Trialeti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Trialeti

Trialeti er ei fjellkjede i aust-vest-retning i Litle Kaukasus i sentrale delar av Georgia. Den austlege kanten av kjeda går langs den vestlege grensa av Tbilisi, medan den vestlege kanten følgjer elva Kura sørvest for Borjomi. Lengda på Trialeti er 144 km og på det breiaste er ho 30 km. Fjellkjeda oppstod som følgje av vulkansk aktivitet i paleogentida.

Det høgaste punktet i fjellkjeda er Sjaviklde (som tyder «Svart klippe» på georgisk) med ei høgd på 2 850 meter over havet. Fjellsidene i kjeda er stort sett dekte av lauvskog som eik, bøk og agnbøk. Dei vestlege delane av Trialeti er dekte av barskog og blandingsskogar, som består av gran, furu, bøk og eik.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]