Treklatrarar
| Treklatrarar | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Passeriformes | |
| Familie: | Sturnidae | |
| Slekt: | Rhabdornis | |
| Artar | ||
Treklatrarar, tidlegare kalla filippintrekryparar[1], er tre artar av små sporvefuglar endemiske til Filippinane. Somme autoritetar har rekna slekta Rhabdornis som einaste i sin eigen familie Rhabdornithidae. Clementslista, versjon 6.6 frå august 2011 [2] tok inn slekta i starefamilien.
Treklatrarar liknar trekryparar, Certhiidae, i utsjånad med mørk brun overside og lys underside. Dei har ei kvit augestripe.[1] Kjønna har ulike farger i fjørdrakta. Dei søkjer insekt i borken med det svakt nedoverbøygde nebbet. Tunga er børsteliknande og gjer dei dessutan i stand til å ta nektar frå blomar og dei kan òg ete av frø og frukt. Dei har sterke bein med lange klør. Treklatrarar plasserer reiret i ei sprekk i treet. Dei er ikkje trekkfuglar, anna enn ved lokale streif.
Artar [endre]
- Stripetreklatrar, Rhabdornis mysticalis
- Stortreklatrar, Rhabdornis grandis
- Bruntreklatrar, Rhabdornis inornatus
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Philippine creeper» frå Wikipedia på engelsk, den 2. desember 2010
- Treklatrere på snl.no
Referansar [endre]
- ↑ 1,0 1,1 Artikkel treklatrere på snl.no
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2011) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.6.xls/view, henta 25. januar 2012
Bakgrunnsstoff [endre]
- Don Robertson's Bird Families of the World: Rhabornises. Bilete av alle tre artar. Oppdatert 25. januar 2006. Lest 2. desember 2010.