Trekkie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Trekkie eller trekker er namn som vert brukt på ihuga fans av science fiction-franchisen Star Trek.

Det finst mange Star Trek-fanklubbar. Den største er for tida STARFLEET International som har om lag 4000 medlemmer. I Noreg er den største fanklubben Trekkers Norge, som er i oppstartsfasen.

Trekkieliv[endre | endre wikiteksten]

Nokre Trekkers reiser regelmessig på Star Trek-samlingar (ofte kalla «cons»), og er nokre gonger bitre rivalar av ihuga Star Wars-fans. Slike samlingar har enno ikkje vore arrangerte i Noreg, men det blir stundom halde samlingar i vårt naboland Sverige. Trekkers Norge planlegg den første norske samlinga juli 2006 i Stavanger (Warp 2006).

Oppfattingar utanfrå[endre | endre wikiteksten]

Omgrepet «trekkie» blir nokre gonger sett på som nedsetjande, kanskje fordi det blir sett på som ein parallell til omgrepet «groupie». Somme Star Trek-entusiastar brukar i staden omgrepet «trekker», mens andre tykkjer det sistnemnte blir snobbete og av den grunn vel å identifisere seg som «Trekkies».

Det er ei vanleg mistyding at blant trekkies finn ein folk som snakkar det konstruerte Klingon-språket. Røynsla er annleis ettersom nokre av dei som snakkar språket mest flytande er meir språkentusiastar enn folk som er opptatt av Star Trek. Dei fleste trekkies har berre det heilt grunnleggjande ordforrådet av klingonsk — som nokre få, vanlege ord som har vore brukt eit utal gonger gjennom serien. Dei har som regel ingen kjennskap til setningsoppbyggjing eller presis uttale.

Ein dokumentarfilm frå 1997 kalla Trekkies handlar om nokre av desse tilhengjarane.

Trekkies har vorte parodierte i fleire filmar, mellom anna Galaxy Quest. William Shatner framførte ein kjent sketsj på Saturday Night Live som også parodierte trekkies.

Trekkiegrupper[endre | endre wikiteksten]

Alle «trekkies» er for øvrig ikkje heilt like. Enkelte kan ha ulike seriar dei liker betre enn andre. Medan somme er fan av originalserien frå slutten av 60-talet er det andre som er mest glad i Star Trek - The Next Generation, eller ein av dei andre seriane som er laga. Det er også fans av pocketbøkene som omhandler karakterar og hendingar i Star Trek-universet.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]