Tromsø 2018

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tromsø 2018 AS (samisk: Romsa 2018) var namnet på den organisasjonen som utarbeidde Tromsø sin søknad om Vinter-OL 2018, som vart planlagt arrangert i perioden 16. februar - 4. mars 2018. Tromsø kommune var initiativtakar til denne satsinga, som i starten arbeidde for Vinter-OL 2014. Då het organisasjonen Tromsø 2014. Tromsø 2014 fekk 6. januar 2004 eit vilkårsgjeve ja frå Idrettsstyret i NIF til å gå vidare med søknadsprosessen sin. I juni 2005 avgjorde Idrettsstyret at Tromsø ikkje skulle søkje for 2014.

Etter at Idrettsstyret i NIF i juni 2005 vedtok å ikkje gå inn for OL-søknad i 2014 bytte organisasjonen namn til Tromsø 2018, og formannskapet i Tromsø kommune vedtok 3. oktober 2005 at Tromsø skulle søkje om Vinter-OL 2018.[1]

I Noreg var det tre arrangørar som konkurrerte om vinter-OL – Tromsø, Trondheim og Lillehammer/Oslo. Den 30. mars 2007 vedtok Idrettsstyret ved NIF at Tromsø skulle bli norsk kandidat. Ved neste val av nytt idrettsstyre, innstilte valkomiteen på at alle dei som hadde røysta for Tromsø, skulle bli vraka.[2]

Norges idrettsforbund valde 6. oktober 2008 å trekkje OL-søknaden, sidan kvalitetssikringa frå Det Norske Veritas viste at kostnadene ved eit OL i Tromsø ville liggje på vel 19 milliardar kroner netto.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]