Treskeverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Fig. 1 Treskeverk.
Fig. 1 Treskeverk.

Treskeverk er ei maskin som tidlegare vart nytta for å skilja korn frå aksa. Denne artikkelen handlar om stasjonær treskeverk, der energien som skulle til for å trekkja verket var overført med ei flatreim frå eit hestevandring, eit vasshjul, ei dampmaskin, eller ein traktor. For eit oversyn over ulike treskjemetodar sjå artikkelen tresking.

Innhaldsliste

[endre] Oppbygging

[endre] Treskeverket

Fig. 2 Oppbygging av treskeverk.
Fig. 2 Oppbygging av treskeverk.
Fig. 3 Ein god haust.
Fig. 3 Ein god haust.

Maskina vart mata frå toppen, der det stor ein eller fleire mann og skar av banda på kornbanda. Kornbanda gjekk rett inn i treskeverket, som bestod av ein roterande sylinder (slageren), som i ein vinkel på noko under 180o var omslutta av slagbrua, Fig. 2. Kjernane vart skilde frå aksa ved at aksa vert gnidd mot kvarandre når dei passerte mellom slageren og slagbrua. Periferihastigheita til slageren var omlag 28 til 32 m/s. Slagbrua var ofte laga av radialt stilte kantstål. Avstanden mellom slager og bru var stillbar og vart justert etter korntype, fuktigheit, osb. Avstanden i framkant, der neka kom inn, var ofte 10 til 20 mm, medan abstanden i bakkant kunne vera berre 6 til 8 mm [1]. Liten avstant gav betre uttresking, men førte òg til meir kjerneskade.

[endre] Halmristarane

EIn stor del av kjernane datt gjennom slagbrua, resten vart med halmen ut på halmristarane. Halmristarane hadde som oppgåve å rista halmen, slik at resten av kjernane datt gjennom han. På dei eldste treskjeverka vart ikkje kjernane reinska, men datt rett ned på golvet, saman med agner og halmrestar. Kjerner og agner vart samla i sekker og reinska seinare.

[endre] Renseverket

Då dei fyrste trekjeveka vart tekne i bruk vart reinskinga utført ved å kasta kornet bortover låvegolvet i høveleg trekk. Det var vanleg å utføra dette arbeidet med opne låvedører når det var litt trekk i lufta. Kjernane var tyngre enn agnene og halmstubbar og datt ned på kortare avstand enn dei lettare agnene og halmbitar. Etter kvart kom det separate renseverk som utførte dette arbeidet.

Nyare treskeverk, som det som er vist i Fig. 2, hadde innebygd reinskeverk. Kjerner og agner som vart rista ut av halmristarane datt da ned på ei plate som førte dei til reinskeverket. Nokre maskiner hadde berre eit reniskeverk, medan det i andre maskiner var delt i eit grovreinskeverk og eit finreinskeverk. Reinskeverka hadde sold med ppningar som sleppte gjennom kjernane, men blokkerte agner og halmrestar. Ei vifta sendte ein luftstraum opp gjennom solden, som blas agner og halmrestar ut av maskina. På eldre maskiner var solda laga av tre, medan nyare maskiner hadde metallsold. Solda var som oftast utskiftbare, slik at dei kunne tilpassast korntype og funtigheitsgrad. Sjølv om stasjonær treskjeverk arbeidde med tørka korn kunne funktigheitsgraden variere noko.

Det var viktig at det vart nytta rett type soll i grovrienskeverket og at vifta hadde rett turtal. Om luftstraumen frå vifta var for sterk var dei lettaste kjernane blese ut saman med agnene og kjenetapet auka. Om luftstraumen derimot var for svak kom det for mykje agner og halmrestar inn i finreinskeverket, slik at det vart overbelasta. Finrenseverket kunne vera utført som eit soldreinskeverk, eller som eit vindreinskeverk. I den siste typen datt kjerner og agner ned i ein luftstraum. Dei lette agnene og halmbitar vart blesne ut av maskina, medan dei tyngre kjernane datt ved i ei oppsamlingstrakt.

