Trespass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trespass
Studioalbum av Genesis
Språk engelsk
Utgjeve 23. oktober 1970
Innspelt Juni til juli 1970
Studio Trident Studios
(London, England)
Sjanger Progressiv rock, folkrock
Lengd 42:56
Selskap Charisma
Produsent John Anthony
Genesis-kronologi 
From Genesis to Revelation
(1969)
Trespass Nursery Cryme
(1971)


Singlar frå Trespass
  1. «The Knife»
    Utgjeve: Mai 1971

Trespass er det andre studioalbumet til Genesis, gjeve ut i oktober 1970 på Charisma Records. Det vart det siste albumet med gitaristen Anthony Phillips og det einaste med trommeslagaren John Mayhew. Albumet hadde ein folkemusikkaktig progressiv rock-stil som var markant forskjellig frå debutalbumet eller dei tidlege singlane deira.

Genesis vart profesjonelle hausten 1969 og byrja å øve intenst og halde konsertar. Etter fleire månader på turné, mellom anna som husband hos Ronnie Scott's, ein klubb i hjartet av Soho i London, sikra dei seg platekontrakt med Charisma Records og gjekk inn i Trident Studios i London i juli 1970 for å spele inn Trespass. Musikken ar ein avstikkar frå dei meir poporienterte songane frå debutalbumet From Genesis to Revelation, mot progressiv rock med ein smak av folkrock. Dette varierte frå lette akustiske stykke med fleire 12-strengsgitarar til tyngre konsertfavorittar som «The Knife». Plateomslaget var det første av fleire som vart designa av Paul Whitehead, med ein kniv som har kutta tvers over omslaget.

Kort tid etter innspelinga slutta Phillips i gruppa, noko som nesten førte til at Genesis vart oppløyst. Etter diskusjonar valde dei å halde fram og erstatta i same slengen Mayhew med Phil Collins. Trespass vart ikkje ein stor suksess då det kom ut og gjekk ikkje inn på salslistene i verken Storbritannia og USA, og fekk generelt middels omtale frå kritikarane. Det selde derimot godt i Belgia, som var med på å halde bandet i gang. Ei nyutgjeving nådde så vidt topp 100 i Storbritannia i 1984.

Bakgrunn og innspeling[endre | endre wikiteksten]

I august 1969 valde Genesis å bli eit profesjonelt band. Grunnleggjarane - vokalisten Peter Gabriel, gitaristen Anthony Phillips, bassisten Mike Rutherford og klaverspelaren Tony Banks – hadde fått med seg trommeslagaren John Silver.[1] Dei kvitta seg med produsenten Jonathan King og valde å skrive meir komplekse songar enn popsongane frå debutalbumet. Gabriel hugsa at gruppa ønskte å utforske ei blanding av musikkstilar.[2] Gruppa kjøpte utstyr, mellom anna ein bassgitar og eit Hammondorgel og spelte inn songar i Regent Studios som ein demo, inkludert «White Mountain» og «Family» (som vart «Dusk»). Silver slutta så for å studere i USA.[1]

I september heldt Genesis dei første konsertane sine som profesjonelt band, og spelte på lokale klubbar og universitet med den nye trommeslagaren John Mayhew.[3] Mayhew – den eldste og mest erfarne musikaren - kom frå ein annan bakgrunn enn resten av bandet. Phillips hugsa at trass i at dei prøvde å gjere han komfortabel, var trommeslagaren usikker på spelinga si.[4] Tidleg i 1970 sikra dei seg ein seks veker lang spelejobb som husband hos jazzklubben Ronnie Scott's i Soho i London, der dei vart oppdaga av Charisma Records-produsenten John Anthony. Han overtalte sjefen sin, Tony Stratton-Smith, om å gje dei kontrakt.[5] Gruppa ønskte å bryte ut frå den poporienterte stilen dei hadde i starten og skrive og framføre songar som var ulikt det andre band gjorde på den tida.[6] Rutherford sa seinare at konsertlivet var «hardt, men ein bra måte å forme musikken på».[7] To songar kom med til det neste albumet, «Looking for Someone» og «Stagnation», som vart spelte for ei BBC-innspeling i februar 1970.[8]

