Tromsøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tromsøya (samisk: Romssasuolu) er ei øy i sundet mellom fastlandet og Kvaløya i Tromsø kommune i Troms fylke. Tromsø sentrum ligg aust på øya, og store delar av folkesetnaden i byen bur spreidd kringom på øya. Tromsø lufthamn Langnes ligg på vestsida, og øya er knytt til Tromsdalen på fastlandet med Tromsøbrua og Tromsøysundtunnelen og til Kvaløya med Sandnessundbrua.

Øya er på 22,39 km² og kring 30 000 personar bur der. Heile øya er kring 10 km lang frå nord til sør. Høgaste punkt er Varden, 159 m.o.h, nord på øya. Midt oppe på øya ligg innsjøen Prestvatnet, som vart demma opp i 1867. Det er område med skog langs høgdedraget som går i nord-sørretning. Både Universitetet i Tromsø, Universitetssykehuset Nord-Norge og Tromsø Museum har tilhald på den austlege delen av øya.

Tromsøya

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]