Tromsø kommune
| Tromsø kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 1902 |
| Fylke | Troms |
| Adm.senter | Tromsø |
| Areal | 2 566,3 km² |
| Folkemengd | 69 009 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2011-2015) | Jens Johan Hjort (H) |
| Målform | Nøytral |
| Nettstad | www.tromso.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Tromsø kommune på Commons | |
Tromsø (nordsamisk Romsa) er ein bykommune i Troms fylke. Han er den tredje største bykommunen i landet, og den sjuande etter folketalet. På 1800-talet var den vesle byen ofte besøkt av utanlandske handelsmenn og turistar, og dei var overraska over kultur, klesdrakt og språkkunnskapar mellom borgarskapet i byen, og kalla difor byen «Nordens Paris», eit utnamn som i dag ofte feilaktig knyttast til nattelivet i byen og det generelt høge aktivitetsnivået.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Det er funne spor etter busetting i området som er 9000 år gamle. Den første kyrkja vart bygd her i 1252, og blei den nordlegaste kyrkja i verda. Ho vart kalla Sancta Maria juxta paganos, eller «Sankta Maria blant heidningane». Frå om lag same tida stammar Skansen, som er ein skanse bygd i torv, som blei bygd for å verge området mot herjingane til russarane og karelarane.
Tromsø fekk bystatus og privilegium som kjøpstad i 1794, men på denne tida hadde byen eit innbyggjartal på rundt 80 menneske. På 1800-talet vart byen viktigare. Han vart bispesete i 1834 og fekk ein lærarskule og eit skipsverft i 1848. Tromsø Museum vart skipa i 1872 og Mack-bryggjeriet i 1877.
Ved slutten av hundreåret var byen blitt eit viktig handelssenter i nord, og var utgangspunktet for mange ekspedisjonar til Arktis, og polaroppdagarar som Roald Amundsen, Fridtjof Nansen og Umberto Nobile brukte byen som utgangspunkt. Nordlysobservatoriet vart grunnlagd i 1927.
Flyplassen blei opna for trafikk i 1964. Universitetet i Tromsø blei vedtatt oppretta i 1968 og opna i 1972. I 1998 flytta Norsk Polarinstitutt til Tromsø. Hausten 2005 opna nybygget til Hålogaland Teater.
Tromsø har aldri hatt jernbane. Tettstaden Tromsø er den tredje største byen i Europa utan ein jernbanestasjon, etter byane Łomża og Herten. Det finst riktignok ein Tromsø jernbanestasjon (3,48 moh.) i Tromsø, men dét er ikkje ein jernbanestasjon, det er ein utestad med jernbanetema.
Folketalsutvikling [endre]
Tromsø har vore den største kommunen i Troms i folketal sidan 1910-talet, då han passerte Trondenes kommune, med unntak av åra frå slutten av 1940-talet til kommunesamanslåinga i 1964, då Tromsøysund kommune var større.
Folketalsutvikling for noverande Tromsø kommune frå 1910:
| 1910[2] | 1920[3] | 1.12.1930[4] | 3.12.1946[4] | 1.1.1951[5][6][7][8] | 1.1.1961[5][6][7][8] | 1.1.1971[5] | 1.1.1981[5] | 1.1.1991[5] | 1.1.2001[5] | 1.1.2010[5] |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 16 543ab | 19 716ab | 21 756ab | 25 905ab | 27 218ab | 32 187ab | 39 145a | 46 454a | 51 328a | 60 086a | 67 305 |
- aTalet omfattar den sørlege delen av Reinøy, som var del av Tromsø kommune fram til 2008, då han vart overført til Karlsøy kommune. Dette området hadde då 50 innbyggjarar.
- b Talet omfattar Svensbyområdet, som var del av gamle Ullsfjord kommune, men ved kommunesamanslåinga i 1964 vart del av Lyngen kommune. Dette området hadde då 171 innbyggjarar. Talet omfattar òg den delen av gamle Hillesøy kommune som låg på Senja og Hekkingen, som ved kommunesamanslåinga i 1964 vart del av Lenvik kommune. Dette området hadde då 1159 innbyggjarar.
Politikk [endre]
Kommunestyret i Tromsø vedtok 19. oktober 2011 å innføre parlamentarisme som styringsmodell for kommunen. Tromsøs første byråd er eit fleirtallsbyråd utgått av Høgre, Framstegspartiet og Venstre, med til saman seks byrådar. Bystyret har 43 medlemmar. Øyvind Hilmarsen er byrådsleiar. [9] Kommunestyrevalet 2011:[10]
| Parti | Prosent | Røyster | Mandat i kommunestyret | Medlemmar av byrådet |
|||
|---|---|---|---|---|---|---|---|
| % | ± | totalt | ± | totalt | ± | ||
| Høgre | 36,0 | +24,4 | 12171 | 8910 | 16 | +11 | Øyvind Hilmarsen Anna Amdahl Fyhn Line Fusdahl |
| Arbeidarpartiet | 26,4 | -13,1 | 8910 | -2120 | 11 | -6 | |
| Framstegspartiet | 13,0 | -7,9 | 4381 | -1465 | 6 | -3 | Kristoffer Kanestrøm Brit Hege Alvarstein |
| Raudt | 7,2 | -0,8 | 2417 | 200 | 3 | -1 | |
| Sosialistisk Venstreparti | 5,7 | -1,6 | 1929 | -117 | 2 | -1 | |
| Venstre | 3,8 | -0,4 | 1291 | 119 | 2 | 0 | Jonas Stein Eilertsen |
| Kristeleg Folkeparti | 3,1 | -0,6 | 1042 | 3 | 1 | -1 | |
| Senterpartiet | 2,4 | -0,7 | 814 | -61 | 1 | 0 | |
| Miljøpartiet Dei Grøne | 1,8 | 1,1 | 595 | 399 | 1 | +1 | |
| Valdeltaking/Total | 64,8% | 33762 | 43 | 6 | |||
| Ordførar: Jens Johan Hjort (H) | Varaordførar: Anni Skogman (FrP) | ||||||
Tettstader [endre]
Venskapsbyar [endre]
Anna [endre]
Tromsøværingar [endre]
- Geir Jenssen, musikar
- Peter Wessel Zapffe, forfattar og filosof
- Lene Marlin, popartist
- Svein Berge og Torbjørn Brundtland som står bak gruppa Röyksopp
- Anneli Drecker og gruppa Bel Canto
Friluftsliv [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
Andre prosjekt [endre]
Fotnotar [endre]
- ↑ Kjelde: SSB
- ↑ "Hjemmehørende folkemengde Troms 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data, vitja 1. september 2010
- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 Folkemengd i Tromsø 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ 6,0 6,1 Folkemengd i Hillesøy 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ 7,0 7,1 Folkemengd i Tromsøysund 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ 8,0 8,1 Folkemengd i Ullsfjord 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ Byrådet i Tromsø http://www.tromso.kommune.no/byraadet.260818.no.html
- ↑ Valg 2011 - Tromsø i Troms
| Kommunar i Troms | ||
|---|---|---|
| Balsfjord · Bardu · Berg · Dyrøy · Gratangen · Harstad · Ibestad · Karlsøy · Kvæfjord · Kvænangen · Kåfjord · Lavangen · Lenvik · Lyngen · Målselv · Nordreisa · Salangen · Skjervøy · Skånland · Storfjord · Sørreisa · Torsken · Tranøy · Tromsø | ||
