Trolla Brug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Trolla Brug var eit skipsverft som låg ved Trolla i Trondheim. Det vart skipa i 1840 av fleire kjøpmenn og borgarmeister Henrik Lysholm.

Trolla Brug vart opphavleg danna som eit støyperi som mellom anna laga omnar, vindauge, feiardørar og pipehattar. På eigedomen hadde det vore drive fleire kornmøller og plate-, kopar- og spikerverk. Eit nytt anlegg vart bygt frå 1854 til 1856. Bruket fekk sidan det første vassturbindrivne elektriske anlegget i landet i 1884.

Bruket vart utvida med skipsbyggeri, først trebåtar, før dampskipet «Orkla» i 1869. Trolla Brug konkurrerte med fabrikken ved Nidelva og det kom etter kvart forslag om slå saman selskapa under namnet Trondhjems mekaniske Værksted. Dette vart gjennomfmørt 1. januar 1872.

Då Trondjems mekaniske verksted i 1961 vart seld til Aker, vart Trolla Brug halde attende som eiga bedrift. I 1973 vart det seld til Ila og Lilleby Smelteverk. Fleire delar av produksjonen vart flytta til Røros. Seinare vart bedrifta selt til hovudkonkurrenten Jøtul Fabrikker, og produksjonen av omnar lagt ned. Trolla Brug vart lagt ned i 1988.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]