Etter fleire månader med konsertar, hadde Genessis nok songar. I juni trekte dei seg attende til Trident Studios i London for å spele inn eit nytt album. John Anthony vart med dei som produsent og lydteknikar, og songane vart spelte inn på ein 16-sporsopptakar.[6] Phillips hugsa at innspelinga berre var «litt meir sofistikert» enn From Genesis to Revelation, og meinte at Anthony mislikte måtte la nokon «droppe inn» individuelle delar. Han hugsa ei innspeling der Rutherford måtte lytte til fleire minuttar av sporet før han la ned gitarpartiet sitt, men hadde i løpet av de tida blitt nervøs og spelte feil.[9] Gruppa hadde nok materiale til å spele inn to album, men kjende at somme av songane ikkje var bra nok. Dei valde ut dei beste songane for Trespass.[6][10] Innspelinga tok det meste av månaden, der dei prøvde forskjellige idear og omarrangerte songane, i så stor grad at Charisma lurte på om dei hadde flytta inn i studioet.[11] Dei samarbeidde godt med Anthony, og sa seinare at bidraga hans var viktige i utforminga av albumet.[12]

«I Genesis prøvde me å ta med akustisk og elektronisk musikk i same nummer,» sa Gabriel i 1982. «På den tida var det fleire grupper som prøvde å få stykke til å endre stemning på den måten. Når eg lyttar attende på det no, er det noko som får meg til å krype saman, og noko av det kunne ha blitt gjort langt betre, men eg visste at somme ting gjekk i riktig retning. Me lærte alle noko av det på den tida.»[13]

Songar[endre | endre wikiteksten]

Ssongane på albumet sprang ut frå ein eller to av medlemmane som tok med seg idear som kunne utviklast, eller at gruppa arbeidde ut eit arrangement frå botnen av. Banks sa seinare at «me hadde heldt konsertar ei stund og alle songane på albumet var blitt framført på scenen. Me hadde eit utval av minst dobbelt så mange songar som finst på albumet og versjonane endra seg raskt.»[6] Rutherford klaga på at songane alt var blitt komponert og arrangert på førehand, og at det var få høve til å endre stilen, arrangementa eller retninga i studio.[14] Bandet baserte seg på soul-påverknaden til Gabriel, i tillegg til klassisk musikk, pop og folkemusikk, og brukte mykje Phillips og Rutherford sine 12-strengsgitarar.[2] Gabriel likte særskild kombinasjonen av 12-strengsgitarane og meinte dei gav gruppa ein meir unik og nyskapande stil.[15] Songane vart ofte skrivne av par, med Phillips og Rutherford, og Banks og Gabriel, som utvikla songar kvar for seg og presenterte dei for gruppa for vidare utvikling.[16]

Albumet opnar med «Looking For Someone», som byrjar med Gabriel på vokal, berre akkompagnert av eit orgel. Seinare er dette blitt skildra som «så pass særeige at det skilde dei frå flokke i løpet av sekund».[17] Han kom opp med songen som så vart utvida og utvikla av gruppa, frå ein soul-inspirasjon til folkemusikk undervegs.[18] Avslutninga på songen mot slutten vart skriven av heile gruppa.[19] Paul Stump skreiv i 1997 at det er «eit frekt nærvære av eit riff» frå «I Am the Walrus» av The Beatles i songen.[20]

