Tremadocium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tremadocium er den første internasjonalt godkjende alderen i ordovicium i paleozoikum. Han varte om lag 9,7 millionar år, frå om lag 488,3 ± 1,7 til om lag 478,6 ± 1,7 millionar år sidan.

Tremadocium starta med at havnivået steig og dekte store landområde. Spor av dette er funne i Austersjøen og indikerer at det var tre eller fire slik hendingar i tremadocium. Dei grunne havområda dekte ein mykje større del av landjorda enn det gjer i dag.

Grensa som er vald for starten på både tremadocium og ordovicium er særs nyttig. Sidan han samsvarar så bra med førekomstar av graptolittar, konodontar og trilobittar, gjer byrjinga av tremadocium at forskarar ikkje berre kan sette dei forskjellige artane i samanheng til kvarandre, men òg artar som ein fann i lag med dei innanfor same område. Dette gjer det enklare å plassere mange andre artar til andre tider i forhold til byrjinga av ordovicium.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Ordovicium
Nedre/tidleg ordovicium Mellomordovicium Øvre/sein ordovicium
Tremadocium | Floium Dappingium | Darriwilium Sandbium | Katium
Hirnantium