Trevor Rabin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Trevor Rabin
Trevor Rabin.jpg
Trevor Rabin med Yes i 1994
Verkeleg namn Trevor Charles Rabin
Fødd 13. januar 1954 (60 år), Johannesburg i Sør-Afrika
Instrument Gitar, tangentinstrument, piano, bass, vokal
Sjanger Progressiv rock, pop, rock, klassisk
Aktive år 1973 til i dag
Yrke Musikar, låtskrivar, produsent, film låtskrivar
Tilknytte artistar Yes, Rabbitt, Manfred Mann's Earth Band, Mr. Mister, Roger Hodgson
Plateselskap Chrysalis, Capricorn, RPM, Voiceprint, Elektra, Varèse Sarabande, Hollywood, Jet, Atco, One-Way
Kjende instrument
*Westone Pantera Trevor Rabin Signature
*Custom Fender Stratocaster
*Alvarez Trevor Rabin Signature

Trevor Charles Rabin (fødd 13. januar 1954) er ein sørafrikansk-født musikar, låtskrivar og plateprodusent med statsborgarskap i USA, mest kjent for tida si som medlem av progressiv rock-gruppa Yes i tida 1983 til 1994. I den seinare tida har han vorte ein kjend komponist av filmmusikk.

Tidlege år i Sør-Afrika[endre | endre wikiteksten]

Rabin kjem frå ein familie av klassisk skolerte musikarar, og faren hans Godfrey var første-fiolinisten i Johannesburg Philharmonic Orchestra. Trevor Rabin gjekk på pianoskule før han som 12-åring oppdaga gitaren. Foreldra hans oppmuntra han til å bli så god som mogleg på instrumentet, og var støttande i valet hans å spele rock, sjølv om dei føretrekte klassisk sjølv. Trevor har sjølv halde interessa si for klassisk musikk, og har seinare arrangert og dirigert ei rekkje orkester i Sør-Afrika. Rabin nemner Arnold Schoenberg, Tsjaikovskij, Cliff Richard med The Shadows, The Beatles og Jimi Hendrix som sine første inspireasjonskjelder.

Dei to første banda hans, The Conglomeration og Freedom's Children spelte blant anna progressiv rock og hardrock. Freedom's Children var eit band med tekster som kritiserte Sør-Afrikas regjering og spesielt apartheidpolitikken. I denne perioden vart Rabin òg ofte brukt som studiomusikar, og spelar bass og gitar på ein del jazz-album med sørafrikanske artistar. Under avteninga av verneplikten i den sørafrikanske hæren som 19-åring, tenestegjorde han i underhaldningsavdellinga.

I 1974 starta Trevor Rabin gruppa Rabbitt saman med Neil Cloud (trommar), Ronnie Robot (bass) og Duncan Faure (keyboard, gitar og vokal). Rabbitt starta rett før Rabin vart dimittert i 1974, og allereie i 1975 byrja de å bli populære i Johannesburg der dei spelte på rockeklubben Take It Easy. Den første singlen deira var ein coverversjon av Jethro Tull sin «Locomotive Breath», ein song som òg var med på dei første albuma til bandet, Boys Will Be Boys som elles berre inneheldt originale komposisjonar av Trevor Rabin.

Rabbitts andre album, A Croak and a Grunt in the Night vart utgjeve i 1977. Trevor Rabin vann det året ei rekkje South African Sarie Music Awards, Sør-Afrikas versjon av Spellemannprisen. Dei freista å dra nytte av denne populariteten ved å skaffe seg ein platekontrakt i USA med selskapet Capricorn, men på grunn av den verdsomspennande boikotten av Sør-Afrika og apartheidpolitikken til regjeringa, kunne dei ikkje kome noko særleg vidare. Rabin vedtok å forlate Rabbitt og Sør-Afrika for å flytte til England. Rabbitt utan Rabin spelte inn ytterlegare éit album før dei la ned bandet i 1978.

Studiomusiker i England og USA[endre | endre wikiteksten]

Trevor Rabin flytta til London i 1978, og spelte inn det første solo-albumet sitt, Beginnings. Han fortsette som studiomusikar og produsent i England, og spelte inn det andre solo-albumet Face To Face, som vart kritisert i Rolling Stone for å vere for blankpolert med for søte balladar, men han fekk òg ros for dei tekniske kvalitetane hans som musikar. Han gav ut solo-album nummer tre, Wolf i 1981 før han flytta til Los Angeles og skreiv kontrakt med plateselskapet Geffen Records. Han spelte inn nokre demoar med diverse musikarar, og låtane skulle seinare dukke opp i eit anna prosjekt.

Geffen sa opp kontrakten med Rabin i 1982, men han heldt låtane for å eventuelt spele dei inn og gje ut eit fjerde solo-album. Han hadde mykje å gjere som studiomusikar på denne tida, så han lét solo-prosjektet vente.

