Tromsøbrua
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Tromsøbrua | |
Tromsøbrua |
|
| Transporterer | |
|---|---|
| Lengste spenn | 80 m. |
| Total lengd | 1016 m. |
| Seglingshøgd | 38 m. |
| Opna | 1960 |
Tromsøbrua er ei bru som kryssar Tromsøysundet mellom Tromsdalen på fastlandet og Tromsø på Tromsøya. Brua var den første fritt frambygg-brua som vart bygd i Noreg.
Brua er av plassstyøpt dekkje i betong, med slanke pilarar i betong. «Fritt-fram-delen» vart støpt med tre meters seksjonar om gongen, på kvar side, til endane møttest. Brua har 58 spenn. Bygginga skjedde mellom 1958 og 1960 og ho er no ein del av riksveg 862.
Tromsøbrua er foreslege verna i Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner[1], og var i 2007 mellom 41 bruer og bygningar i verneplanen som vart innstilde til vern av Riksantikvaren.[2]
Innhaldsliste |
Sjå òg [endre]
Referansar [endre]
- ↑ Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner (sjå eige avsnitt om Tromsøbrua)
- ↑ Riksantikvaren: Varsel om fredning av byggverk (broer) i Statens vegvesens eie (3. september 2007)
Andre nettstader [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Tromsøbrua» frå Wikipedia på bokmål, den 9. april 2008.