Trogonar
| Trogonar | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Trogoniformes | |
| Familie: | Trogonidae | |
Trogonar og ketsalar utgjer familien Trogonidae, einaste familien i ordenen Trogoniformes. Beste kjenneteikn på artar i familien er at dei har eit arrangement av tærne som ingen andre dyr: tå nummer tre og fire peikar framover, medan nummer ein og to peikar bakover. Ordet 'trogon' kjem frå gresk språk og tyder 'biting' og refererer til det at trogonar gneg ut hòl i tre til reirplass.
Trogonar har spreitt seg til tropisk skog i heile verda, med størst mangfald i Sentral- og Sør-Amerika. Slekta Apaloderma inneheld dei tre afrikanske artane, og genus Harpactes og Apalharpactes inneheld dei i Asia. Alle andre slekter er neotropiske.
Dietten består av insekt og frukt, breitt nebb og veike bein ymtar om dietten åt fuglane og liv i skogshabitat. Sjølv om dei er raske i lufta unngår dei å flyge lengre strekk. Dei er vanlegvis standfuglar, likevel kan somme artar flytte seg rundt lokalt.
Trogonar har mjuke, ofte fargerike, fjør. Kjønna har ulike fjørdrakter. Reira ligg i hòl i tre eller i termittuer, det er 2 til 4 kvite eller pastellfarga egg i kvart kull.
Dei seks artane i slektene Pharomachrus og Euptilotis blir kalla 'ketsalar'.
Innhaldsliste |
Artslista[endre]
Trogonar og ketsalar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.4 frå desember 2009 [1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [2]
Slekt Euptilotis
- Øyreketsal, Euptilotis neoxenus
Slekt Pharomachrus
- Amazonketsal, Pharomachrus pavoninus
- Svarthaleketsal, Pharomachrus auriceps
- Praktketsal, Pharomachrus mocinno
- Bronsekroneketsal, Pharomachrus fulgidus
- Krøllketsal, Pharomachrus antisianus
Slekt Priotelus
- Kvasthaletrogon, Priotelus temnurus
- Hispaniolatrogon, Priotelus roseigaster
Slekt Trogon
- Netthaletrogon, Trogon clathratus
- Oransjenebbtrogon, Trogon massena
- Kvitaugetrogon, Trogon comptus
- Trogon mesurus, manglar norsk namn, engelsk: 'Ecuadorian Trogon'
- Svarthaletrogon, Trogon melanurus
- Svarthovudtrogon, Trogon melanocephalus
- Gulaugetrogon, Trogon citreolus
- Kvithaletrogon, Trogon chionurus
- Kvithaletrogon, Trogon viridis
- Blåryggtrogon, Trogon bairdii
- Trogon caligatus, manglar norsk namn, engelsk: 'Gartered Trogon'
- Gulbrilletrogon, Trogon violaceus
- Blåkronetrogon, Trogon curucui
- Surucuatrogon, Trogon surrucura
- Edeltrogon, Trogon rufus
- Fagertrogon, Trogon elegans
- Mexicotrogon, Trogon mexicanus
- Eldbuktrogon, Trogon aurantiiventris
- Bandtrogon, Trogon collaris
- Masketrogon, Trogon personatus
Slekt Apaloderma
- Narinatrogon, Apaloderma narina
- Gulkinntrogon, Apaloderma aequatoriale
- Blåbeltetrogon, Apaloderma vittatum
Slekt Harpactes
- Blåhaletrogon, Harpactes reinwardtii
- Sumatratrogon, Harpactes mackloti
- Hindutrogon, Harpactes fasciatus
- Raudnakketrogon, Harpactes kasumba
- Rosenringtrogon, Harpactes diardii
- Rosenbrysttrogon, Harpactes ardens
- Raudhettetrogon, Harpactes whiteheadi
- Kaneltrogon, Harpactes orrhophaeus
- Raudgumptrogon, Harpactes duvaucelii
- Raudhovudtrogon, Harpactes erythrocephalus
- Olivenhovudtrogon, Harpactes oreskios
- Rosenbryntrogon, Harpactes wardi
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Trogonidae frå Engelsk Wikipedia .
Referansar[endre]
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood. 2009. The Clements checklist of birds of the world: Version 6.4 Lest 14. august 2010
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)