Cinema, som vart Yes[endre | endre wikiteksten]

Medan han planla den vidare karrieren sin, vurderte han på eit tidspunkt å bli med i Asia som då bestod av dei tidlegare Yes-medlemmane Steve Howe og Geoff Downes. Hans multi-instrumenttalent gjorde han no til ein av dei mest ettertrakta musikarane i England, og han takka ikkje ja til Asia med ein gong fordi han ville sjå an andre tilbod først.

I Los Angeles møtte han ein dag bassisten Chris Squire og trommeslagaren Alan White, tidlegare medlemmar av Yes. Yes hadde offisielt slutta å eksistere i april 1981, så dei snakka om å starte eit nytt band saman. Rabin likte dette og takka nei til Asia for å starte bandet Cinema. Dei likte ideane til kvarandre, og starta tidleg i 1982 å spele inn material til eit album.

Produsent Trevor Horn (som var vokalist på Yes-albumet Drama frå 1980) jobba saman med bandet, som no var vorte utvida med Tony Kaye (òg med bakgrunn frå Yes) på keyboard. I løpet av åtte månader i 1982 byrja det som skulle bli albumet 90125 å ta form. Ein av dei songane som hadde mest hit-potensial var «Owner of a Lonely Heart», ein rockelåt med eit saftig gitar-riff. Plateselskapet Atco Records likte låtane, men ynskte at dei skulle skaffe ein vokalist. På denne tida var Rabin både vokalist og gitarist i Cinema.

Trevor Horn fekk tilbod om å bli med, men med «marerittet» frå Yes-turneen i 1980-81 friskt i minne, takka han nei. Meir eller mindre på slump, kom Squire i snakk med sin gamle Yes-kollega Jon Anderson. Dei snakka om å gjere noko saman, og Squire gav Anderson ein demo av det Cinema hadde spelte inn, og nemnde sånn tilfeldig at dei var på leit etter ein vokalist. Anderson høyrde på demoen og bad om å få bli med i Cinema.

Yes og filmmusikk[endre | endre wikiteksten]

Anderson kom inn i studio veldig seint i prosessen, og la vokalen oppå Rabin sitt eksisterande vokal-spor. Fordi Cinema no inneheldt fire tidlegare medlemmar av Yes, avgjorde dei seg for at det ville bli enklare å marknadsføre seg som Yes enn som Cinema og skifta dermed namn på bandet. Denne gjenoppstandinga av Yes vart teke i mot med varierte kjensler hos fans og musikkpressen, men både «Owner of a Lonely Heart» og «Leave It» vart store hittar verda over. Albumet 90125 selde over seks millionar eksemplar mellom 1983 og 1985 og er framleis det mestseljande albumet til Yes. Albumet var òg med på å skaffe Yes ein ny, yngre fanskare.

Tidleg i 1986 byrja Yes med innspelinga av eit nytt album. Det var planen at Trevor Horn skulle produsere òg denne gongen, men han trekte seg på grunn av konfliktar mellom han, Anderson og Squire. Til slutt avgjorde Trevor Rabin seg for å produsere sjølv, og i 1987 kom albumet Big Generator. Dette albumet vart kritisert for å høyrast meir ut som eit Trevor Rabin solo-album enn eit Yes-album, og populariteten frå åra før var nestan forsvunne. Etter turneen forlét Anderson bandet, og Rabin gjekk tilbake til solo-karrieren. Hans fjerde soloalbum vart kalla Can't Look Away, og vart utgjeve i 1989.

Etter eit par år med bråk i Yes-leiren, slutta ein no fred med Anderson Bruford Wakeman Howe som vart rekna som eit rivaliserande Yes. Resultatet vart at alle åtte (fire frå ABWH og fire frå Yes) slo seg saman til éit stort Yes og gav ut albumet Union. Etter ein suksessfull turné, avgjorde plateselskapet at Rabin, Anderson, White, Squire og Kaye skulle fortsetje som Yes. Rabin sette så i gang med innspeling av eit nytt Yes-album der han nytta mange banebrytande teknikkar. I 1994 kom albumet Talk ut, og Rabin var ein av dei første produsentane i verda som nytta digital innspeling av musikk.

Diverre vart ikkje Talk den salssuksessen det hadde fortent å bli. På grunn av den dårlege interessa vedtok Rabin at han no var ferdig i Yes.

I 2008 vart Trevor kontakta og spurt om han ville vere ein del av turneen In the Presence, men måtte takke nei fordi han var oppteken med andre ting som ikkje kunne vente.

I 1991 fekk Rabin statsborgarskap i USA, og har dei siste åra skrive musikk til fleire filmar.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med Rabbitt[endre | endre wikiteksten]

  • Boys Will Be Boys (1975)
  • A Croak and a Grunt in the Night (1977)
  • Morning Light (maxi-singel) (1977)
  • 1972-1978: Limited Souvenir Edition (EP) (1978)

Med Yes[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

  • Trevor Rabin (1978) òg kjent som Beginnings (2003)
  • Face to Face (1979)
  • Wolf (1981)
  • Can't Look Away (1989)
  • Live in LA (2003)
  • 90124 (2003)

Filmmusikk[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]