Trompetfuglar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Trompetfuglar


Gråvengtrompetfugl, Psophia crepitans
Gråvengtrompetfugl, Psophia crepitans

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Gruiformes
Familie: Psophiidae

Trompetfuglar er ein familie med ei slekt av tre artar med leveområde avgrensa til skogane i Orinocobassenget og Amazonasbassenget. Namnet trompetfuglar har dei fått av dei trompetstøtaktige kalleropa som hannfuglane gjer. Dei tre artane liknar tamhøner i storleik, dei måler 45 til 52 centimeter og veg frå 1.0 til 1,5 kilogram. Dei er runde i kroppsforma. Nebbet er kort og kraftig, hals og føter er lange. Hals med hovud er s-forma i samankropen haldning. Hovudet er lite, men augo er relativt store, noko som kan gje eit «godmodige» uttrykk. Fjørdrakta er mjuk, liknar pels eller fløyel på hovud og nakke. Fargene går hovudsakleg i svart, med iriserande lilla, grønt eller bronsefarge, særleg på vengdekkfjørene og nedre nakke. Dei sekundære og tertiære flygefjørene er kvite, grå, eller grønlege til svarte. Dei har òg hårliknande fjør som fell ned lengst bak på ryggen i same farge. Desse fargene gjev namn til dei tre artane.

Trompetfuglane er dårlege flygarar, men gode løparar, dei kan lett flykte frå hundar. Dei er òg i stand til å symje over elver. Dei nyttar mesteparten av dagen i støyande flokkar, somme tider på meir enn 100 individ samlast nede på skogbotnen. Dei beitar nedfallen frukt, ofte frukt som er slått ned av aper. Dei kan òg ete små mengder leddyr, blant anna maur og fluger, og dessutan nokre krypdyr og padder. På kvelden flyg dei opp i tre for å vagle 6 til 9 meter over bakken.

Reiret til trompetfuglar ligg i hole tre eller i krona på ein palme. Fuglane legg 2 til 5 egg med ujamnt, kvitt skal, i snitt veg egga ca. 76 gram. Hos kvitvengtrompetfugl og gråvengtrompetfugl kan grupper av vaksne gje omsorg for eit enkelt ungekull.

Artsliste[endre | endre wikiteksten]

Trompetfuglar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]

Slekt Psophia

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Holyoak, David; Colston, P. R. (2003). Trumpeters, in Perrins, Christopher: The Firefly Encyclopedia of Birds. Firefly Books, 213. ISBN 1-55297-777-3.
  • Archibald, George W. (1991). in Forshaw, Joseph: Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press, 98. ISBN 1-85391-186-0.
  • Hilty, Steven L.; Brown, William L. (1986). A Guide to the Birds of Colombia. Princeton University Press, 134. ISBN 0-691-08371-1. Retrieved on 2008-09-19.
  • Hilty, Steven L. (2003). Birds of Venezuela. Princeton University Press, 279–280. ISBN 0-691-09250-8. Retrieved on 2007-10-06.
  • Spruce, Richard; edited by Alfred Russel Wallace (1908). Notes of a Botanist on the Amazon & Andes vol. i. Macmillan, 340. Retrieved on 2008-09-15.
  • Meyer de Schauensee, Rodolphe (1970). A Guide to the Birds of South America. Livingston Publishing Co. ISBN 0-87098-027-0.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2013) (CSV), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/overview-august-2013/, henta 10. august 2014 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]