Trinitytesten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 33°40′36″N 106°28′32″W

Detonasjonen av Trinity.
Eldkula frå Trinity.

«Trinity» var namnet på verdas første prøvesprenging av atomvåpen. Trinitytesten fann stad den 16. juli 1945 ved Alamogordo i New Mexico som del av det amerikanske Manhattanprosjektet. Atombomba var på 19 kilotonn (80 terajoule) laga med plutonium, same type som blei sluppen over Nagasaki den 9. august same året.

Etter planen skulle Trinity-bomba blitt detonert den 13. juli, prøvesprenginga blei utsett på grunn av dårleg vêr. 16. juli var tilhøva betre, og detonasjonen blei gjennomført om morgonen klokka 05:29:45 lokal tid. Bomba var plassert i eit 20 meter høgt ståltårn, og sprengkrafta tilsvarte 19 kilotonn TNT. Sprenginga gav eit krater som var 330 meter breitt og 3 meter djupt. Soppskya steig 16 000 meter opp i lufta, og ein kunne kjenna trykkbølga 160 kilometer vekke. I krateret smelta ørkensanden og blei til eit tynt lag med grønt glas, som blei kalla trinititt.

Krateret blei seinare fylt igjen, og i dag er området freda. På detonasjonsstaden står eit monument på 3,65 meter. Det finst framleis litt radioaktivitet etter bomba på staden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Trinitytesten
Spire Denne militærartikkelen som har med fysikk og USA å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.