«White Mountain» og «Dusk» var blitt utarbeidd av Banks og Rutherford før dei valde å spele inn albumet. Heile gruppa arbeidde med musikken på «Stagnation», som opphavleg heitte «Movement», og som Gabriel skreiv tekst til.[21] «Visions of Angels» vart spelt inn for det førre albumet, From Genesis to Revelation, men ikkje nytta då bandet ikkje var nøgd med nokre av opptaka. Denne vart så spelt inn på ny for Trespass.[16] Han hadde opphavet sitt i eit pianostykke av Phillips frå 1968, på ei ti då pianoteknikken hans var avgrensa, men kunne skape ein «iherdig» stil som minna som songar av The Beach Boys og The Beatles.[22] Han har eit meir enkelt vers/refreng-struktur enn somme av dei andre songane.[23][24] «Stagnation» og «Dusk» synte den kombinerte 12-strengsgitarstilen til Phillips og Rutherford, i lag med Banks som tok føringa på piano, orgel og Mellotron. Dette vart varemerket til tidleg Genesis.[25] Rutherford sa seinare at det var kring ti akustiske gitarar på delar av «Stagnation», men dei kansellerte kvarandre ut i den endelege miksen.[26] Gabriel skildra sporet som ein «reisesong» med mangel på ein meir typisk vers/refrengstruktur, og dei forskjellige stemningane som endrar seg.[27] På eit punkt i utviklinga av songen var han kring 13 minuttar lang, før seksjonar vart fjerna eller endra. Introen vart verande uendra.[28]

«The Knife» var skriven av Gabriel og Banks. Han heitte opphavleg «The Nice» som ei hyllest til The Nice, og orgelet på sporet vart komponert for å likne på stilen til Nice-organisten Keith Emerson.[19] Som fans av gruppa vart Genesis inspirert til å skrive ein tyngre rockesong som Gabriel sa var «noko meir farleg» samanlikna med dei meir delikate, akustiske songane. Han la til: «Det var den førte toppen av ein mørkare energi me oppdaga».[29] Han varte opp mot 19 minuttar på konsertane deira, men vart redusert til åtte på albumet.[30] Gabriel skreiv teksten som ein parodi på ein protestsong.[25]

Phillips sa seinare at songane «Everywhere is Here», «Grandma», «Little Leaf», «Going out to Get You», «Shepherd», «Moss», «Let Us Now Make Love» og «Pacidy» var songar som ikkje vart utvikla vidare i studio.[31] Banks sa at «Going out to Get You» var for lang til å få plass på albumet i tillegg til at «The Knife» måtte få delar kutta ut for å få plass.[6]

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Trass i at innspelingane vart skildra som «behaglege» og ikkje rekna som vanskelege,[32] var Phillips blitt ukomfortabel med den musikalske retninga til bandet, og var ikkje nøgd med å spele så mange konsertar, som tok vekk tid til å skrive komplekse songar som «Stagnation». Han meinte òg at det var for mange låtskrivarar i gruppa og at det var vanskeleg å få igjennom idear. Kort tid etter slutta han i gruppa.[33] Rutherford sa seinare at Phillips såg uvel ut under innspelingane, og at han var uroa for at det var over for Genesis då Phillips slutta. Etter at gruppa køyrde attende frå den siste konserten i Hayward's Heath til huset til Gabriel i Cobham, bestemte dei seg for å halde fram.[34]

I notata til plateboksen Genesis Archive 1967–75 sa Banks at «Let Us Now Make Love», ein av songane til Phillips, ikkje vart spelt in for albuet, fordi gruppa meinte han hadde potensiale som singel, men då gitaristen brått slutta, vart han aldri spelt inn i studio. Det finst eit konsertopptak av songen i plateboksen, framført i februar 1970.[35]

På den same tida valde gruppa å erstatte Mayhew med ein meir høvande trommeslagar. Han var eldre enn resten av bandet og rekna som ein framand, som ikkje bidrog mykje med låtskrivinga og mangla sjølvtillit.[36] Dei måtte raskt få på plass ein erstattar for å kunne spele konsertar dei måtte ha for å marknadsføre Trespass. Phil Collins prøveselte og kom med i bandet i august, og albumet kom ut i oktober.[37][38] Gruppa fant ikkje ein høvande erstattar for Phillips, så dei heldt konsertar som eit firemannsband.[39] Seint i 1970 spelte dei på fjernsynsshowet Disco 2 for å marknadsføre albumet i lag med erstattaren til Phillips, Mick Barnard. Grruppa mima medan Gabriel song live. Han hugsa framføringa som «katastrofal».[12]

