Tromlingene

Koordinatar: 58°28′30″N 08°54′42″E / 58.47500°N 8.91167°E / 58.47500; 8.91167
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tromlingene
Geografi
Stad Sørlandet
Koordinatar 58°28′30″N 08°54′42″E / 58.47500°N 8.91167°E / 58.47500; 8.91167

Høgaste punkt 67 moh.
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Agder

Tromlingene er ei øygruppe utanfor Tromøy knytt saman av ein tombolo.

Tromlingene ligg i Arendal kommune i Agder, utanfor Tromøy, den største øya i fylket. Namnet kjem frå grunnordet Þruma. Þruma stammar kanskje av thramer som tyder «rand» eller «kant».

Her beitar sauer kvar sommar og floraen består hovudsakleg av snaue grassartar og einer. Lausmassane er sand og store mengder rullestein.

Tromlingene er ein del av Raet landskapsvernområde. Den austlege delen av Tromlingene er fuglereservat, medan den vestlege delen er naturreservat og vernet på grunn av sine verdifulle våtmarker.

Tromlingene står nemnd i fleire eldre tekstar, og det er 29 store og små gravrøyser her.

I 1207 stod eit slag her mellom birkebeinarane og baglarane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]