Tripoli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
arabisk طرابلس (Ṭrābləs)
Satellittbilde av Tripoli
Satellittbilde av Tripoli
Styresmakter
Land Libya
Geografi
Flatevidd 400 km²
Koordinatar 32°54′8″N 13°11′9″EKoordinatar: 32°54′8″N 13°11′9″E
Tidssone EET (UTC+2)
Plassering
Plassering av  Tripoli

Tripoli er den største byen og hovudstaden i Libya. Byen ligg ved Middelhavet, langt nordvest i landet. 1. januar 2005 hadde byen 1 150 990 innbyggarar.

Tripoli er det politiske, økonomiske og kulturelle sentrum i Libya. Byen har den største og viktigaste hamna i landet. I byen ligg òg Universitet i Libya; Al-Fateh. Med si lange historie finst det mange kulturminne frå historisk og førhistorisk tid i Tripoli.

Byen har typisk middelhavsklima. Sommarane er våte og varme, vintrane kalde og ganske tørre.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet Tripoli (på arabisk طرابلس Tarābulus eller طرابلس الغربية Tarābulus al-gharbiyya, libysk uttale Ṭrābləs) er avleidd frå «Τρίπολη»; det greske ordet for 'tre byar' (på gresk Τρίπολις, Tripolis).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tripoli vart grunnlagt av fønikarar på 600-talet f.Kr. og då kallla for Oea.[1] Saman med Sabratha og Leptis Magna vart området kalla for Tripolitania. Kolonien kom seinare under Kyrenaika, for sidan å hamne under kartagenarane. Tripolitania danna den austlege delen av Kartagos landområde. Etter den andre puniske krigen, 218-202 f.Kr., rådde numidiske kongar over området. Sidan 146 f.Kr., då det numidiske kongedømet gjekk under, var det ein del av den romerske provinsen Africa.

På 200-talet e.Kr danna Septimius Severus Provincia Tripolitana med Oea som hovudstad. Vandalane erobra byen rundt 450 e.Kr., medan han frå 534 låg under det bysantinske riket. År 644 erobra arabarar landet, og rådde over byen i hundrevis av år. I den korte perioden 1146-1158 styrte dei sicilianske normannarane byen. Sidan låg han i lang tid under Tunis, men vann sjølvstende sist på 1400-talet.

I 1509 erobra 'Peter av Navarra' byen, og ein spansk statthaldar vart innsett. År 1530 gav den tysk-romerske keisaren Karl V Tripolitania i len til johannittarane. Tyrkarar erobra byen i 1551, som deretter vart sjørøvarstat. I 1685 vart byen bombardert, og herskaren måtte ut med ein halv million livres i fredstributt. År 1714 grunnla Ahmed Karamanli eit eige dynasti for Tripoli, som la tributt til Tyrkia, men som tok skatt av europeiske makter for å skåne deira handelsfartøy mot piratverksemda. Fleire forsøk på å få slutt på sjørøveriet mislukkast. Franskmenn bombarderte byen i 1728, USA førte krig mot Tripolitania 1801-05 og 1815, og ei svensk eskadre blokkerte Tripoli 1802.

Gamlebyen i Tripoli
Kontorbygg i Tripoli for dei største forretningsselskapa

Fyrst då Frankrike i 1830 erobra Algerie lukkast ein å få bukt med det tripolitanske sjørøveriet. Tyrkia utnytta i 1835 indre strid til å gjere ende på Tripoli sitt sjølvstyre. Karamanli-ætlingane vart fjerna og Tripolitania omgjort til ein provins.

Italia tok Tripoli-provinsen med ein hær hausten 1911. Den italienske regjeringa og parlamentet annekterte landet hausten og vinteren 1912. Etter ein kort krig med Tyrkia, godkjende Tyrkia anneksjonen.

Under 2. verdskrigen erobra den britiske hæren byen i 1943. Då Libya vart sjølvstendig i 1951 vart Tripoli hovudstad i landet. Innbyggartalet har auka mykje dei siste tiåra, ei rad forstader har vakse fram rundt den opphavleg byen.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Tripoli er den største hamnebyen i Libya. I omlandet vert det dyrka oliven, grønsaker, sitrusfrukter, tobakk og korn. Fiskeri er ei viktig næring, og konserveringsindustrien er vel utbygt. Byen har og oljeraffineri og møbelindustri. Han har eit universitet (sidan 1973) og fleire høgskular.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Tripoli ligg på ei halvøy vest i Libya, ved Middelhavet. Byen omfattar ein eldre bydel, delvis bakom store murar, og ein moderne, europeiskprega del.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Tripoli har eit middelhavsklima med varme sommarar og milde vintrar. Temperaturen i desember har ein gong vore 1 °C. Middeltemperaturen rundt denne kjøligaste månaden brukar vere mellom 9 °C og 18 °C.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tripoli

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hopkins, Daniel J (1997): Merriam-Webster's Geographical Dictionary (Index). Merriam-Webster. ISBN 0-8777-9546-0.