Trenagle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trenagle som har vore brukt i grindløe.
Skråbanda i eit grindnaust er festa med gjennomgåande trenaglar
Naglen som bind bandet til bordinga er åretta. Øvst er det sett ein bandsaum gjennom band og bord.

Ein trenagle er oftast ein tilnærma sylinderforma nagle av tre som hovudsakleg vert brukt til å binde saman trekonstruksjonar. Naglen har ofte hovud. Han kan verka på same måte som ein spikar, ved å halda saman to trestykke, og som ein bolt, ved å halda saman fleire enn to stykke.

Trenaglar har vore i bruk til bygging sidan førhistorisk tid fordi treverk tradisjonelt var lettare tilgjengeleg og lettare å jobba med enn metall. Naglar hadde òg den fordelen framfor metall at dei ikkje rusta, noko som kunne gjera dei meir haldbare i visse høve, til dømes i båtar.

Bruk i hus[endre | endre wikiteksten]

I gamle grindbygningar kan det ha vore brukt berre trenaglar til å binde saman huset. Til å feste skråbanda, som bind saman stavar og betar, vert det brukt lange, grove naglar. Dei har eit stort, meir eller mindre for seg gjort hovud. Andre enden, som går gjennom konstruksjonen, endar ofte i ein spiss. Ein grov navar vert brukt til å bore hol for naglen gjennom bandet og staven. Naglen må vere så trong at den må drivast med tung reiskap, sleggje eller øks. Han må likevel ikkje vere så vid at materialane vert sprengde. Slike naglar vert ikkje festa på annan måte. Dei er ofte 25–30 cm lange.

Trenaglar vert og brukte til å feste bordkledningen, til å feste sperrer til rafta og til å halde store steinheller fast på taket. Desse naglane er oftast av eine.

Bruk i båt[endre | endre wikiteksten]

Ved bygging av trebåtar vert det brukt trenaglar. Når det trekkjer til seg vatn vidar treet seg ut slik at naglane bind plankane betre saman. Ein viktig grunn til å bruke dei i vikingskip og andre båtar som vrid seg mykje i sjøen, er at dei ikkje skadar trevirket på same måten som metall vil gjere. Båtkyndige hevdar at trenaglar egnar seg best til festemiddel i trebåtar. [1]

Klinkerbygging[endre | endre wikiteksten]

Trenaglar, som bind bandet til båtborda, vert åretta innvendig.

I ein klinkerbygd bruksbåt vert innveden negld til bordinga. Med innved vert meint grovare emne som stør båthuda innvendig: esing, band, betar og renger. Innveden vert klemd fast på sin plass. Så vert det bora gjennom band og bord med navar eller bor. Det vert bora innanfrå. Utvendig vert det så skore ut for naglehovudet. Til det har delvis vorte brukt ein særskild reiskap: Naglehovudutskjer eller verar. Han har ein jarnbolt som passar inn i nagleholet, og ei kjegleforma jarnhylse med ei kvass egg vert vreda rundt utvendig. Den tilsmia naglen vert så slegen inn i holet frå utsida. Hovudet må vere passeleg stort, så det ikkje går for langt inn eller klovnar. På innsida vert naglen låst. Det skjer ved at ein kile, ei årette, vert slegen inn i enden av naglen, slik at nagleenden vert splitta og pressa hardt ut i holet. Trebåtar vrir seg ofte i sjøen, og det er viktig med naglar som sit godt.

I båt har naglane ulik utsjånad og grovleik alt etter bruksområde. For naglane som held banda og rengene er ein vanleg regel at naglen skal ha same tjukkleik som bordet, og at bandet er tre gonger nagletjukta. Til å lage tiljer i båten vert det brukt mjukare nagler utan hovud. Dei har markerte kanter som pressar naglen fast når han vert inndreven.

Kravellbygging[endre | endre wikiteksten]

Til kravellbygging av båtar og skip har det og vore brukt trenaglar. Når garnering og hud skal festast til spanta, går det med store mengder naglar. Til bygging av ei jakt på 75 fot går det til døms med om lag 4000 naglar, med ei samla lengd på om lag 1500 meter.

Etter at spanta vart reiste vart garneringa festa mellombels med tynne firkanta naglar, som vart kilte i koniske navarhol som gjekk eit stykke inn i spanta. Når huda skulle festast vart det bora gjennom hud, spant og garnering. Så vart det slege inn trenaglar. Dei var oftast utan hovud. Dei vart avsaga utvendig og innvendig. Så vart dei festa. Innvendig vart dei festa med årette. Til utvendig sikring har det i Noreg vore vanleg å slå inn ein døytel (dutle). Det er ein pyramideforma kile som vert innslegen sentralt i nagleenden, som vart pressa ut i huda. Andre stader har det vore vanleg å slå inn eit kryss av ein tynn drevtråd. Naglar til kravellbygging er gjerne 8-kanta. Dei krev mindre kraft til innslåing enn runde.

Smiing av naglar[endre | endre wikiteksten]

Det har vore vanleg at naglar både til hus og båt har vore ferdigsmia før bygginga tek til. Det har ofte vore innahus kveldsarbeid. For å få naglen passe grov, vert den tilpassa i ei naglelo. Til smiing av naglar vel mange ein smal, mjuk og kvass kniv.[2]

Nagleved[endre | endre wikiteksten]

I Noreg er furu det dominerande treslaget til nagleved. Unntaksvis kan eine verte brukt. Beste nagleveden finn ein i den ytre malmveden eit stykke opp på furua. Han skal vere beinkløyvd og jamgåra. Kvist må unngåast. Når båtnaglen vert brukt, vert han helst sett med årringane på tvers av bordet og parallelt med bandet som vert festa til bordet. Åretta kjem alltid på tvers av bandet, så ho ikkje kan kløyve det.

Frå mellomalderen finn ein skipsnaglar av selje. Det gjeld mellom anna i Skuldelv 1 som vart bygd på Vestlandet om lag 1050.

Til kravellbygging kunne ulike tresortar verte brukte til naglar: Eik, furu, einer eller lucust.

Anna bruk av naglar[endre | endre wikiteksten]

Når ein vil ha ein nagle godt festa, kan ein bruke ein blindnagle. Då vert holet for naglen bora eit stykke inn i stokken den skal festast i. Så vert ei årette festa laust i enden på naglen. Når naglen vert dreven inn i holet, vert åretta pressa inn i nagleenden, som vert pressa fast i holet.

Når ein laftar, vert stokkane avstiva og samanbundne med dimlingar. Det er trenaglar som går ein stykke inn i to stokkar som ligg over kvarandre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Gjærder, Per: Vestnorske utløer i stavverk. Bergen 1976
  • Godal, Jon Bojer: Tre til båtar. Oslo 2001
  • Færøyvik, Øystein: Vestlandsbåtar. Oslo 1987
  • Hesthammer, Morten: «Trenaglar best i trebåtar», i Fartøyvern: Årshefte for Hardanger fartøyvernsenter. Hardanger fartøyvernsenter, 1996

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hesthammer, 1996
  2. Jakob D. Bjørkedal: Båtbygging i Bjørkedalen. Ord og uttrykk. Volda 1987

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]