Triglav

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Triglav
Triglav - Triglav sett frå Debela Peč, 2002
Triglav sett frå Debela Peč, 2002
Høgd over havet 2864 moh
Ligg i/på Gorenjska, Flag of Slovenia.svg Slovenia
Fjellkjede Dei juliske Alpane
Primærfaktor 2052 m
Koordinatar 46°23′N 13°50′EKoordinatar: 46°23′N 13°50′E
Førsteklatring 1778
Lettaste rute kravling

Triglav er det høgaste fjellet i Slovenia (og tidlegare i heile Jugoslavia) og Dei juliske Alpane. Namnet, som tyder «med tre hovuder», kan vere kalla opp etter forma på fjellet sett frå Bohinjdalen, men kan òg vere kalla opp etter den slvaiske guden Triglav, sjølv om denne hypotesen er omstridd.

Fjellet er eit viktig slovensk nasjonalsymbol. Fjellet er eit sentralt element på det slovenske riksvåpenet og det slovenske flagget. Eit fotorealistisk relieff av fjellet finst på den nasjonale sida av den slovenske eurocent-mynten.

Den første kjende stiginga av Triglav vart gjort 26. august 1778 av Luka Korošec, Matija Kos, Štefan Rožič og Lovrenc Willomitzer, etter initiativ frå baron Sigismund Zois. Høgda vart først målt i 1808 av Valentin Stanič.

Aljažtårnet

På toppen av fjellet står ein liten metallstruktur, Aljažtårnet (slovensk Aljažev stolp), eit symbol på slovensk herredøme over området og i seg sjølv eit nasjonalsymbol. Tårnet er kalla opp etter presten, fjellklatraren og patrioten Jakob Aljaž, som rundt 1900 kjøpte toppen og ein lokalstasjon for fem austerriksk-ungarsk florinar.

Sidan 1961 har fjellet vore sentrum i Triglav nasjonalpark, den einaste nasjonalparken i Slovenia.

Det slovenske flagget vart heist på toppen av Triglav den 26. juni 1991, kvelden då Slovenia erklærte sjølvstende frå Jugoslavia.

Triglavområdet er òg ofte omtalt i slovensk folkeeventyr om ein jeger som leitar etter ein skatt som den forheksa bukken Zlatorog vaktar over.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Triglav