Tromsø Museum
| Tromsø Museum - Universitetsmuseet | |
|---|---|
| Fakta | |
| Koordinater: | Mal:Koord/vising/inline,title |
| Etablert: | 16. oktober 1872 |
| Direktør | Marit Anne Hauan |
| Vitjande: | 91 004 (2010) |
| Addresse: | Tromsø Museum - Universitetsmuseet Lars Thøringsvei 10 9037 Tromsø |
| Webside: | Tromsø Museum - Universitetsmuseet |
| Kart | |
Tromsø Museum (etablert i Tromsø 16. oktober 1872) er eit norsk museum. Dei tidlegaste tankane om eit museum for Nord-Noreg frå 1840 resulterte i den første utstillinga for Tromsø amt i 1870, og fast etablering for Tromsø stift to år seinare i leigde lokale og seinare i nybygg i Muségata (1894). Museet gjev ut Tidsskriftet Ottar (1954–), og det flytta til Folkeparken (1961).
Museet vart 1. januar 1976 ein del av Universitetet i Tromsø og fekk tilnamnet Universitetsmuseet. Sidan 1998 er museet med i «Museumsprosjektet» for utvikling av online-museum.
I 2005 har museet avdelingar for geologi, botanikk, zoologi, arkeologi, nyare kulturhistorie og samisk etnografi. Museet forvaltar i dag nordnorsk folkemusikksamling (leia av Ola Graff), Verdas nordlegaste arktisk-alpin botanisk hage (18 dekar), ei fotoutstilling på 50 000 objekt på internett, faste utstillingar som viser ein jordskjelvstasjon, arkeologi i Nord-Noreg, objekt frå nordnorske kyrkjer og to ulike samiske utstillingar, ei etnografisk og ei som skildrar dem moderne samiske (kultur)politiske rørsla. Museet har åtte tilsette og eigen butikk.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelde [endre]
- Bokmålswikipediaen