Trollveggen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Trolltindane med Trollveggen i midten. Store Trolltind er det høgaste punktet langs ryggen.

Trollveggen er ein loddrett vegg i fjellmassivet Trolltindane i Romsdalen, nær Åndalsnes i Møre og Romsdal. Trollveggen er den høgaste vertikale fjellveggen i Europa med eit fall på 1100 meter på det meste. På det brattaste skyt toppen av fjellveggen 50 meter ut frå botn av veggen.

Bergarten av gneis og veggen består av store formasjonar av hjørnestykke, konkave tak og sprekksystem og i toppen ei rekkje tindar og spir langs toppen. Berget er forholdsvis laust og ofte fell det steinar ned den enorme fjellveggen. Ei rekkje steinras hausten 1998 endra fleire av klatrerutene.

Trollveggen er eit prestisjetung mål for fjellklatrarar og BASE-hopparar. I 1984 mista Carl Boenish, «faren» til basehopping, livet i Trollveggen, kort tid etter han sette verdsrekord for det høgate basehoppet nokon gong. Basehopping frå Trollveggen har vore ulovleg sidan 1986.

Klatrehistorie[endre | endre wikiteksten]

Trollveggen vart først klatra i 1965 av eit norsk og eit britisk lag samstundes. Det norske laget bestod av Ole Daniel Enersen, Leif Normann Petterson, Odd Eliassen og Jon Teigland, som nådde toppen ein dag før britane Tony Howard, John Amatt, Tony Nicholls, Bill Tweedale, som oppretta den mest populære klatreruta, Rimmonruta.

Første gong veggen vart klatra om vinteren var i mars 1974 då eit polsk lag brukte 13 dagar på å klatre Franskeruta. I 1979 vart veggen friklatra for første gong av dei lokale klatrarane Hans Christian Doseth og Ragnhild Amundsen.

I dag er det 14 ruter langs veggen, men fleire av desse vart øydelagd eller endra under raset i 1998.

BASE-hopping[endre | endre wikiteksten]

Trollveggen er ein kjend stad for basehopping og var ein av pioneerstadane for sporten i 1980-åra, før norske styresmakter gjorde det ulovleg 25. juli 1986. På denne tida var ikkje fallskjermutstyret tilpassa basehopping og mange av hopparane måtte finne utgangspunkt med prøve-og-feile-metoden. Dette gjorde at mange mista livet i løpet av kort tid. Redningsaksjonane var ofte umogelege med helikopter fordi og redningsmannskap måtte klatre veggen med stor fare for eige liv. Dei risikable redningsaksjonane var truleg delaktig i forbodet. Trass i forbodet er det framleis mange basehopparar som tar sjansen på store bøter og tap av utstyr for å hoppe utfor veggen, og i tida etter forbodet er det fleire som har mista livet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Trollveggen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]