59.22917; 18.01972