Trollhättans kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trollhättans kommun
kommune
Kommunevåpen
Land  Sverige
Len Västra Götalands län
Landskap Västergötland
Del av Västergötland, Q61561827, Q61562212
Centralort Trollhättan
Areal 430,24 km²
 - land 412,14 km²
 - vatn 18,1 km²
Folketal 54 378
Folketettleik 131 / km²
Kart
Trollhättans kommun
58°16′0″ N 12°16′0″ E
Wikimedia Commons: Trollhättan Municipality
Nettstad: www.trollhattan.se

Trollhättan er ein by og kommune i Västergötland, Västra Götalands län i Sverige.

Byen har vakse opp ved Trollhättefallen, digre fossar i Göta elv som no er oppdemde. Han fekk bystatus så seint som 1916, men var allereie då ein av dei større byane i landet.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Første gongen staden er nemnd i skrift, Trollhetta qvarn, er 1413. Frå mellomalderen av har kvern- og sagverksemd vore driven ved elvestranda, der byens sentrum ligg i dag, og eit samfunn har etter kvart vakse fram.

Trollhättefallen

Sluser blei bygde i 1800 like ved staden (etterfølgde av nye og større i 1844 og 1916), og det letta i høg grad varefrakt frå innlandet (t.d. Värmland) til Nordsjøen. Den nye skipsfarten var sjølvsagt til gagns for staden, likesom energien frå dei høge fossane, som kunne nyttast til industrielle føremål.

Frå 1800-talet av har samfunnet stadig ekspandert og blitt omdana, under dominans av ulike industriar i ulike tider. Nydqvist & Holm AB (Nohab), kanskje mest kjende for sine damplokomotiv, var byens første store fabrikk. I fleire tiår har no Saab sin bilfabrikk dominert, og framgang og motgang for Saab har innebori det same for Trollhättan. Det er først i dei siste åra at byens næringsliv har blitt litt meir mangslunge, slik at avhengnaden av éi bedrift minkar.

Folketalet voks stadig og raskt fram til 1970-talet, då voksteren gjekk i stå. Frå 1990-talet av har byen begynt å vekse på ny, men no i eit rolegare tempo.

Næringsverksemd i dag[endre | endre wikiteksten]

  • Dei to største bedriftene er Saab Automobile och Volvo Aero, saman har dei drygt 10 000 tilsette.
  • Filmindustri er ei ny næring som veks fram i byen, spøkefullt kalla «Trollywood». Film i Väst lagar no om dagen halvparten av svenske langfilmar.

Byen forsyner ikkje berre den eigne kommunen med arbeid, nabokommunane er òg i høg grad avhengige av han. Heile regionen har om lag 200 000 innbyggjarar, medrekna alle kommunar som direkte eller indirekte er knytt til arbeidsmarknaden i Trollhättan.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Av di byen alltid har vore ein utprega industristad har han alltid vore sosialdemokratisk styrt.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

  • Trollhättan (44 046 innb.)
  • Sjuntorp (2 142 innb.)
  • Upphärad (593 innb.)
  • Velanda (563 innb.)
  • Väne-Åsaka (301 innb.)