Trekanten-sjøen

Koordinatar: 59°18′42″N 18°00′56″E / 59.31167°N 18.01556°E / 59.31167; 18.01556
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trekanten
innsjø
Trekanten mot aust, sett frå Trekantenbadet, hausten 2010
Land  Sverige
Nedslagsfelt 0,6 km²
Areal 0,135 km²
Middeldjupn 4,4–7,0 m
Volum 570 000 m³
Kart
Trekanten-sjøen
59°18′42″N 18°01′00″E / 59.311666666667°N 18.016666666667°E / 59.311666666667; 18.016666666667
Wikimedia Commons: Trekanten (lake)

Trekanten (tidlegare namn Trehörningen) er ein innsjø i bydelane Gröndal og Liljeholmen i Söderort i Stockholm kommun.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Trekanten på 1920-talet med området Nynäs.
Restar etter lettindustriområdet Nynäs.

Fram til midten av 1800-talet heitte innsjøen Trehörningen. Ved nordsida til trekanten ligg området Nynäs, som mellom 1880- og 1980-talet var ein arbeidarforstad med bustader og industri. Her var det mellom anna garveri, ein forniklingsfabrikk, eit kaffibrenneri, ein blekkslagarverkstad og fleire mekaniske verkstader. På Nynäs låg òg eit bakeri som bakte den velkjende Nynäslimpan. I 1980 vart dei siste restane av Nynäskvartalet rive, og det nybygde kontorkomplekset til Anticimex var alt på plass.

Medan det endå stod bygningar frå gamle Nynäs, vart desse ein realistisk kulisse i Bo Widerberg-filmen Joe Hill frå 1970. Dei forfalne husa skulle førestille «Lumberyard» og «Saloon».[1]

I dag er det berre ein verna bygning frå industriepoken; ein raud tomannsbustad bak kontoret til Anticimex. Elles vitnar gamle bygningsfundament og gråsteinsmurar om gamle tiders industri. For gjeldande reguleringsplanar er områdd merka som park.

I 1904 vart eit nybygt vassreservoar (Trekantreservoaren) sluttstasjon for den nye hovudvassleidninga Norsborg-Stockholm. På høgda bak trekanten står den no ombygde Nybohovsreservoaren. Vassleidninga er enno Stockholms viktigaste med tanke på drikkevassforsyning frå sør.

Innsjøen Trekanten[endre | endre wikiteksten]

Trekanten ligg i eit parkområde ved Liljeholmen-Gröndal. Rundt innsjøen er det ein tursløyfe som er ein del av Hälsans Stig i Liljeholmen. Innsjøen blir gjerne brukt til fiske, og det blir sett ut aure og regnbogeaure her. Ein treng likevel fiskekort for å fiske her. På vinteren kan ein stå på skeiser på innsjøen, då Stockholms kommun brøyter ein bane på isen. Trass i namnet sitt, er innsjøen snarare langstrekt enn trekanta. Trekanten har utløpet sitt i Liljeholmsviken, via ein kulvert under Trekantsvägen.

Trekanten før og nå[endre | endre wikiteksten]

Bileta viser Nybohovsberget, med Trekanten under, omkring 1900 og i september 2010. På venstre bilete kan ein sjå industriområdet Nynäs ved nordsida av innsjøen. På høgre bilete kan ein skimte Anticimex kontorkompleks gjennom buskaset.


Vasskvalitet[endre | endre wikiteksten]

Trekantens oppsamlingsbasseng, med Nybohovs vattenreservoar på høgda i bakgrunnen.

For å betre vasskvaliteten i innsjøen tilførte Stockholm Vatten frå 1982 av drikkevatn til innsjøen, og frå 1983 vart utpumping av botnvatn starta. Fosforinnhaldet i overflatevatnet minska kraftig, men innsjøen er framleis næringsrik. Blågrønnalger er vanleg på sommaren, med oksygenmangel i botnvatnet som resultat.

Siden hausten 2008 har det òg blitt drive eit lite reinseanlegg for overflatevatn ved vestsida av Trekanten. Vatnet kjem i røyr frå Aspudden og Gröndal. Reinseanlegget er plassert under ei ny gangbru mellom innsjøen og oppsamlingsbassenget. I dei tilfella der reinseanlegget ikkje har tilstrekkeleg kapasitet til å ta unna overflatevatnet, vert overskotsvatnet samla i oppsamlingsbassenget fram til reinseanlegget igjen har ledig kapasitet.[2]

Trekantenbadet[endre | endre wikiteksten]

Nordvest i innsjøen, i Gröndal, ligg Trekantenbadet, som opna i 1972. Badeplassen består av ei lita sandstrand som vart renovert våren 2008, og ei større grasmatte til soling. Det er òg ei flytebrygge og ein utandørsdusj her.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Informasjonstavle på staden
  2. Kring Trekanten

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

59°18′42″N 18°00′56″E / 59.31167°N 18.01556°E / 59.31167; 18.01556