[endre] Soge

Fig. 4 Treskeverket til Meikle.
Fig. 4 Treskeverket til Meikle.
Fig. 5 Drift av treskjeverk med hestevandring.
Fig. 5 Drift av treskjeverk med hestevandring.
Fig. 6 Drift av treskjeverk med hestevandring.
Fig. 6 Drift av treskjeverk med hestevandring.
Fig. 7 Drift av treskjeverk med dampmaskin.
Fig. 7 Drift av treskjeverk med dampmaskin.
Fig. 8 Drift av treskjeverk med  damplokomobil.
Fig. 8 Drift av treskjeverk med damplokomobil.
Fig. 9 Drift av treskjeverk med  traktor.
Fig. 9 Drift av treskjeverk med traktor.

Heilt frå arilds tid hadde kjernane vorte slegne laus frå aksa med ei sloå. Dette arbeidet var både tungt og tidkrevjande. På 1700-talet vart det utført eksperiment med å nytta hestar og vasskraft for tresking. Ein metode gjekk ut på å legga kornet ut på ein plant underlag (ei treskeplate eller eit låvegolv) og så kjøyra tunge vogner over halmen, for å gni kjernane lause frå halmen. Slike vogner kunne ha ulik utforming. Nokre hadde tunge jarnhjul, andre hadde tunge trerullar med pinnar [2]. I 1754 foreslo svensken Trozellius å nytta fire koniske valsar, festa på ei roterande ramme, som vart dregen av hestar, eit vasshjul, eller ei vindmølle [2].

[endre] Tidleg utvikling

I 1788 tok skotten Andrew Meikle ut patent på eit treskeverk [2] [3], med ein roterande slagsylinder, Fig. 4, og underliggande slagbru. Meikle henta insprasjon frå maskiner som vart nytta for å banka ut fiber frå lin. Til skilnad frå seinare treskeverk slo maskina til Meikle laus kjernane, i staden for å gnir dei ut. Denne maskina vekte ikkje så stor interesse i Storbritania, men det skal ha vorte importert eit slikt treskjeverk til Sverige1890-talet og seinare vart det bygd liknande maskiner i Sverige [2]. Dei svenske maskinene hadde ein diameter på rundt 1,8 m og slagbrua omslutta rundt 1/4 av omkrinsen. Sjølv om desse maskinene fekk lita utbreiing på 1700-talet, la maskina til Meikle grunnlaget for utviklinga av seinare treskjeverk og skurtreskarar.

I Noreg tok òg ein til å eksperimentere med treskeverk mot slutten av 1700-talet. Dei fyrste maskinene var små handdrive maskiner og vart ofte kalla treskemaskiner. Det var fyrst og fremst i kornbygdene på Austlandet og i Trøndelag at slike maskiner vart bygd [4].

I 1802 kom skotten Alexander Hall til Skåne for å hjelpa Carl Georg Stjernsvärd med å bygga treskeverk. Året etter bygde Hall ein fabrikk for Stjernsvärd på Engeltofta Säteri i Skåne og Stjernsvärd bygde treskeverk både for eige bruk og for sal [2]. Dette var ein av dei fyrste landbruksmaskinfabrikkane i Sverige.

Maskiner av Meikle-typen fungerte best når alle aksa hadde same lengd og rundt århundreskiftet kom det mange forbetringar. Mellom dei mest kjente kan nemnast engelskmennene John Ball, som fekk patent på ein forbetra versjon i 1805, og H.P. Lee, som i 1810 fekk ein pris frå The Royal Society of Arts [5].

I fyrste halvdelen av 1800-talet var det mange som bygde sine eigne treskjeverk, medan andre kjøpte ferdige maskiner. Andre kjøpte dei mest kritiske delane og bygde resten sjølve. I byrjinga var treskeverka stasjonære og vart bygde på staden, som oftast i ein låve. Desse maskinene vart for det meste laga av treverk.

I tida frå rundt 1810 og utover kom det transportable treskeverket og etter kvart vart desse meir utbreidde (det fyrste transportable treskeverket vart truleg byggt i i 1800, i Austanglia). Eit av dei fyrste transportable treskeverka vart byggd av Samuel Owen i 1808 og i 1814 fekk han patent på maskina. På svenske storgardar tok treskeverk til å verta vanlege ut på 1830-talet og 1840-talet [2].

I 1842 byrja Akers Mekaniske Verksted å produsere treskeverk [4]. Utover 1850 og 1860-talet skaut utviklinga fart og i kornbygdene vart det meir og meir vanleg å nytte treskeverk.

Munktells Mekaniska Verkstads i Eskilstuna eksperimenterte med treskeverk i 1847. Det var truleg Johan Thermaenius som stod for konstruksjonen. Same året slutta Therminius hjå Munktells Mekaniska Verkstads og stifta sit eige føretak i Torshälla, der han tok til å produsera treskeverk i 1847. Munktells Mekaniska Verkstads starta produksjon av treskeverk i 1860.