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget vart måla av Paul Whitehead, som òg laga plateomslaga til dei to neste albuma deira.[40] Omslaget syner to personar som ser ut av eit vindauge mot nokre fjell, som representerer det landlege temaet på somme av songane.[41] Whitehead var ferdig med omslaget då bandet la til «The Knife» på sporlista. Dei kjende at omslaget ikkje lenger passa med stemninga på albumet, og bad Whitehead lage eit nytt. Whitehead nølte og bandet bad han i staden å skjere over lerretet med ein kniv.[40]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Trespass komk først ut i Storbritannia på Charisma i oktober 1970.[42][43] I USA kom det først ut på ABC sin jazzetikett, Impulse!.[44] «The Knife» kom ut på singel (delt i to delar) i mai 1971, men gjekk ikkje inn på listene.[45]

Albumet kom ut på ny på sjølve ABC Records i 1974;[46] og etter at MCA Records kjøpte opp ABC, kom det ut nok ein gong på MCA.[47] Ei SACD/DVD-plate (med nye 5.1- og stereomiksar) kom ut i 2008.[48]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 stars[49]
Rolling Stone(negativ)[50]
The Rolling Stone Album Guide3/5 stars[51]
The Daily VaultA-[52]

Trespass selde 6 000 eksemplar då det kom ut og var med å gjere bandet til eit populært konsertband.[6] «The Knife» kom ut på singel i januar 1971.[53] Albumet gjekk heilt til topps på albumlista i Belgia, og bandet heldt dei første konsertane sine i utlandet der i januar 1972.[54]

Albumet fekk blanda kritikk då det kom ut. Jerry Gilbert skreiv i Sounds ei positiv melding og utpeikte «Visions of Angels» og «White Mountain»» som dei beste songane. Ei melding i Melody Maker omtalte albumet som «smakfullt, subtilt og raffinert».[39] Rolling Stone trykte ei særs kort og negativ melding i høve nyutgjevinga i 1974 og sa «Det er flekkete, dårleg definert, og stundom keisamt, og bør unngåast av alle utanom den mest rabiate Genesis-fansen.»[50] AllMusic var seinare litt meir popsitiv og oppsummerte albumet som «meir interessant for kva det peikar mot enn det det faktisk gjer». Dei kommenterte òg at gitarane er så låge i miksen at dei nesten ikkje er mogeleg å høyre, slik at klaverinstrumenta til Banks dominerer. Dei rekna dette som problematissk fordi Banks i ei framtredande rolle «ikkje er det Genesis alle kom til å kjenne».[49]

Etter at bandet vart særs populære i 1980-åra, nådde Trespass 98. plassen på albumlista i Storbritannia ei veke i 1984.[42]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songane er skrivne av Tony Banks, Peter Gabriel, Anthony Phillips og Mike Rutherford.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Looking for Someone»7:06
2.«White Mountain»6:45
3.«Visions of Angels»6:51
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Stagnation»8:45
2.«Dusk»4:15
3.«The Knife»8:55

