Trillebår

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Moderne trillebår med gummihjul og transportkasse av aluminium.
Målarstykket Reparasjon av jarnvegen frå 1874 av russaren Konstantin Apollonowitsch Sawizkij.

Trillebår eller trillebør er nemninga på ei lita handkjerre der tyngda av børa dels ligg på eit hjul i den eine enden av kjerra, dels på eit menneske som ved hjelp av to lyftestenger i den motsette enden av kjerra både held oppe denne enden og dreg eller skyv kjerra. Trillebåra fungerer i prinsippet som ei einarma vektstong med dreiepunktet i hjulet, slik at når trillebåra vert løfta opp og vippa framover, vert vekta av børa lagt meir på hjulet enn på den som køyrer trillebåra. To støttebein held trillebåra i høveleg stilling medan ho er sett ned for å fyllast.

Ei trillebår er som ei einarma vektstong med dreiepunktet i hjulet. Når trillebåra vert løfta opp og vippa framover, vert meir av vekta av børa lagt på hjulet enn på den som køyrer trillebåra. Tømming skjer lettast ved å tippe trillebåra så langt framover av lasten renn ut framfor trillebåra.

Trillebåra kan vere laga heilt i tre, med jarnband på hjulet, eller av jarn eller anna materiale, i nyare utgåver med luftgummihjul, og kan vere utforma ulikt for ulike transportføremål, som til dømes for frakt av stein, jord, flytande betong som skal fyllast i forskaling, mjølkespann, ved, gjødsel, dyrefôr og anna.

I tidlegare tider var trillebåra ein av dei viktigaste reiskapane på veg- og jarnbaneanlegg, byggjeplassar, i landbruket og hagebruket. Men som fylgje av at maskinar og andre arbeidssparande innretningar har gjort sitt inntog på desse arbeidsområda, har trillebåra vorte etter måten sjeldsynt andre stadar enn i hagar kring bustadhus og der det går føre seg arkeologiske utgravingar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Trillebår