Tremiti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tremiti
San Domino i Tremiti
San Domino i Tremiti
Geografi
Tremiti is located in Italia
Stad Adriahavet
Koordinatar 42°7′N 15°15′EKoordinatar: 42°7′N 15°15′E
Areal 3 km²
Administrasjon
Land Italia
Region
Provins
Puglia
Foggia
Demografi
Folketal 367
Folketettleik 122 /km²

Tremiti er ei øygruppe i Adriahavet nord for Garganohalvøya. Ho består av ein kommune i provinsen Foggia og dannar delar av Gargano nasjonalpark (Parco nazionale del Gargano). Øyane har ei historie med mange jordskjelv og kjeldeordet tremolanti, som tyder skjelving.

Øyane vart nytta til internering av politiske fangar under Benito Mussolini sitt fascistregime. To tusen år tidlegare hadde keisar Augustus nytta øya til det same då han sende barnebarnet sitt Julia den yngre i eksil på ein av desse øyane (då kalla Trimerus).

Øya er i dag ein viktig turistdestinasjon på grunn av det klåre vatnet rundt dei.

Øyar[endre | endre wikiteksten]

  • San Domino er den øya som er mest utvikla for turisme i øygruppa og har den einaste sandstranda.
  • San Nicola er øya der flest innbyggjarar bur. Det ligg eit kloster på øya der ein munken Nicolò vart gravlagd. Ei segn fortel at kvar gong nokon prøver å flytte leivningane hans frå øya, så vil det oppstå ein kraftig storm som gjer det umogeleg å ferdast på havet.
  • Capraia (eller Capperaia) er ei aude øy og dannar i dag ein del nasjonalparken.
  • Cretaccio er ei øy av leire og derfor ikkje busett.
  • Pianosa er ei lita øy som ikkje er busett. Ho er opp til 15 meter høg og i grov sjø slår stundom bølgjene over ho.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]