Trikolor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det franske flagget med vertikal trikolor
Det nederlandske flagget med horisontal trikolor
Det moldovske flagget, trikolor med emblem

Trikolor («tre fargar») er ei nemning om flagg med tre fargar plasserte i like breie horisontale eller vertikale striper. I enkelte land er det vanleg å referere til flagget som «trikoloren». Det er av og til plassert eit heraldisk merke, eit emblem eller anna symbol på flagget, som regel midt i flaggduken eller i øvste hjørne ved stonga.

Trikolorar er særs vanleg i kontinental-Europa, både Tyskland, Frankrike, Italia, Nederland, Belgia og Luxembourg har ein trikolor som flagg. Også i Afrika har fleire land trikolorar, då ofte i dei panafrikanske fargane raudt, gult, grønt og eventuelt svart.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Det franske flagget, som er frå revolusjonstida, var den fyrste eigentlege trikoloren. Dagen etter stormen på Bastillen vart kong Ludvig 16. overtalt til å trekkje tilbake troppane frå Paris og Versailles for å unngå borgarkrig. Nasjonalforsamlinga sendte ein delegasjon på 88 mann til Paris for å melde frå avgjerda til kongen, som vart motteken med jubel. Som eit bevis på bandet mellom Paris og kongehuset, skulle Nasjonalgarden framover bere ein kokarde i kvitt, blått og raudt, med fargane henta frå den kvite fanefargen til kongehuset plassert mellom dei blå og raude fargane frå byvåpenet til Paris. Slik vart Trikoloren skapa.[1]

Trikolorar vart i utgangspunktet sett på som revolusjonære symbol og som samlingsmerke for liberale og demokratiske idear. Både trikolorane til Irland, Italia og Tyskland legg seg historisk til i dette biletet.

Flagg med tre fargar plasserte på annan måte, som det norske flagget, vert som oftast ikkje kalla trikolorar i dag. Heller ikkje tofarga flagg med tre striper, slik som det austerrikske eller det latviske flagget, vert kalla trikolorar.

Europeiske trikolorar[endre | endre wikiteksten]

Afrikanske trikolorar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Herman Lindqvist: Revolusjon!, forlaget Schibsted, Oslo 2007, ISBN 978-82-516-2445-9

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Whitney Smith: Flags through the ages and across the world, McGraw-Hill Book Co,Maidenhead 1975, side 30, 135-139, 340-341 m.fl.