I Frankrike tok Célestin Gèrard til å bygga treskeverk rundt 1850 [6] og i 1866 bygde han det fyrste franske transportable treskeverket.

[endre] Drift

Tidlege treskeverk vart ofte drive med hestevandring, Fig. 5 og 6, men der det var ei elv i nærleiken vart vasshjul og kvernkallar ofte nytta.

dampmaskiner vart tilgjengelege vart dei tekne i bruk for å driva treskeverk, Fig. 7. Både treskeverk og dampmaskiner var utstyrte med hjul og vart flytta frå gard til gard med hestar. I tida frå 1850 og utover kom det damplokomobilar på marknaden og desse vart tekne i bruk både for å flytta og for å driva treskeverk, Fig. 8. Det hendte at gneistar frå dampmaskiner sette fyr på halmen og då kunne både treskeverket, som var laga av tre, og mykje av avlinga gå tapt. Det vart difor nytta ei lang reim, slik at dampmaskina kunne plasserast så langt unna treskeverket og halmen som muleg.

Dampmaskinene krevde mykje tilsyn. Når arbeidet var ferdig om kvelden måtte oska rakast ut og sotet fjernast frå fluene i kjelen. Om morgonen måtte fyrbøtaren tidleg opp for å få opp nok damp før den fyrste økta tok til. Det var òg mykje arbeid med å skaffa ved eller kol. I land med lite skog og kol vart halm nytta som brensle. Det gjekk òg mykje vatn, som måtte hentast frå næraste bekk eller vatn. Vatnet måtte måtte vera rimeleg reint om ein skulle unngå kjelestein og andre problem. Det vart sagt at om fyrbøtaren ikkje ville drikka vatnet ville han heller ikkje ha det på kjelen.

traktorar vart vanlege, i tida etter 1910 (i Noreg ikkje før etter 1920), erstatta dei dampmaskiner og lokomobilar som drivkjelde, Fig. 9. Elektrisk drift vart òg nytta etter som det vart byggd kraftverk.

[endre] Protestar

I Storbritania førte innføringa av treskeverk stundom til arbeidsløyse hjå jordlause arbeidarar og i Sør- og Austengland kom det i 1830 og 1831 til valdelege protestar, der rundt 400 treskeverk vart knuste eller set fyr på. Myndigheitene reagerte med å hengja 19 av demonstrantane og 481 av dei vart forviste til Australia [5]. Protestane førte til at engelske gardbrukarane i tida rett etter protestane vart forsiktige med å investere i treskeverk. Det var òg protestar i Belgia, Frankrike, Polen, Sveits og Tyskland [7].

[endre] Ulukker

På 1800-talet var ikkje folk vane med mekaniske innretningar og kunnskapen om korleis eit treskeverk fungerte var liten i starten. Dette førte til mange stygge ulykker. Om den som mata inn kornbanda på toppen av maskina glei eller trødde feil kunne han få ein fot ned i innmatingsrullen. På 1800-talet var det inga innkapsling av drivverket og laustsittjande klede kunne setta seg fast i reimer og tannhjul. Maskinene hadde ikkje naudstopp, så skadane kunne ofte verta alvorlege [7]..

[endre] Referansar

  1. Hansen, K., Landbrugets redskaber of maskiner, Det Kgl. Danske Landhusholdningsselskab, 1955.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 , Moberg, Harald, A:son, Jordbruksmekanisering i Sverige under tre sekel, Kungl. Skog- och Lantbruksakademien, 1989.
  3. , Brigden, R., Harvesting machinery, Shire Publications, 2003.
  4. 4,0 4,1 Gjerdåker, B., Norges landbrukshistorie III - 1814 - 1920, Det Norske Samlaget, 2002.
  5. 5,0 5,1 Quick, G. og Buchele, W., The grain harvesters, Am. Society of Agriculture Engineers, 1978.
  6. Cherovrier, J. og Noulin, J., Société Française de Metériel Agricole et Industriel Vierzon, ETAI, 2001.
  7. 7,0 7,1 Threshing machines, Foxearth & District Local History Society

[endre] Bakgrunnstoff

Commons har multimedia som gjeld: Treskeverk


[endre] Sjå òg

Personlege verktøy