Triptykon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Portinarialtaret, eit triptykon av Hugo van der Goes frå 1476-78

Triptykon (av gresk triptychon til triptychos «tredelt») eller triptyk er eit tredelt måleri med ein midtdel (corpus) og to sidefløyer som kan lukkast over midtdelen som dører. Altarskåpa utvikla seg frå triptykon og har vore nytta som kyrkjekunst frå 1300-talet. Fløyene/dørene vart stengde og opna til fastsette høgtider for å markere gangen i kyrkjeåret.

Midtpanelet er ofte ei framstilling av sentrale motiv for kyrkja, så som krossfestinga og madonnaen med barnet, medan sidepanela viser bilete av helgenar, og/eller kyrkjebyggarar, grunnleggjarar av kyrkjelydar o.l.

Sidan altartriptykon var laga slik at «dørene» kunne lukkast, vart slike altar også dekorert på baksidene (reversen). Eitt altar laga av Albrecht Dürer, Heller-altaret, vart også reversdekorert av hans samtidige Matthias Grünewald, som laga sitt arbeid i grisaille.

Også tredelte biletkunstverk som ikkje er religiøse i sin karakter vert kalla for triptykon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Triptykon