Triangel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg trekant
Triangel

Triangel er eit perkusjonsinstrument sett saman av ei metallstav bøygd til ein trekant og ein metallpinne som ein slår på det med. Det blir ofte brukt til improvisasjon eller grunnrytme, og kanskje òg til melodirytme.

L'Allegra (1779) av Angelika Kauffmann viser ei kvinne som speler triangel.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Nøyaktig kvar instrumentet kjem frå er ukjend, men det går igjen på illustrasjonar frå mellomalderen der det blir spelt på av englar, noko som kan tyda på at det blei brukt til kyrkjemusikk. Andre bilde viser det brukt av folkemusikarar. Medan dagens triangel som regel er likesida, var desse tidlege instrumenta gjerne likebeina trekantar.

Ein har brukt instrumentet i vestleg orkestermusikk sidan midten av 1700-talet. Mozart, Haydn og Beethoven gjorde alle bruk av det, men berre avgrensa, som regel for å imitera janitsjarmusikk. Det første stykket der triangelet spelte ein viktig rolle var Pianokonsert nr. 1 av Franz Liszt, der det er soloinstrument i andre sats.

Vanskegrad[endre | endre wikiteksten]

Triangel kan synast som eit enkelt instrument å spela, og blir ofte gjeve som rytmeinstrument til barn. Men orkestermusikk for triangel kan vera overraskande innvikla, og flinke musikarar kan gjera det til eit svært uttrykksfullt instrument.

Dei største vanskane med triangelet er at det har ein lang etterklang og at det er vanskeleg å avgrensa lydstyrken. Orkestermusikk forlangar ofte komplekse rytmar og lågare lyd frå det. For å avgrensa etterklangen kan ein halda i ramma, som elles gjerne heng fritt. Mindre lyd får ein ved å bruka noko lett å slå med, som ein trestav eller ein strikkepinne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]