Trelleborg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 55°22′00″N 13°10′00″E

Trelleborga i Trelleborg

Trelleborg er ein svensk by og centralort i Trelleborgs kommun i Skåne län i landskapet Skåne. I 2005 hadde byen 25 643 innbyggjarar.

Trelleborg er den sørlegaste byen i Sverige. Han fekk kjøpstadsrettar i 1257, men Trelleborg var busett alt på 700-talet. I dag er Trelleborg ein vakker industriby ved sjøen. Den viktigaste industrien er gummi (Trelleborg AB), men Trelleborg blir sett på kartet på grunn av den store hamna i byen (Trelleborg Hamn AB). Her går det båtsamband med Scandlines, TT-Line og Unity Line til Sassnitz, Rostock, Travemünde og Swinoujscie. Andre store føretak i Trelleborg er Dux og Akzo Nobel Inks (FlintGroup).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Trelleborg er nemnd for første gong i 1257, men var busett alt på 700-talet. Namnet Trelleborg kjem frå ei trelleborg som er frå vikingtida. Borga blei oppdaga på 1980-talet, og blei restaurert på 90-talet. Den blir i dag bygd vidare ut, og den nye Trelleborga skal vere klar sommaren 2007.

Den første kyrkja i Trelleborg, St Nicolai kyrka, blei påbyrja på 1200-talet og er teikna av arkitekten Helgo Zettervall. Det blei òg bygd eit stort fransiskanarkloster i 1247 eller 1267, men det er berre små delar av grunnmuren som framleis står på Gamla torg.

Trelleborg blei med på flyttelasset då den danske prinsessen Sophia gifta seg med den svenske kongen Valdemar Birgersson. Trelleborgarane byrja då å betale skatt til Sophia og Valdemar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Trelleborg