Trey Gunn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Trey Gunn
Tampere Jazz Happening 2005 - KTU.jpg
Trey Gunn spelar Warr-gitar med KTU på Tampere Jazz Happening i 2005
Fødd 13. desember 1960 (53 år)
Instrument Warr-gitar, Chapman Stick, bandlaus bass, bass, gitarar, klaverinstrument
Sjanger Eksperimentelt, kunstrock, jazz-fusion, progressiv rock, progressiv metal, verdsmusikk
Aktive år 1983 -
Yrke Musikar
Tilknytte artistar King Crimson, The Trey Gunn Band, Quodia, TU, KTU, UKZ

Trey Gunn (fødd 13. desember 1960) er ein amerikansk musikar, kjend som medlem av progrockbandet King Crimson frå 1994 til 2003, der han spelte Warr-gitar og Chapman Stick.

Han studerte i Guitar Craft hos grunnleggar Robert Fripp og spelte fleire gonger med Robert Fripp og League of Crafty Guitarists. Frå1988 til 1991 turnerte han på Chapman Stick med Toyah Willcox, Robert Fripp og Paul Beavis. I 1992 deltok han på ein turné i lag med David Sylvian og Robert Fripp, før han i 1994 vart med i King Crimson. Her var han del av ein «dobbel trio» der Tony Levin spelte bassinstrument i den andre «trioen». I 1997 vart King Crimson splitta opp i fleire mindre konfigurasjonar kalla ProjeKcts. Gunn og Fripp deltok på alle ProjeKcts-konsertane og innspelingane. Gunn forlet King Crimson i 2003.

Han har òg spelt med mange andre musikarar: Tool, Puscifer, Robert Fripp, Sean Malone og Gordian Knot, David Sylvian, Vernon Reid, John Paul Jones, Eric Johnson, den italienske songaren Alice, Azam Ali, Matt Chamberlain, Michael Brook, Bill Rieflin, David Hykes frå Harmonic Choir og mange fleire. Han har òg gjeve ut fleire soloalbum som Trey Gunn og som leiar av The Trey Gunn Band.

I 2003 grunnla Gunn multimediagruppa Quodia og i 2004 starta han og Pat Mastelotto eit samarbeid med Kimmo Pohjonen og Samuli Kosminen, og danna bandet KTU ut av TU og Kluster. I 2007 byrja han å spele med Eddie Jobson i gruppa UKZ.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

  • Playing with Borrowed Time (1985)
  • One Thousand Years (1993)
  • The Third Star (1996)
  • Raw Power (1999)
  • The Joy of Molybdenum (2000)
  • Live Encounter (2001)
  • Road Journals (CD-ROM) (2002)
  • Untune The Sky (CD/DVD) (2003)
  • Music for Pictures (2008)
  • Modulator (2010)
  • I'll Tell What I Saw (2010)

Med King Crimson (utval)[endre | endre wikiteksten]

Med andre[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]