Treholt-saka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Treholt-saka var den største spionsaka i nyare norsk historie. Arbeiderpartipolitikaren og diplomaten Arne Treholt vart 20. januar 1984 arrestert på Fornebu flyplass og sikta for spionasje. Den 20. juni 1985 vart han dømd til 20 års fengsel og inndragning av 1,1 million kroner av Eidsivating lagmannsrett, for landssvik og spionasje til fordel for Sovjetunionen og Irak. Mellom annea fastslo retten at han hadde hatt ei rekkje hemmelige møtar i utlandet med KGB-folk som var utvist fra Noreg for spionasje, at han hadde avslørt graderte politiske og militære opplysninger til KGB, og at han hadde motteke store pengebeløp fra Iraks og Sovjets etterretningstjenestar, som til dels hadde vorte plassert på hemmeleg konto i Sveits.

Treholt anka dommen frå lagmannsretten til Høgsteretten, men trekte anka under forhandlingene i Høgesterett i 1986, og lagmannsrettsdommen vart dermed ståande.[1] Treholt har fire gonger ha straffesaka si gjenoppteken, og fått avslag alle gongene. Den siste anmodninga vart avslått av Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker i 2011, etter at Geir Selvik Malthe-Sørenssen, ein privatetterforskar engasjert av Treholt, hevda at bevisa i Treholt-saka var fabrikkerte. Malthe-Sørenssen vart i 2016 avslørt for å ha fabrikkert bevis som skulle reinvaske Treholt. Treholt sine anmodningar om gjenopptaking vart også avvist av Høgsteretts kjæremålsutvalg i 1988 og 1992 og av Kommisjonen for gjenopptagelse av straffesaker i 2008.[2]

Domen[endre | endre wikiteksten]

Domen vart på fleire hundre sider, og nesten 100 sider vart gradert hemmeleg med det same. Etterkvart vart delar av domen nedgradert,[3] men løyndomar i og i samband med domen førte til stor interesse hjå almenta og pressa. [4] [5] [6] [7] [8] [9] [10] [11] [12] [13]

Den kalde krigen på 80-talet[endre | endre wikiteksten]

Regjeringa Willoch fekk tåle mykje kritikk for denne saka i 1985.[14][15] Det vart òg partipolitisk debatt om domen fordi det viste seg at eit fleirtal av domarane var Høgre-folk. [16] [17]

Treholt vart send til Forsvarets Høyskole i 1982 trass spionmistanke[endre | endre wikiteksten]

Før Treholt fekk plass på Forsvarets Høyskole hadde han ikkje tilgang til hemmelege dokument som gjorde har han kunne tiltalast på grunnlag av spionparagrafen. Før 1982 vart det berre tale om brot på teieplikta. Mange meinte at regjeringa Willoch ikkje burde la Treholt få viten om alle militære løyndomar som elevane på denne skulen fekk adgang til. Regjeringa vart såleis medskuldige til at militære løyndomar kunne koma i hendene på potensielle fiendar. [18] [19] [20] [21] [22] [23] [24] [25]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/article2296861.ece
  2. http://www.gjenopptakelse.no/fileadmin/download/Sammendrag_2010_0092.pdf
  3. https://www.nettavisen.no/nyheter/3166364.html
  4. https://www.nrk.no/norge/--vil-avmystifisere-treholt-dommen-1.7664179
  5. https://www.nrk.no/norge/usignert-treholt-dom-er-funnet-1.517812
  6. http://static.vg.no/uploaded/vgdesk/filer/2010/treholt/treholt_dommen.pdf
  7. https://www.nrk.no/hordaland/offentliggjor-treholt-dom-1.205468
  8. https://www.aftenposten.no/norge/i/6naL3/Historien-om-Treholt-saken
  9. https://www.ba.no/static/local/treholt/treholt.pdf
  10. https://www.aftenposten.no/norge/i/Ea1rP/Finner-ikke-Treholt-dom
  11. https://www.dn.no/nyheter/politikkSamfunn/2005/12/20/treholtdom-kan-vaere-ugyldig
  12. https://frifagbevegelse.no/article-6.158.68244.12bbeeb28d
  13. http://stavrum.blogg.no/1363619445_mister_hodet_i_trehol.html
  14. http://www.dagogtid.no/nyhet.cfm?nyhetid=1849
  15. http://bil.bt.no/nyheter/iriks/article2810540.ece
  16. https://www.bt.no/nyheter/innenriks/i/X9Kom/Hevder-Treholt-dommen-var-partisk
  17. https://www.aftenposten.no/norge/i/04APo/--Treholt-dommen-var-partisk
  18. http://vgd.no/index.php/samfunn/aktuelt/tema/1600511/innlegg/
  19. https://www.vg.no/nyheter/innenriks/trodde-treholt-skulle-tas-langt-tidligere/a/555501/
  20. https://www.dagbladet.no/nyheter/trodde-treholt-skulle-tas-langt-tidligere/65286238
  21. https://nbl.snl.no/Arne_Treholt
  22. https://www.vg.no/nyheter/innenriks/treholt-saken/dette-er-bevisene-som-felte-treholt/a/10036479/
  23. https://www.nrk.no/norge/ekskona_-kan-ikke-tilgi-treholt-1.7328589
  24. https://www.dagsavisen.no/nyemeninger/ny-treholt-skandale-1.431769
  25. https://www.tv2.no/a/10021547/