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Genesis

Produksjon

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Trespass (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 28. februar 2020.
  • Banks, Tony; Collins, Phil; Gabriel, Peter; Hackett, Steve; Rutherford, Mike (2007). Dodd, Philipp, red. Genesis. Chapter and Verse. Weidenfeld & Nicolson. ISBN 978-0-297-84434-1. 
  • Banks, Tony; Collins, Phil; Gabriel, Peter; Phillips, Anthony; Rutherford, Mike. (10. november 2008). Genesis 1970–1975 [Trespass]. [DVD]. Virgin Records. UPC 5099951968328. 
  • Bowler, Dave; Dray, Bryan (1992). Genesis: A Biography. Sidgwick & Jackson Ltd. ISBN 978-0-283-06132-5. 
  • Hegarty, Paul; Halliwell, Martin (2011). Beyond and Before: Progressive Rock since the 1960-åra. Bloomsbury. ISBN 978-1-441-11480-8. 
  • Romano, Will (2010). Mountains Come Out of the Sky: The Complete Illustrated History of Prog Rock. Backbeat Books. ISBN 978-0-8793-0991-6. 
  • Rutherford, Mike (2014). The Living Years. Hachette UK. ISBN 978-1-472-11035-0. 
  • Welch, Chris (2011). Genesis: The Complete Guide to their Music. Omnibus Press. ISBN 978-0-857-12739-6. 
  1. 1,0 1,1 Bowler & Dray 1992, s. 24.
  2. 2,0 2,1 «How Genesis Found Their Prog-Folk Focus With «Trespass»». Ultimate Classic Rock. Henta 28. februar 2020. 
  3. Bowler & Dray 1992, s. 27.
  4. Trespass 2007, 26:03–27:16.
  5. Bowler & Dray 1992, s. 30–31.
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 Welch 2011, s. 26.
  7. Bowler & Dray 1992, s. 30.
  8. Bowler & Dray 1992, s. 29.
  9. Trespass 2007, 11:42–12:10.
  10. Trespass 2007, 21:30–21:50.
  11. Gilbert, Jerry (9. januar 1971). «Charisma's New Baby». Sounds. 
  12. 12,0 12,1 Watts, Michael (23. januar 1971). «Reading from the Book of Genesis». Melody Maker: 15. 
  13. Capital Radio interview with Alan Freeman, broadcast Oktober 1982; transcribed in Gabriel fanzine White Shadow (#3, pp12) by editor Fred Tomsett
  14. Trespass 2007, 11:15–11:41.
  15. Trespass 2007, 8:11–9:14.
  16. 16,0 16,1 Trespass 2007, 10:06–10:46.
  17. Bowler & Dray 1992, s. 32.
  18. Trespass 2007, 24:15–24:38.
  19. 19,0 19,1 Genesis 2007, s. 34.
  20. Stump, Paul (1997). The Music's All that Matters. Quartet Books Limited. s. 175. ISBN 0-7043-8036-6. 
  21. Genesis 2007, s. 11.
  22. Trespass 2007, 22:12–24:03.
  23. Bowler & Dray 1992, s. 32–33.
  24. Hegarty & Halliwell 2011, s. 59.
  25. 25,0 25,1 Bowler & Dray 1992, s. 33.
  26. Rutherford 2014, s. 42.
  27. Trespass 2007, 14:41–15:42.
  28. Trespass 2007, 15:42–16:02.
  29. Trespass 2007, 20:10–22:03.
  30. Welch 2011, s. 30.
  31. Negrin, David. «An Interview with Anthony Phillips». Henta 28. februar 2020. 
  32. Trespass 2007, 13:18–13:55.
  33. Bowler & Dray 1992, s. 34.
  34. Rutherford 2014, s. 43.
  35. Genesis – Archive 1967 – 75. Virgin / EMI. 1998. s. 3. CD BOX 6. 
  36. Bowler & Dray 1992, s. 35.
  37. Bowler & Dray 1992, s. 37.
  38. Welch 2011, s. 25.
  39. 39,0 39,1 Bowler & Dray 1992, s. 41.
  40. 40,0 40,1 Romano 2010, s. 72.
  41. Hegarty & Halliwell 2011, s. 58.
  42. 42,0 42,1 Bowler & Dray 1992, s. 245.
  43. Trespass. Charisma Records. 1970. CAS 1020. 
  44. Trespass. Impulse!. 1970. AS-9205. 
  45. Bowler & Dray 1992, s. 249.
  46. Trespass. ABC Records. 1974. ABCX-816. 
  47. Trespass. MCA Records. 1977. ABCX-816. 
  48. Trespass. Virgin / MCA. CASCDX 1020. 
  49. 49,0 49,1 Eder, Bruce. «Trespass – Genesis | AllMusic». AllMusic. Henta 28. februar 2020. 
  50. 50,0 50,1 Fletcher, Gordon (1. august 1974). «Genesis: Trespass : Music Reviews». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 2. mai 2008. 
  51. Nathan Brackett; Christian David Hoard (2004). The new Rolling Stone album guide. Simon & Schuster. s. 327. ISBN 978-0-7432-0169-8. 
  52. Feldman, Mark (2019). «The Daily Vault Music Reviews : Trespass». dailyvault.com. Henta 23. februar 2020. 
  53. Welch 2011, s. 31.
  54. Bowler & Dray 1992, s. 58.