Trollflaggermus
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Trollflaggermus | ||
| Systematikk | ||
| Domene: | Eukaryota | |
| Rike: | Dyr | |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr | |
| Underrekkje: | Virveldyr | |
| Klasse: | Pattedyr | |
| Orden: | Flaggermus | |
| Familie: | Glattnasefamilien | |
| Slekt: | Pipistrellus | |
| Art: | Pipistrellus nathusii | |
| Vitskapleg namn | ||
| Pipistrellus nathusii
Keyserling & Blasius, 1839
|
||
Trollflaggermus, Pipistrellus nathusii, er ei flaggermus i glattnasefamilien. Flaggermusa lever over det meste av Europa, frå Storbritannia i vest til Kaspihavet i aust og nord til Sør-Skandinavia. I Finland vart arten for første gong registrert i 2006.[1] I Noreg er arten kjend frå nokon funn på Vestlandet og Sørlandet og dessutan frå ein oljeinstallasjon utanfor kysten av Midt-Noreg. Han er ein av dei flaggermusartane i Europa som trekkjer lengst, og den norske bestanden er neppe i Noreg om vinteren. Kor mange trollflaggermus som finst i Noreg, er vanskeleg å fastslå.[2]